Kultur

«Av og til vil eg berre lesa høgt for dei, utan noko meir snakk»

Barn og unge les mindre. Og i liten grad av lyst. Er skjønnlitteraturen blitt ein rein skuleaktivitet? spør forfattar Bjørn Sortland.

Av Bjørn Sortland, forfattar og professor ved Barnebokinstituttet

I 28 år har mykje av ­forfattarlivet mitt bestått av å vera på vegen med opplegg i alle sjangrar: klasse­besøk, ­foredrag og seminar, ­skrivekurs for elevar, lærarar, bibliotekarar og ­foreldre. Forfattarar som skriv skjønnl­itteratur for barn og unge, ­reiser generelt mykje, vi ­ønskjer alle å formidla litteratur og leselyst. Vi ­kjenner såleis nesten på ­kroppen ­korleis barn og unge tar imot ­litteraturen. Gjennom dei første tiåra av 2000-talet har ei uro sakte ­vakse i meg. Eg ser korleis skrivinga og ­lesinga har endra seg.

###

8,5 bøker i året

Eg har erfart det sjølv, og samtalar med lærarar, ­bibliotekarar og foreldre stadfestar det: Barn og unge les mindre, dei har ofte få referansar til skjønnlitterære bøker. Ei nyleg publisert undersøking frå Handelshøyskolen BI viser at vi i Noreg les 40 prosent færre bøker enn det bokbransjen seier: Nordmenn les 8,5 bøker i året, ikkje 13,6 bøker som Forleggerforeningen påstår. Kanskje er snittet endå lågare om vi berre ser på kor mykje elevane les. Og boksalet daler. Kva har skjedd?

LES OGSÅ– Man kan ikke tvinge frem lystlesing

2007. I juli 2007 kom den siste boka i Harry Potter-serien ut. På papir. Det var ein stor, global lesefest for både unge og eldre, folk låg i kø, enkelte familiar kjøpte fleire ­eksemplar for at alle i familien skulle få lesa boka med ein gong. Harry Potter og dødstalismanene slo der og då fast at boka er konge, totalt er det selt ein halv milliard Potter-bøker. Få var akutt bekymra for boklesinga.

I september 2007 kom det også eit ut eit avsluttande kapittel i ein trilogi som utruleg mange unge og vaksne venta på med stort ­begjær: Halo-­serien til Xbox kom ut med Halo 3. Spelet var ei etterlengta ­fiksjonsforteljing, med ei ­omfattande bakgrunnshistorie, ei mengde ­karakterar, eit unikt litterært ­univers – ­akkurat som i ei bok. På lanseringdatoen var det fleire unge som skulka skulen for å spela. Halo 3 omsette for om lag tre milliardar kroner den første veka, ei storhending i gamer-verda. Men: Eg har enno til gode å treffa ein lærar eller forelder som veit kva Halo 3 er, og endå mindre kva hovudpersonen i serien heiter.

LES OGSÅ: Krever egen skolebiblioteklov

Potter- og Halo-universet var to store hendingar, men der skulen ­truleg ville ha smilt mildt til barn som låg utanfor bokhandelen og ­venta på den siste Harry Potter-­boka, ville skulen nok ikkje ha gjort det ­dersom dei same barna låg utanfor Platekompaniet og venta på Xbox-spelet. I januar 2007 vart også den første iPhonen lansert. Han tok Nokia på senga, og vart raskt ein k­revjande ­kosebamse vi alle omfamna. No ­kunne vi lesa og lytta, spela spel, sjå film og TV-seriar kor og når som helst, pluss alt mogleg anna. Smartphonen (berre ordet!) gjorde at vi kollektivt fekk ei tru på at alle kan gå rundt med all verdas kunnskap i lomma. Den vesle ­skjermen er framleis ein ­heftig ­konkurrent til fritid, familie, jobb, sosialt samvær og samliv – og den skjønnlitterære boka.

Mindre mental kondis

­Iphonen åleine kan ikkje få skulda for alt ­elendet i verda, heller ikkje når det gjeld ukonsentrert og ufokusert ­lesing. Men den mentale kondisen vår ser ut til å vera svekt når det gjeld å lesa lengre tekstar; både lærarar og forfattarar fortel at dei les mindre ­bøker enn før. Eg verken kan eller skal varsla om at boka er død, men vi står likevel midt i eit stort skifte når det gjeld korleis barn og unge oppsøkjer og les fiksjon og fakta – og kva dei i det heile tatt opplever som relevant. Eg meiner å hugsa at direktøren i ­Netflix, Wilmot Reed Hastings, har sagt at barn og unge bruker ­mesteparten av tida si på spel (til dømes Fortnite) og YouTube – som Netflix no fryktar meir enn HBO. Vi vaksne må vera vakne og oppdaterte om kva barna er opptatt av, berre slik kan vi både møta og myndiggjera dei til å bli modne lesarar av alle slags tekstar.

«For meget rent mel i posen?» ­

Departement, ulike ­foreiningar, ­institutt, lesesenter, skular og ­mange gode krefter legg til rette for og ­jobbar for å få opp lesinga. Men blir det ­evaluert? Er det for ­instrumentelt? På skulebesøk opplever eg at dei fleste elevar no les svært tynne og lettlesne bøker på aksjonar og ­«lesekvart». Eldre elevar skriv særemne om dei same bøkene dei las på 5. ­trinnet. Og på fritida les nesten ingen. Eg har sjølv ofte ikkje vore på lag med skulen. Som barn var eg ein lesehest, men eg likte ikkje å gjera greie for lese­opplevinga mi. Til min døyande dag vil eg hevda at leseopplevinga er ­privat, og at ein skal gå varsamt fram for å hala ut av barn og unge kva dei meiner om ei bok.

Mange les heller ikkje lenger av lyst, dei les fordi opplegget på ­skulen rett og slett krev lesing. Er skjønn­litteraturen blitt ein rein skule­aktivitet? Er bildeboka og romanen likestilte med naturfagboka? Og kor gøy er det? For når boka – ja, sjølve leseopplevinga – skal dissekerast 
og systematiserast, sløkkjer det 
lysta for mange. Samtidig som vi forsøkjer å fremja leseglede, skal ­elevane altså svara på spørsmål både før og ­etter. Kva verkemiddel er brukte? Korleis er samanhengen mellom ord og ­bilde? Kva lærte du då du las boka? Og så vidare. Drep dei gode intensjonane sjølve gleda over litteraturen? Eg sleit sjølv med dette på skulen, for ­mange gutar kan desse greiene drepa all ­leselyst. Og kanskje for jenter også.

Vi er framleis styrte av eit ­imperativ om at det skal lærast og dannast. Det blir ofte snakka om dei ­teite 70-åra som var så politisk ­korrekte, men eg ser at mykje litteratur er like ­«oppdragande» no som før, ­berre med andre tema og vinklingar. ­Kanskje verkar det mot si hensikt? Knut Hamsun skal ha sagt noko sånt som at «det hadde jeg mot ham, han hadde for meget rent mel i posen». Ein lærar eg kjenner, som var lei av alle testar og skjema som skulle ­fyllast ut, seier det slik: «Av og til vil eg berre lesa høgt for dei, utan noko meir snakk.»

Ny fiksjon

Lesing og tekst endrar seg heile tida. Makta til den meir ­tradisjonelle publiseringsbransjen veiknar, også i bokverda. Trass i store barneboksuksessar la Kagge Forlag nyleg ned delar av barnebokavdelinga si. Notabenekjeda har gått konkurs for andre gong, og boksalet går altså ned.

Barn og ungdom har stor digital kompetanse og flyttar kjapt merksemda si frå det eine til det andre, dei lagar og finn sine eigne historier på nye kanalar – Instagram, Snapchat, YouTube, Reddit, TikTok, Adult Swim og mange, mange fleire som er totalt ukjende for dei fleste over 25 år. Og ikkje minst deler dei memes, som er ei form for korte meiningsytringar eller små forteljingar – avanserte og intelligente og ofte svært kryptiske for vaksne.

LES OGSÅ: Er det noko vi har gløymt når vi snakkar om at unge les mindre?

Mange av oss som lever i, av og med barne- og ­ungdomslitteraturen, må realitetsorientera oss og ta innover oss dette utvida tekstomgrepet, dei nye kanalane og narrative ­strukturane og det ukjende ­visuelle ­språket. Men: Eg har likevel ei sterk tru på boka som eit unikt og ­relevant ­medium. Eg meiner at det taktile og hand­faste er eit stort pluss, og eg trur at ei god bok ber med seg ei eine­ståande ro og ­leseglede. Kanskje må vi endå ein gong tenkja nytt, satsa langt meir på leseglede enn på ­analyse, innføra ­obligatorisk høgtlesing frå læraren, la ungane ­iPhone-filma ­scener frå boka, og med det fortelja vidare på eigne forteljingar på plattformer som ikkje er på skulen sin radar. Slik blir dei med å skapa sjølv også. ­Litteraturen har ein eigenverdi som er større enn berre å læra å lesa.

Biblioteket

Og i denne digitale ­verda ønskjer eg framfor alt å vera med og gi kred til læraren eller­ ­bibliotekaren som av og til berre vil lesa høgt, utan noko snakk. Ho veit sannsynlegvis også at boka ikkje ­automatisk har ein suveren og sjølvskriven plass, ho er ­sannsynlegvis sjølv ein lesar, og ho leitar fram bøker ho trur kan treffa unge. For ­biblioteket er også staden som les tida godt, og som utfyller samlinga med eit godt utval av filmar, spel, teikneserie­romanar og anna som er i tida. Skular som satsar på skule­biblioteket, ­skaper ­entusiasme og ­leselyst og ein stad der alle kan ­henga. Denne ­effekten finst det 
lærarar og ­bibliotekarar som har vett til å ­bruka; folkebiblioteket er framleis eit av dei viktigaste husa vi har i Noreg. Det var den høgt­lesande 
læraren min på barne­skulen og det lokale ­biblioteket som gav meg ­bokleg begjær og ­sinnsro – men aller mest gav dei meg rein leseglede. Når eg sjølv møter elevar, er det denne gleda eg vil dela.

(PS! Hovudpersonen i Halo 3 heiter Master Chief.)

Essay av 
Bjørn Sortland

kultur@vl.no

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur