Bøker

Troens litenhet

Casper André Lugg er ein markant poet i den yngre diktargenerasjonen. Dikta hans er ein stille konsentrasjon kring natur og sjel, jord og himmel – og med inspirasjon frå bibelsk tradisjon.

Rolf Jacobsen bad oss i eit dikt om å kome heim til «stillheten efterpå». Denne «stillheten» som den gamle meister skriv om og «som legger seg som en fugleunge mellem dine hender, din eneste venn», trur eg det kloke hovudet hans
ville ha nikka gjenkjennande til, om han kunne ha lese Casper André Luggs dikt.

Syn, tanke, ettertanke

For dette er dikt som ikkje ropar, som ikkje freistar å vere moterette eller merkverdige: Dei tvingar lesaren til å vere med inn i synets, tankens og ettertankens «stillhet».

Det store svaet er Luggs fjerde diktsamling. Eit sva er jo eit bart fjell- eller steinparti. Det kan vitne om ras eller gnuring, som til dømes i svaberg med skuringsstriper skapt i istida. Vi anar meir enn vi les om store rørsler i naturen, om død og katastrofe, men poeten står i dette «efterpå». Eller kanskje er det ein betre lesemåte å ta utgangspunkt i det eine av bokas to motto, den amerikanske poeten Jorie Grahams ord: «My mind ran everywhere and was completely still at the center.».

Tidsforståing

Eit av dei sterkaste dikta i den førre Lugg-samlinga, Nymånedagene (2016), fortel om ein skog der lyset så vidt slepper gjennom lauvverket og der «jord­stenglene kryper/ over føttene// blomstrer ved anklene». Lugg er i ein liknande skog i store delar av årets samling, der det er eit spørsmål både om kva som sildrar ned og kva som lettar opp gjennom lauvverket – mellom jord og himmel. Biletet med vekstane som gror kring føtene er endå meir opprørande. Ja, skal tru om dette ikkje er det sterkaste diktet i ei oppløftande god diktsamling: Det er eit slags surrealistisk bilete på den problematiske tid – eller kanskje vår tidsforståing. I alle fall står her eit dyr «ubevegelig/ under greinene// jeg ser hvordan barken/ låser seg/ rundt anklene// en kvist skyter ut fra kneet og hjertet (...)». Og vi set surklande spor etter oss «over åkeren// (jeg tenker for langsomt)// havet er her allerede».

Komande katastrofe?

Kva slags hav, nei, det får vi ikkje vita. Men det skjer stadig store endringar i utkanten av tida og/eller rommet i desse dikta. Eg les inn i diktet ei komande naturkatastrofe. Det er ein draumeaktig klang av både volvas og Johannes’ openberringar om ragnarok/undergang. Kanskje er det den varsla klimakatastrofen som slår inn her?

Ofte er det ein skarp overgang frå anslaget i første strofe til avslutningsstrofene. Ja, svært ofte står dei avsluttande strofene som sjølvstendige kortdikt.

Sjølvstendig røyst

Det er ein stor konsekvens i Casper André Luggs lyriske forfattarskap så langt, ei tydeleg line og ei ganske så sjølvstendig røyst heilt frå debutboka av. Den han minnar meg mest om i dagens norske lyrikk, er Steinar Opstad. Ikkje slik at han kopierer eller går inn på Opstads litterære beitemarker, men ved denne konsentrasjonen omkring nokre nære
naturbilete som intimt knyter seg til eit sjelelandskap. Ja, sjel er faktisk eit ord dagens poet tillet seg å bruka. Det var eit tabuord i norsk ettermodernisme, men no står det her att, reinsa frå alt litterært sladd.

Tiggaren

Det dei to har til felles er òg at bibelske motiv glid naturleg inn i denne sinn- og landskapsdiktinga. Lugg er nok endå meir varsam med å innføra ting og hendingar frå vår samtid i sitt poetiske univers, men vi les mellom anna om «den utflytende skriften// på kartongen/ ved tiggerens føtter» og «plaggene til uteliggeren».

Språket er neddempa, av­kvista. Lugg skriv slanke dikt som ikkje ruver. Stundom driv han språket heilt inn mot det aforismeaktige, som når han skriv: «uten språk/ kan du ikke tie». Truvedkjenningane er enkle, men sterktverkande. Slik avsluttar han samlinga: «(...) / troens litenhet // som den intense varmen / mellom skulderbladene // når jeg bærer deg / på ryggen»

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker