Bøker

Tove Nilsen er best i si skildring av ung sårbarheit

Som historisk framstilling av levd liv under krigsåra i Trondheim er er «Den eneste broren» heller mangelfull.

Den eneste broren er den erfarne forfattaren Tove Nilsens første historiske roman. Eller er det det den er? For som historisk framstilling av levd liv, akkurat i Trondheim, akkurat i dei første krigsåra, er skildringane underleg fargelause og ufokuserte, altså lite av det vi hugsar frå Nilsens skildringar av oppvekst blant skyskraparar på Bøler.

Årets roman kan med fordel bli lese som eit engasjert forsvar for at det stadig er nødvendig å fortelje historier og som ei spennande forteljing om korleis det, no som før, er å vere ein sårbar ung mann.

Tausheit i familien

Det heile startar med nokre fotografi i svart-kvitt av ein gut og ei stor tausheit. Det er bilda av den onkelen forteljaren aldri fekk møte. For Leif døydde då han flykta frå Trondheim i november 1942. Han var den einaste broren i ein søskenflokk på fire.

Dei tre gjenlevande søstrene besvarte hardnakka alle spørsmål om kven Leif var, med «samme taushet». Denne øyredøyvande tausheita betydde ikkje at Leif var gløymd. Tvert om. Liv, forteljarens mor, stod Leif nærmast og for ho var den fråverande alltid nærverande: «Hun bar ham med seg, ikke som minner, siden minner handler om noe avsluttet. For henne kunne han aldri avsluttes.»

Kva er sant?

Som åttiåring bryt Liv uventa tausheita og fortel at Leif flykta etter å ha vore med på ein sabotasjeaksjon. Vær det sant? Det kan ingen vite. Forteljaren har berre desse svart-kvitt-fotografia og nokre offisielle dokument å byggje sin versjon på. Det er eit utgangspunkt ho deler med fleire nyare romanar som er skrive i tradisjonen etter W.G. Sebald. Forteljaren opplever mors tausheit som eit imperativ: «Når ikke jeg kan fortelle, må du gjøre det.»

Mora er ei «storesøster så full av savn at hun ikke klarer å skrive ned så mye som en linje, men overfører behovet for skrift til neste ledd.» For å fylle ut hola, må den nye forteljinga nødvendigvis bli ein fiksjon som gjer bruk av materiale frå andre fiksjonstekstar.

«Å dikte over hullene i historien, det lyder så fint, men det er luftig.»

Få stadsnamn

For lesarar som kjenner Trondheim, er det litt vanskeleg å sjå for seg kor dei viktige hendingane i Leifs liv, utspeler seg. Det er fire viktige stader: Den såkalla Damegården, der storparten av bebuarane er kvinner. Leif veks opp saman med bestemor, mor og tre søstrer og med eit sakn av den fråverande faren som er krigsseilar. I tillegg: Domkyrkja, fristaden for refleksjon, biblioteket der han stel bøker og møter ein kjærast og sykkelverkstaden der han omsider er omgitt av andre menn.

Men lesaren får ikkje vite kor heimen og sykkelverkstaden er, heller ikkje om korleis folkebiblioteket såg ut. Det er i det heile få namn på gater og stader i denne trondheimsskildringa. Derimot handlar nesten heile den lange bolken som er datert 1939 om kva som går føre seg inne i hovudet på Leif som sit og reflekterer og drøymer om eit anna liv inne i Nidarosdomen. For det er «akkurat som om noe i domen opphever tidsskillene i skallen.»

Paradoksalt nok blir forteljinga betre og meir spennande i og med krigsutbrotet. Då må Leif bevege seg ut av det som går føre seg i skallen i kyrkjerommet, og ta inn over seg til det som skjer ute i gatene.

Mangelfullt om krigsåra

For dei av oss som har vakse opp med at den einaste broren til mora vår vart avretta på Kristiansten festning i 1943, gir ikkje romanen stor hjelp til å skjøne kva som stod på spel i desse krigsdagane. Det var år då ingen kunne vite kven ein kunne stole på, år med rykte om nyheiter frå radio eller illegale aviser og med ei nødvendig tausheit alle måtte bere med seg heile tida.

I forteljarens versjon av Leifs historie er opplysingane om kva som faktisk skjedde i den okkuperte byen merkeleg mangelfulle. Leif blir kjæraste med bibliotekaren Elise. Men det blir knapt antyda at folkebiblioteket var ein sentral stad for utveksling av illegal informasjon. Som følgje av det, vart den verkelege bibliotekaren Johanna Matheson arrestert fjorten dagar før Leif flykta. Ho døydde i Ravensbrück to år etter.

Om det var det eit sabotasjeforsøk som gjorde at Leif måtte flykte? Lesaren kan godt leve vidare utan å få svar på det. Flukt til Sverige for å slutte seg til norske styrker i England, var jo i seg sjølv tilstrekkelig for å bli dømt til døden.

Kvardagsliv

Det beste ved forteljinga om Leifs liv i desse åra, er dei glimta vi får av kvardagar i eit fellesskap av høgst ulike kvinner. Av husarbeid, humor, mat, kamp mot kulde og sjukdom, etterkvart også kampen for å få maten til å strekke til.

Slike innsiktsfulle skildringar av kvardagsliv og slit er det altfor lite av i dei mange bøkene som blir utgitt om krigen.

Universelt om ungdom

Akkurat desse intense skildringane av korleis det er å vere ein gut i ferd med å bli mann, opnar opp for at det er mogleg å lese romanen på ein annan måte. Forteljaren opnar sjølv opp for det: Sidan Leif ikkje var i stand til å oppsummere livet sitt «har det blitt til at jeg hører stemmen til Leif i alle unggutters stemmer, jeg hører banningen hans i all banning, latteren hans i all latter, jeg lytter etter ham på busser, trikker og tog.»

Skildringa av Leif som døydde for lenge sidan, har altså blitt informert av stemmene til høgst levande unge gutar i vår samtid. Det gir meining. For mens det som skjedde den gongen då lett framstår som kulisser, er det gripande ved historia om Leif nettopp noko mange yngre kan kjenne seg igjen i. Det dreier seg om korleis følsame ungdommar blir forma av dei dei veks opp med. I dette tilfellet gjeld det ein gut med tre søstrer og to generasjonar mødrer som lever med saknet etter ein farsfigur og ein bestekompis.

Samtidsroman?

På den måten kan det som ved første augnekast framstod som ein historisk roman vise seg å vere ein samtidsroman som kan få lesarar av alle kjøn til å reflektere over kjønnsroller og maskulinitet. Dessutan om kva det vil seie å bli vaksen i ei tid heilt ulik den foreldregenerasjon vaks opp i. Og då kan lesaren, akkurat som Leif, kjenne eit behov for eit trygt rom å tenke og drøyme i. Kanskje i ei kyrkje?

LES OGSÅ:

Karl Ove Knausgård: Vi lever som om vi ikkje skal døy

Stort sorgarbeid, men òg med den atwoodske barske humor

---

Bok: Roman

  • Tove Nilsen
  • Den eneste broren
  • Oktober 2020

---

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker