Anmeldelser

Historisk framtidsroman

ANMELDELSE: Leseverdig? Spennande? Ellevill? Tankevekkande? Kaliane Bradleys roman er alt dette og litt meir.

Utgangspunktet for den internasjonale boksuksessen Ministeriet for Tid er at det mystiske tidsdepartementet i nær framtid har fått utvikla ein metode for å reise i tid. For å ikkje endre historias gong har ein forsøksvis henta ut historiske personar som var i ferd med å gå under i krigar og naturkatastrofar.

Det dreier seg om ein mann som omkom i eit slag i 1645 under den engelske borgarkrigen, ei kvinne som etter alt å døme døydde i pesten i London tjue år etter, og om ei kvinne som mista livet i den franske revolusjonen i 1793. Dessutan ein offiser som døydde i slaget ved Somme i 1916 og sist, men ikkje minst, om orlogskaptein Graham Gore som saman med 128 andre sjøfolk omkom i ein storstilt britisk oppdagingsekspedisjon i arktiske strøk i 1847.

---

Ministeriet for tid

Roman

Kaliane Bradley

Ministeriet for Tid

Oversatt av Kirsti Vogt

415 sider, Kagge forlag Oslo 2025

---

Alle desse historiske tidsreisarande, emigrantane som dei blir kalla, får tildelt kvar si «bro», ein kontaktperson som skal leve saman med dei og gjere dei skikka til å leve og tilpasse seg eit liv i eit samfunn som er heilt annleis enn det dei kjente frå ei meir og mindre fjern fortid.

Opnar opp store spørsmål

Forteljaren i romanen, ei ugift kvinne, som akkurat som forfattaren har røter i Kambodsja, blir utvald til å bu saman med den kjekke orlogskapteinen. Ho fortel om korleis dei ulike tidsemigrantane på svært ulike måtar greier og ikkje greier, å innrette seg på å leve eit liv i ei tid prega av heilt andre teknologiar, språkspel og samværsformer også når det gjeld kjærleik og seksualitet.

Dette usannsynlege prosjektet opnar jo opp for store spørsmål både for forteljaren og lesaren: Er det mogleg å bli forelska og oppleve kjærleikshistorier med folk frå ei anna historisk tid til dømes? Og er det eigentleg sånn, som historiske romanar kan gi inntrykk av, at det berre er det ytre som endrar seg, mens «menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager»? Det heile blir jo ekstra spennande fordi forteljaren har eit klårt blikk for at rasisme og sexisme stadig eksisterer i beste velgåande, sjølv om språket prøver å påstå noko anna.

Historie eller framtid?

Eg lurte ei stund på om eg var rett person til å melde denne boka. For eg har aldri vore spesielt opptatt av Science fiction (SF) eller framtidsromanar. Det som er spennande med denne romanen er at samtidig med at forholdet mellom fortid, framtid og notid blir porøst, blir det tydeleg at dei klåre forskjellane mellom dei litterære sjangrane også går i oppløysing. Og slik er det jo i praksis, dersom vi tenker etter: Både såkalla samtids-og framtidsromanar blir etterkvart som tida går til historiske romanar.

Og sjarmen ved mange historiske romanar er jo at vi som lesarar kan leve oss inn i noko som skjer i fortida med folk som har mange likskapstrekk med oss sjølve.

Dette usannsynlege prosjektet opnar opp for store spørsmål

Ved å setje eit skarpt blikk på forholdet mellom det forteljaren kallar «derhet» og «herhet», og dermed på det vi også kan kalle samspelet mellom «då-heit» og «no-heit», er også Ministeriet for Tid i seg sjølv ei utforskinga av kva tid og temporalitet er. Og heldigvis, for alle dei av oss som set større pris på Jane Austen enn på SF, får også skildringa av forholdet mellom Graham og forteljaren etterkvart tydeleg preg av 1800-talets ulike klassiske kjærleiksskildringar.

Spennande og uoversiktleg

Eg skal ikkje røpe meir om korleis det går. Framtidige lesarar får sjølv finne ut om og i tilfelle korleis det er mogleg for dei ulike samtidige og historiske aktørane å handle framtidsretta utan å forandre fortida. Eller rett og slett om korleis det går med kjærleiken.

For etterkvart blir det heile spennande og like uoversiktleg som ein moderne etterretningsroman, Spionen som kom inn kulden av John le Carré til dømes, og like ellevilt som Lewis Carolls Alice i Eventyrland, to ulike bøker som forteljaren viser til undervegs.

Noko heilt for seg sjølv

For eigen del vart eg oppteken av det Ministeriet for Tid har til felles med ein allereie historisk klassikar, George Orwells stadig aktuelle 1984. Hovudpersonen der, Winston Smith, arbeider også i eit mektig og gåtefullt departement, nemleg Sanningsministeriet. Han er sjølv ein smule desorientert om kva tid og år han eigentleg lever i. For også sjølve tidsforløpet er strengt kontrollert av det allmektige partiet som til alt overmål har slagordet: «Den som kontrollerer fortiden, kontrollerer fremtiden. Den som kontrollerer nåtiden, kontrollerer fortiden». Kampen om historia og for ei betre framtid er derfor begge kamp om det som på nysnakket blir kalla «virkelighetskontroll».

På denne måten startar det norske bokåret 2025 godt: Med ein solid omsett roman som har mykje til felles med ulike typar litteratur mange av oss har eit nært forhold til, samtidig som den er noko heilt for seg sjølv. Leseverdig? Spennande? Ellevill? Tankevekkande? Ja takk, absolutt både dette og meire til.


Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Mer fra: Anmeldelser