Å skrive nynorsk er vanskeleg. Spør elevar på ungdomsskolen eller vidaregåande, og sjansen er stor for at dei vil okke seg over urettferda ved at dei må meistre både eit hovudmål og eit sidemål i norsk. Bør vi da ha mindre sidemål i den norske skolen?
Ja, meiner kunnskapsministeren.
Styrking av sidemål?
Denne veka la regjeringa fram nye læreplanar som vil trå i kraft neste skoleår. Dette vil vere dei største endringane i den norske skolen sidan 2006, og det er mykje å juble for, ikkje minst at styremaktene viser handlekraft når det kjem til skolen vår. Men så er det sidemål da. Og med sidemål, så meiner vi alle saman nynorsk.
Regjeringa fjernar halvårsvurderinga med karakter i sidemål i 8. og 9. klasse, og på vg 1 og vg 2. I tillegg skal det vere lågare krav til sidemålskompetansen i sluttvurderinga.
Til VG seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) at den nye læreplanen er ei styrking av sidemålet.
LES MER: Religionslærerne roser ny læreplan
Naturleg og unaturleg
Og det er no dette blir vanskeleg. Ikkje for Sanner, for han verker trygg i si sak. Det er ikkje så vanskeleg for Noregs Mållag heller. Dei verker også trygg i si sak.
Men det er vanskeleg for meg.
Eg skreiv nynorsk da eg gjekk på barneskolen i Fræna i ytre Romsdal. Det var heilt naturleg. Både fordi det låg tett opptil talemålet mitt, og fordi ingen sa det var unaturleg. Men da eg begynte på ungdomsskolen begynte eg å skrive bokmål. Det var overalt i bøkene og avisene eg las. Dialektane eg høyrte på radio og tv låg tett på bokmål. Oslo var kult, Fræna var ukult.
Det stakk ikkje så mykje djupare enn det.
Dårleg i nynorsk
Først da eg gjekk på universitetet slo det meg at, jo, det stikk mykje djupare enn det. Da begynte eg å skrive nynorsk igjen. Og eg oppdaga at det kravde mykje meir av meg enn å skrive bokmål. Framleis er det slik at eg får fleire feil, og stadig må eg slå opp ord som eg høyrer på bokmål, men som eg ikkje veit korleis blir skrive på nynorsk.
Eit hòl i min kunnskap? Absolutt! Eg skulle gjerne meistra mitt eige talemål betre enn eg gjer no.
Kvifor har eg hamna her?
LEST DENNE? Kva er årets beste bok? Køyr debatt! Eller sit heilt stille og hald kjeft, slik Brageprisen gjer
Finn en feil!
Mykje av svaret på det finn eg hos meg sjølv. Eg vil ikkje gå i den klassiske nynorskfella og klage over at det er for lite nynorsk rundt meg. Går eg ned den vegen, klagar eg snart over at det for lite nynorsk i nettbanken min òg.
Eg har inga løysing på korleis gjere nynorsk lettare for folk flest å bruke. Det har ikkje regjeringa heller. Dei har lytta til den stadige klaginga over at sidemål er vanskeleg, og har handla deretter. Noko liknande ville nok ikkje skjedd i matematikk, historie, engelsk eller noko anna fag.
Framover vil nynorsk vere like vanskeleg som før. Eg vil gjere det regjeringa og kunnskapsministeren ikkje tør seie til alle som klagar: Jobbe hardare for å lære meg mitt eige skriftmål.
Om du trur eg hoverer: Les om igjen denne teksten og send meg ein mail med alle feila du finn.
LES OGSÅ: Da barnebarnet døde, sa Tua Forsström til seg selv at hun aldri skulle skrive igjen