– Biblioteket må vere eit ope rom

POLITIKK: Bibliotektilsette skal sleppe å angi flyktningar og papirlause. Det er no klart etter lang tids heftig debatt. – At det låg i potten, er skremmande, seier Helene Voldner, leiar for Norsk Bibliotekforening.

Helene Voldner, leder Norsk bibliotekforening
FARLEG: – Biblioteket er det eine frirommet vi har igjen i samfunnet i dag. Så når det også blir trua, er det farleg, seier Helene Voldner, leiar av Norsk bibliotekforening.
Publisert Sist oppdatert

I lang tid har svenske bibliotekarar engasjert seg mot innføring av informasjonsplikt som vil gjere ei rekke statstilsette pliktige til å melde ifrå til styresmaktene om papirlause personar som oppheld seg ulovleg i landet. Punktet i den svenske regjeringsplattforma, som blei framforhandla av partia Moderaterna, Liberalerna, Kristdemokraterna og Sverigedemokraterna i 2022, har møtt heftig kritikk både av opposisjonspolitikarar og frå ulike bransjar, inkludert bibliotekarar.

– Det er mange bibliotekarar som har sagt at dei sluttar viss dette blir ei lov. Dei ville ikkje kunne halde fram med å jobbe dersom dette blir gjennomført, seier Richard Andersson til svenske Biblioteksbladet.

Andersson er ein av grunnleggarane av det svenske nettverket «Biblioteket anger inte». Dette nettverket følgde i kjølvatnet av ei landsomfattande rørsle av helsearbeidarar som uttrykte sterk motstand mot å registrere papirlause pasientar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP