Alt vi ikkje visste om barnebøker

Kristin Ørjasæter femner mykje i boka Barne- og ungdomslitteratur. Møtet med lesaren. Men med klår inndeling, gode utval og konsise formuleringar blir boka beint fram lett å lesa.

Barnelitteratur: Gjennom den djupe forankringa i historia set Kristin Ørjasæter oss i stand til betre å forstå framvoksteren av forfattarar som Maria Gripe og Astrid Lindgren, meiner vår meldar. Foto: Bodil Marie Stavning Thomsen
Publisert Sist oppdatert

Som direktør for Norsk barnebokinstitutt har Kristin Ørjasæter undervist om barne- og ­ungdomslitteratur i fleire år, både der og andre stader. Ho veit kva for spørsmål folk stiller seg: Kva er litteratur for små barn? Kva er skilnaden på litteratur for vaksne og ungdom? Kva er godt, og kvifor? No auser ho av sitt gode overblikk til glede for alle interesserte.

Barnelitteratur er eit nokså ungt fenomen.­ Jamvel om der finst røter heilt attende til 1700-talet, var det ikkje før på 1900-talet – og då helst mot siste halvdelen – at han verkeleg­ blei frodig som eigen sjanger. Og forskinga på feltet er endå yngre. Likefullt er det svært ­interessant at Ørjasæter ser heilt attende til dei tidlege døma på litteratur for born, og syner oss korleis dei var farga av rådande ideologiar. Som til dømes korleis barnelitteraturen på 1700-­talet skulle demonstrere ideane om autonomi og humanisme slik at borna kunne utvikle seg til ansvarlege borgarar.

Revolusjon av sinnet

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP