Film

Truverdige dilemma

Emma Thompson briljerer i «En dommers dilemma», som byr på sterke refleksjonar om tru, lov og moral.

Den britiske teater- og filmregissøren Richard Eyre har lang erfaring med substansielle tematikkar på scena og det kvite lerretet. Ikkje minst har den tidlegare sjefen for det britiske ­Nasjonalteatret jobba mykje med Shakespeares og Ibsens dramatikk.

Viljen til å ta fatt på dei store spørsmåla har Eyre med seg inn i filmatiseringa av Ian McEwans roman Barneloven. Filmen har fått den norske tittelen En dommers dilemma, som gir eit kortfatta riss av kva filmen dreier seg om. Det er dei etiske, moralske og juridiske refleksjonane som står i høgsetet. Han virvlar opp fleire dilemma den dyktige høgsterettsdommaren Fiona Maye blir utsett for både i retten og på heimebane.

Skrantande ekteskap

Emma Thompson briljerer i hovudrolla som Fiona. I retten har Fiona full kontroll; det er tydeleg at ho er ein av Storbritannias fremste dommarar. På heimebane lever ho i eit skrantande ekteskap med mannen Jack (Stanley Tucci). Scenene som viser oss desse er effektive og avslørande – det er lenge sidan Fiona har forsvunne inn i jobben og forlate kjærleiken i dagleglivet. I botnen av det kjølna kjærleikslivet ligg også sorga over barna ho og Jack aldri fekk.

Sidesprang

Evna til å skilje arbeid og privatliv er frå starten av imponerande hjå den dyktige dommaren. Krisa på heimebana eskalerer når Jack seier at han ønskjer seg eit sidesprang – han vil vere ærleg mot henne og ikkje halde noko skjult. I denne opprivande situasjonen går Fiona kontant inn i ei vanskeleg sak i retten, der ho utan å mukke set skapet på plass før advokatane får sukk for seg.

Fiona er vand til å handsame vanskelege saker på liv og død, som når ho dømmer i ei sak om kor vidt eit sjukehus skal få operere eit par siamesiske tvillingar. Operasjonen vil mest truleg berge den eine tvillingen, men ta livet av den andre. Dei religiøse foreldra ønskjer ikkje å sette til doms over liv og død på denne måten, dei vil at naturen skal gå sin gang.

Jehovas vitne

Religiøs overtyding er også utgangspunktet for saka som er det store omdreiingspunktet i filmen. Den 17 år gamle Adam Henry (Fionn Whitehead), og foreldra hans, er medlem av Jehovas vitne. På religiøst grunnlag nektar han sjukehuset å gi han blodoverføring, men sidan han enno ikkje er myndig, kan retten gi sjukehuset mandat til å handle mot pasientens vilje. Dette er barne­lova, at barnets beste alltid skal ligge til grunn for denne typen avgjerder.

Fiona tek likevel ikkje lett på saka, og bestemmer seg – noko uvanleg – for å reise ut til sjuke­huset og snakke med Adam sjølv før ho feller dommen. Her møter ho ein reflektert ungdom som ho får sympati for. Tilbake i retten gir ho sjukehuset lov til å beskytte han mot si religiøse­ overbevising og berge livets hans ved blodoverføring.

Tett på livet

I etterkant av dette dilemmaet dukkar det opp nye, når Adam seinare er blitt frisk og oppsøker Fiona med ein ungdoms intensitet og fascinasjon. Filmen bikkar ­likevel aldri over i det spekulative, og får heller ikkje ei sterk religionskritisk slagside. I staden kjem vi tett inn på livet, og der blir vi haldne fast filmen ut, ikkje minst gjennom Emma Thompsons sterke skodespel. Særleg slutten er rørande.

En dommers dilemma gir oss stoff til ettertanke, og lukkast som få andre filmar i å reflektere nyansert og utfordrande rundt tru, lov og moral.

FLEIRE PREMIERER:

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film