Biskopen som gjekk i front for nynorsken

Han stod bak Bibelen, salmeboka og den 
kyrkjelege liturgien på nynorsk. 150 år etter ­fødselen må Peter Hognestad få den plassen i historia som han fortener.

SPRÅKREISING: Peter Hognestad var ein uhorveleg viktig person i den nynorske språkreisinga, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo. Portrettet av Peter Hognestad er måla av Frida Rusti i 1931.

Når tidenes jærbu skal kårast, er det kanskje Arne Garborg som ligg best an. Forfattaren og redaktøren frå Time kommune på Jæren konkurrerer ut både Janove Ottesen i Kaizer Orchestra og bilethoggaren Fritz Røed. Det finst likevel ein annan kandidat frå Time som Garborg ein gong skreiv til og sa: «Du gjer her meir gagn enn alle me andre.» Mannen var Peter Hognestad, bondesonen som seinare skulle bli biskop i Bjørgvin.

Hognestad, som var biskop frå 1916 til 1931, har på mange måtar stått i skuggen av Garborg, slik han også har stått i skuggen av Anders Hovden og Elias Blix. Han var ikkje ein like stor diktar som desse. Like fullt er det han som har omsett ein av dei vakraste julesongane eg veit om, «Det hev ei rose sprunge», til norsk. Også «Fager kveldssol smiler» er omsett av Hognestad, til sams med fleire andre salmar i salmeboka.

LES OGSÅ: Edda er litteratur for vår eiga tid

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP