Bøker

Kapteinens vers

Inger Elisabeth Hansens nye diktsamling er lasta med sjøfart, klassespørsmål og krig. Båten ber, men siglar tungt.

Inger Elisabeth Hansen gjer i poesien det Jon Michelet gjorde i prosaen: Ho løftar fram krigssiglarane. Dei innleiande dikta i Hansens ferske diktsamling Krysninger/Konvoi er så tettpakka av andre verdskrig-dramatikk at eg kjenner pulsen stig mens eg les. Kapteinen på M.S. Bonde, som går klar av synkeminer og bomber, er Hansens eigen far, Christian August Hansen. Når skuta til slutt blir senka av tyskarane, er han mirakuløst nok gått i land i New York.

Kapteinen overlever, og blir nokre år seinare far til Inger Elisabeth (fødd 1950).

Risiko

«Dikt og dokumentariske fabler» står det som undertittel på diktsamlinga som er tileigna Kaptein Christian August Hansen. Dikta tek utgangspunkt i notat og dokumentarisk stoff som låg att etter faren som døydde i 1998.

Inger Elisabeth Hansen tek ein risiko ved å bruke dette stoffet i sitt poetiske arbeid. Ho er rekna som ein av dei fremste poetane vi har, fekk Brageprisen og var nominert til Nordisk råds litteraturpris for Trask, forflytninger i tidas skitne fylde (2003) og fekk Kritikerprisen for Å resirkulere lengselen, avrenning foregår (2015). Begge desse samlingane er blant dei beste som er gitt ut i Noreg på 2000-talet.

Tungt lasta

Krysninger/Konvoi er også sterk, om dikta ikkje er like jamne. Innimellom lastar Hansen det poetiske språket i overkant tungt, som her: «fra Vancouver til Vladivostok med korn, krysse Javasjøen, Sundastredet, / legge vandreganger med rekkverk over kopralasta, holde likevekta / over det Indiske Hav, Rødehavet, Middelhavet, over Biscaya via Skagen / til Aarhus, til Peter Meyers Oljemølle med kopra så rikt på kalium, / alt som kan tenkes lagd av en kokosnøtt ...» Vekta av det dokumentariske er dristig.

Samtidig er samlinga også spekka av språkleg kvalitet, som biletet av kakesmulane i posen, ei «feil krysning av klasser»: Smulane er framleis kake, sjølv om dei er smular. Som det heiter i diktet: «ingen kan kaste smaken av kake»

Vakker

Det er ingen tvil i at Inger Elisabeth Hansen har hatt eit spennande dokumentarisk stoff å dikte på, og det finst også ein rørande impuls i desse dikta tileigna «min gode far», som inkluderer kryssande spørsmål av klassereise, identitet, eventyrlyst og krigshistorie. Krysninger/Konvoi er såleis blitt ei både vakker og tankevekkande diktsamling, som innimellom ligg faretruande djupt i sjøen.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Bøker