Mor slår
Framleis er vi ikkje komne lenger med likestillinga enn at det gjer ekstra vondt når ein høyrer om at ei mor er valdeleg. Heldigvis?
Brynjulf Jung Tjønn har vald ein vond tematikk for ungdomsromanen Smadra.
Johanne Flottorp
I boka Smadra er det mor som slår. Oda skjønar ikkje kva som skjer, for ho har varme minne om at mora har vore god og kjærleg mot henne mange gonger då ho var yngre. Ho opplever at det er hennar skuld at mora er blitt valdeleg og torer ikkje å fortelja om det til nokon. Ikkje til den snille pilot-faren sin, ikkje til lærarinna som ser granskande på henne og spør: «Oda, er alt bra med deg?» og ikkje til bestevenen Milad. Så ho forklarar såra og blåmerka med at ho har falle av sykkelen.
Lettlest
Brynjulf Jung Tjønn har eit språk og ein skrivestil som gjer det lett å lesa. Det er korte setningar, mykje direkte tale, korte avsnitt og kapittel. Det er fint, for det gjer boka tilgjengeleg for mange. Jamvel om forfattaren hoppar litt i tid og iblant ser attende til Oda sitt liv då ho var mindre, er det lett å fylgja forteljinga. Det er med på å fylla ut biletet vi får i hovudet av kven denne jenta er.
Bestill abonnement her
KJØP