Bøker

Forsøk på å unngå det ugjennomtrengelege

Det finst knapt spor av tru eller religion i Hjemlandet og andre fortellinger, redigert av kronprinsesse Mette-Marit og Geir Gulliksen. Men vi er heldige som har ei kronprinsesse som tør å sette ord på det forfattarane knapt tør røre ved.

Kva vil det seie å vere norsk i dag? Det er det enkle, men mektige, spørsmålet som boka Hjemlandet og andre fortellinger prøver å svare på. Skal vi tru det 267 siders lange svaret, så har det ingenting som helst med religion å gjere.

Kongelege føringar

Vigdis Hjorth, Karl Ove Knausgård, Dag Solstad, Helga Flatland, Siri Hustvedt, og fleire har skrive heilt nye tekstar som prøver å grave i kva som definerer det norske. Men aller mest verkar det som dei har klødd seg i hovudet: Korleis skrive ein tekst som Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit skal redigere?

Sjølvsagt er det problematisk med samanblandinga mellom kongehuset og kulturlivet. Kven kan seie nei til å få bli med på ein slik happening som kronprinsessa garanterer? Seier du nei, er du gløymt. Seier du ja, er du i det gode selskap. Det i seg sjølv legg føringar. Og det verker som dette problemet har heimsøkt forfattarane som er med i Hjemlandet.

LES MER: Ingen skrev om tro i Mette-Marit bok

Modig ambassadør

Som ambassadør for norsk litteratur i utlandet, er det naturleg at kronprinsessa redigerer ei bok som dette. Og eg synes ho har komme godt ut av det. Forordet, som er ein slags redigert samtale mellom henne og medredaktør Geir Gulliksen, er ei glede å lese med tanke på at dette er ord frå eit europeisk kongehus. Kronprinsessa viser seg ikkje berre som ein god lesar, men som ein modig ambassadør.

Kven i alle dagar kunne komme unna med i å seie noko slikt som dette: «Jeg har alltid tenkt på det norske, at alt det lyse i meg er det norske.»

Og når Gulliksen seier at han alltid har følt seg innestengt i Noreg, svarar kronprinsessa med å kort fortelje om oppveksten. I løpet av nokre få setningar sett ho ord på noko som dei andre tekstane ikkje heilt greier: «Jeg tenker at friheten jeg vokste opp med, har vært verdifull for hvordan jeg ser på meg selv, og ikke minst hva slags blikk jeg har på andre. Det er noe av det fine for meg med det norske.»

Det er ord som presist seier noko om kva det vil seie å vere norsk i dag.

Solstad slår tilbake

Nokre av dei betre kapitla i boka nærmar seg dette. Ole Robert Sunde har ein nydeleg tekst om snublesteinane som er lagd ned i bakken i Oslo for å minnast jødane som vart fanga og sendt til konsentrasjonsleirar. Han skriv om korleis han børstar bort snøen på fortauet og viser eit ungt par at der står namna til menneske som vart sendt i døden av nordmenn. Det er sterkt og rørande.

Vigdis Hjorth har ei novelle som heiter «Kroppsspråk», der ho greier å sette ord på både kroppsleg ubehag og vellyst. Novella greier å både kommentere konteksten den står i, samt handle om noko meir.

Og det er vanskeleg å komme utanom Dag Solstads bidrag, som er eit paradoks i seg sjølv. Finst det ein forfattar i dag som i større grad har utforska kva det vil seie å vere norsk sidan krigen? Truleg ikkje, og det er gledeleg å sjå den revolusjonære forfattaren smelle til i ei bok som denne:

«Kravet til å bli underholdt ligger under alt vi foretar oss. Komfort blir alle tings målestokk. Det fører faktisk til et nasjonalt selvskadeprosjekt.»

På knappe sytten sider viser Solstad kvifor han nok er ein av våre beste artikkelforfattarar òg.

Ikkje gode nok svar

Men Hjemlandet og andre fortellinger gir ikkje gode nok svar på kva det vil seie å vere norsk i dag. Til det er forfattarane for opptatt av å ikkje svare på oppgåva dei har fått. Verken religion eller klimakrise finn du her. Ein kan spørje seg kvifor. Er forfattarane så sekulariserte at tru ikkje har plass når dei skal skrive om det norske? Har religionen forsvunne ut kjøkkendøra i norsk litteratur det siste hundreåret?

Det du i staden finn, er ei kronprinsesse som tør å stå med det eine beinet i eit spennande litterært prosjekt, og det andre beinet godt planta i kongehuset. Det er ein spagat ho kjem godt ut av.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker