Kultur

Dansar mot korrupsjon

– Via Katlehong er ei rørsle som har redda framtida for mange. Eg er ein av dei, seier Buru Mohalabane.

– Det låg døde kroppar langs skulevegen min, seier Buru.

Buru vaks opp i Katlehong, ein township utanfor Johannesburg i Sør-Afrika kor vald prega kvardagen.

– Katlehong var delt i to på denne tida. Jernbaneskinnene skilde folk frå Zulu- og Xhosa-stammen. Dei slåst og drap kvarandre på veg til jobb, seier han.

For å halde den unge generasjonen vekke frå valden, starta fire dansarar dansekollektivet Via Katlehong i 1992. Mohalabane vart med i 1994 og har dansa for dei sidan den gong.

No er Buru prosjektleiar for danseoppsettinga Via Kanana som går på Dansens hus i Oslo helga 25.-27. januar. Namnet er henta frå bibelen (Kanan, det lovde landet).

Korrupsjon

Katlehong tyder suksess. Vi vart lova suksess av politikarane, men slik gjekk det ikkje på grunn av omfattande korrupsjon. Difor har vi laga ei oppsetting om korrupsjonen som øydelegg for alle.

– Kvifor vil de vise ei oppsetting om sørafrikansk korrupsjon i Norge?

– Vi vil sende eit bodskap om at korrupsjon påverkar alle i heile verda. Så vil vi vise at vi er sterke nok til å seie at nok er nok, ikkje meir korrupsjon!

Gatedans

Dansekompaniet er kjende for å blande sørafrikanske stilartar med samtidsdans. Dei sentrale sjangrane er pantsula og gumboots. Pantsula oppstod som ein rebelsk livsstil i sørafrikanske townships på 1950-talet som ein respons på det undertrykkande apartheid-regimet. Dansen ber preg av ei synkopert danseform med raske trinn. Gumboots kjem frå gruvearbeidarar som ikkje fekk lov å snakke, men berre kommunisere med bjøller som hang på støvlane. Arbeidarane utvikla ein trinn som berre dei forstod, og som parodierte offiserane og vaktene.

I dag er desse stilartane framleis populære i Katlehong.

– Dansen vår kjem rett frå gata. Pantsula og gumboots blir ikkje teke seriøst sidan dei ikkje har plass i den akademiske verda i dag. Vi vil bygge eit profesjonelt senter for denne typen dans i framtida.

Via Kanana er eit skritt på vegen mot den profesjonelle scena. Oppsettinga er koreografert av den anerkjende samtidsdanskoreografen Gregory Maqoma.

– Vi er gatesmarte dansarar som møter den etablerte samtidsdansen. Gregory har ikkje forandra oss, men krydra oss, seier Buru.

LES OGSÅ: Dei fleste ballettkompania er kvite

Rett frå sommar

Inne på Dansens hus er det prøvespeling før syninga. Nyfikne folk stoppar opp og legg hendene mellom hovud og vindauge for å sjå inn. Dansarane ler og tykkjer dei har kome til eit merkeleg land.

– Sjå! Ein mann med ski! roper dansaren Boitumelo Tshupa.

– Det er første gong vi er i Norge, det er veldig kaldt her, seier ho.

Dansing har vore ein del av livet deira frå før dei vart fødde. No lev dei av det.

– Vi dansar mykje i Sør-Afrika. Eg starta i magen til mor mi. Ho dansa viss eg var uroleg. Dansing er alt for meg, seier Andile Nhlapo, som har hovudrolla i oppsettinga.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur