Neste veke kjem domsseiinga i rettssaka mot den fransk-svenske «kulturprofilen» Jean-Claude Arnault. Han risikerer tre års fengsel for dei to tilfella av valdtekt han er tiltalt for.
Mannen som no sit varetektsfengsla og ventar på dommen, er som kjent sentral i skandalen som har ramma Svenska Akademien. I fjor haust skreiv den svenske avisa Dagens Nyheter om 18 kvinner som meinte dei hadde blitt utsett for overgrep og trakassering av Katarina Frostensons ektemann. Dette kom i tillegg til lekkasjar om nobelprisvinnarar og uryddige eigarstrukturar i Arnaults kulturscene i Stockholm.
Saka førte til splitting, handlingslamming og tapt truverde for Svenska Akademien. Dessverre verkar det som om Akademien ikkje har innsett det fulle alvoret, men reknar med å kunne ri stormen av. Der dei sårt hadde trengt å vise større openheit, har dei i staden vald å legge endå eit lokk over si eiga heksegryte, med forsterka lojalitetskrav og innskjerpa teieplikt. Uavhengig av utfallet i saka mot Arnault, er skadeomfanget for Svenska Akademien så stort at det vil ta årevis å reparere.
Samtidig med denne rettssaka går framleis debatten om rettsvernet for kvinner som blir utsette for valdtekt, om rettsvernet mot lynsjestemning i sosiale medier og om plattformtilgangen til overgrepsklaga personar som er frikjente i retten.
I Sverige risikerer medieprofilen Cissi Wallin no tiltale for ærekrenking, etter at ho på Instagram namnga ein kjent Aftonbladet-kommentator som valdtektsmann. Mannen blei for nokre år sidan meldt for valdtekt, men saka blei bortlagd.
I USA blei den tidlegare TV-komikaren Bill Cosby (81) tysdag dømt til mellom tre og ti års fengsel for valdtekt av ei kvinne. Samtidig er Cosby blitt klaga for valdtekt av rundt 60 andre kvinner der politiet ikkje har innleidd etterforsking, mellom anna sidan sakene er forelda.
Denne veka kom også meldinga om at redaktør Ian Buruma i New York Review of Books går av etter å ha publisert eit essay av den kanadiske TV-personlegdomen Jian Ghomeshi, som blei frifunnen i retten for seksuell trakassering og overgrep mot ei rekke kvinner. Så kraftfulle var altså reaksjonane på essayet, «Reflections from a hashtag», mellom andre frå ei av kvinnene som meldte Ghomeshi for valdtekt.
I etterkant av metoo-kampanjen er terrenget endra på fleire felt i samfunnet. Det er i hovudsak til det positive – tålegrensa for utilbørleg oppførsel bør vere låg. Prinsippa om rettstryggleik og ytringsfridom må ligge til grunn for vegen vidare.
Etter metoo ser vi også framveksten av ein litteratur, både skjønnlitteratur og sakprosa, som fortel sterke historier om overgrep. Anne Bitsch skriv i Brev til en ufødt datter om si personlege erfaring av å bli utsett for overgrep – og korleis ein kan reise seg igjen. I antologien Det skjer nå. Fortellinger fra en feministisk revolusjon skriv Ida Jackson om korleis ho blei valdteken som 14-åring, og trauma ei slik erfaring skaper.
Fleire aktuelle romanar tek også for seg tematikken. Kathrine Nedrejords Forvandlinga handlar om å vende tilbake til det vanlege livet etter å ha opplevd overfallsvaldtekt. Maria Kjos Fonn skriv i den kritikarroste Kinderwhore om ei jente som blir utsett for overgrep. I Ingegerd Henriksens I min fars hus er det jenta sjølv, ein femåring, som fortel om overgrepa ho blir utsett for.
Bøker som tematiserer slike erfaringar, er viktige. Å sette ord på det vonde, er både å ta makta tilbake og hjelpe andre til å forstå.