Bøker

Mysteriet under kyrkja

Spesialetterforskarane Krüger og Krogh løyser i teikneserieboka Spøkelseståken eit farleg oppdrag knytt til Gamle Aker kirke i Oslo. Form og innhald gjer boka til ein visuell lesefest.

Kyrkjegarden rundt Gamle Aker kirke er innhylla i svovelstinkande tåke. At noko er muffens, luktar på endå lengre lei. Dette er utgangspunktet for det nye teikneserieeventyret med Krüger og Krogh, spesialetterforskarane i det topphemmelege AFMA - Avsnitt For Mellemliggende Anliggender.

Teikneserieskaparane Bjarte Agdestein, Ronald Kabíček og Endre Skandfer gjorde stor lukke med det første albumet, Brennpunkt: Oslo (2014), med handling frå den norske hovudstaden i 1964. Den gongen var det Martin Luther King som skulle komme til Oslo for å få Nobels fredspris, samtidig som hovudstaden var ramma av mystiske hendingar.

Daudingar

Også i det nye albumet, Spøkelseståken, er handlinga lagt til 1964. Og framleis skjer det mystiske ting i Oslo. Når Krüger og Krogh får melding om at augevitne har sett daudingar stige opp frå gravene ved Gamle Aker kirke, er spesialetterforskarane snare med å rykke ut. Sjølv om Krüger er sikker på at det finst ei naturleg forklaring på det heile, og dei raskt kjem på sporet av nokre hettekledde skapningar på kyrkjegarden, utfører dei grundig etterforsking både inne i kyrkja, i samtale med presten, klokkaren og kyrkjetenaren, og ute på kyrkjegarden. Blant anna tek Krogh i bruk eir Kirlian-kamera, som innanfor alternativmiljø er kjent for å kunne avfotografere aura.

Gruvegangar

Spenninga stig ytterlegare når etterforskinga etter kvart leier Krüger og Krogh ned i gruvegangane under kyrkja. Her kviler det djupe løyndommar, noko som skal føre til dramatiske scener for våre to heltar.

Agdestein, Kabíček og Skandfer tek utgangspunkt i eit historisk miljø og spinn fram ei særs spennande forteljing rundt brokkar av mytar, historie og klassisk krim. Både form og innhald er prega av grundig research, nitid arbeid og kreativt overskot, på grensa til ellevill fantasi.

Midt i den spennande forteljinga legg serieskaparane også inn ein smule romantikk – og utfordringar i kjærleikslivet – for den yngste agenten, Krüger. Kjærasten hans er tydeleg på tolegrensa innimellom, utan å ane kva slags topphemmelege saker som går føre seg i Krügers ofte ukurante arbeidstid.

Imponerande

Det er herleg å lese ein teikneserie som er så stødig i tidskoloritten og så frisk i forteljarstilen som Spøkelseståken. Her får vi spenning, humor, historie, mytar og religion i ei og same krimforteljing. Det er imponerande.

Spøkelseståken er ein lesefest, og ein fest for auget.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker