Røyndomslitteratur på ein ny level
Ansiktsuttrykk, kroppsspråk og talens openheit skil menneska frå maskinane. Men blir vi betre menneske om vi kan avlese alt dette på ein eintydig måte?
Hovudpersonen Sven Borg arbeider intenst saman med SAM, ein dataprojeksjon av han sjølv på ein skjerm. Bår Stenviks framtidsroman drøftar om den komplekse kommunikasjonen mellom menneske kan bli til enkel informasjon.
Skjermdump
Det er ikkje lett å bestemme seg for kva som skal vere årets påskelektyre. Mange ønsker seg ei bok som er spennande, velskrive og som gir nye innsikter. Dagens gode nyheit er at Bår Stenvik har skrive ei bok som gjer at du slepp å velje bort noko av dette.
Romanen Informasjonen er både meir spenningsfylt og velfortalt enn dei fleste krimbøker. Samtidig peikar boka på sentrale spørsmål akkurat no, i 2018. Det dreier seg ikkje om mindre enn spørsmål som: Kva er identitet, kva er sanning og korleis bli eit betre menneske?
Sjarmen med skjermen
Bestill abonnement her
KJØP