Full fart mot dommedag

I Neil Gaiman og Terry Pratchetts kultklassikar Gode varsler, som no er omsett til norsk, blir Anti-Krist forveksla på føde­klinikken. Derfrå går handlinga i eit rasande tempo.

Blir TV-serie: Michael Sheen og David Tennant (til høgre) spelar i ein kommande TV-serie bygd på Neil Gaiman og Terry Pratchetts bok Gode varsler. Her frå filminga i St James’s Park i London.
Publisert Sist oppdatert

Som mange andre gode forteljingar startar kultklassikaren Gode varsler i Eden. Korkje engelen Azirafael eller demonen og slangen Crowley er heilt imponert over det som skjedde då menneska vart kasta ut frå paradiset. Samtalen mellom dei to representantane for det gode og det vonde held fram gjennom menneskeslektas historie. Trass i ulike livssyn og arbeidsgjevarar har dei etter kvart blitt vener.

Etter mykje strev og lang planlegging har dei vonde maktene greidd å få Anti-Krist fødd, han som skal setje i verk undergang og dommedag. Problemet er berre at han dei trur det er, ikkje viser teikn på å vere skikkeleg vond eller god. Det har skjedd ei forveksling på fødeklinikken. Adam veks derfor opp som ein heilt vanleg engelsk gut.

Mørke smug

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP