Anmeldelser

Kristen pasifisme frå russisk meister

ANMELDELSE: Tolstoj si framstilling av den kristne trua og understrekinga av at Kristi bod er fascinerande, men også utfordrande.

Det vesle forlaget Ngolf har nettopp utgitt ei bok som ikkje har vore tilgjengeleg på norsk før: Hva er min tro? av Lev Tolstoj. Boka gir eit spennande innblikk i den store russiske forfattarens intensive arbeid med å lese bibeltekstar og å finne ut kva kristen tru er.

---

Tolstoj

Sakprosa

Lev Tolstoj

Hva er min tro?

Forlaget ngolf 2024

---

Men sjølv om denne sakprosaboka kastar lys over ulike sider av Tolstojs liv og skjønnlitterære forfattarskap, er det slett ikkje sikkert at det er ei bok nye Tolstoj-lesarar bør starte med.

Boikott av russisk litteratur

Interessant nok blir det opplyst at boka er trykt i Ukraina. I tida som har gått sidan den brutale russiske invasjonen har det nemleg vore urovekkande nyheitsinnslag frå nettopp Ukraina om at russisk skjønnlitteratur har blitt boikotta og øydelagt i stort omfang. Det har dessverre også ramma verka til den kanskje største russiske forfattaren av alle store, nemleg Lev Tolstoj (1828-1910).

Dette skjer i ein situasjon der dei skjønnlitterære arbeida hans er kastar lys over og forståing av det som skjer i Russland og omverda akkurat no. Storverket Krig og fred er ei nærgåande og panoramisk skildring av brutale krigshandlingar styrt av udugelege generalarar og uføreseielege herskarar.

På same tid, som tittelen røper, handlar storverket også om korleis livet går vidare, med forelsking, intriger og ball som om ingenting var skjedd og står på spel. Ei av Tolstojs noveller som kastar lys over situasjonen akkurat no, er «Polikej» som skildrar militær tvangsutskriving av fattigfolk på den russiske landsbygda.

Jesu lære

I ein situasjon der kyrkjeleiinga i den russisk-ortodokse kyrkje heilhjarta støtter angrepskrigen, er det spennande å lese skildringa av ei gudsteneste i eit fengsel i storverket Oppstandelse (kap 39-40). Tolstoj skildrar forløpet i gudstenesta så detaljert, at dei gjenkjennelege handlingane blir underleggjort, slik litteraturteoretikaren Sklovskij skriv om ein annan Tolstoj-tekst. Og det heile byggjer opp til forfattarens eiga vurdering:

«Og ingen av de tilstedeværende, /.../ falt det et øyeblikk inn at denne Jesus som presten gang på gang lovpriste i de merkeligste ord og vendinger med sin skingrende stemme, hadde forbudt nettopp dette som foregikk her».

Korleis har Tolstoj kome fram til denne erkjenninga av at all vald, bruk av dom og fengsel, strir mot Jesu lære i denne seine romanen frå 1899? Det er akkurat det sakprosa-bøkene frå 1880-talet, blant dei Hva er min tro? gir svar på.

Nærlesing av Bibelen

Den omsette boka har ikkje noko forord om verket og oppgir korkje utgjevingsår eller original-tittel. Ut frå at forfattaren i den første setninga opplyser at han er 55 år, er det mogleg å rekne fram til at den vart skrive 1883, altså året etter Tolstoj skreiv den spennande sjølvbiografiske teksten Skriftemål som kom på norsk, omsett av Geir Kjetsaa, i 2001.

Der fortel han korleis han i dei siste åra har oppdaga den kristne trua på nytt. Og han lover også ein meir detaljert skildring av kva han gjennom nærlesing av dei bibelske tekstane «fant av falskt og hva jeg fant av sant i denne læren, og hvilke slutninger jeg kom til». Det er denne lovnaden han innfrir i boka Hva er min tro?.

Det viktigaste i kristendommen

Tolstoj skriv i starten at han heilt frå barndommen hadde ei sterk kjensle av kva det viktigaste i kristendommen var: For han «har de stedene i evangeliene der Kristus snakker om kjærlighet, beskjedenhet, ydmykhet, selvfornektelse og å gjengjelde ondt med godt, alltid berørt og rørt meg mest. Dette er kjernen av den kristne tro og det mest tiltalende ved den.»

Vanskane han har hatt med kyrkja og trua har dreidd seg om korleis kyrkja framstår i verda og alle læresetningane som framstår som noko heilt anna enn dette, faktisk det motsette av det han oppfattar som Jesu opprinnelege lære. Dei verkelege viktige av Kristi påbud, er noko anna enn lovane i Det gamle testamentet, ifølgje Tolstoj.

Aller mest klårt og umisforståeleg er Kristi lov uttrykt i Bergpreika i Matteus-evangeliet: «Nøkkelen for meg Matteus 5, 38 – 39: «Dere har hørt det er sagt: Øye for øye og tann for tann!» - Men jeg sier dere: “Dere skal ikke sette dere opp mot det onde!” Disse ordene virket plutselig helt nye for meg, som om jeg aldri hadde lest dem før. Jeg forstod at Kristus mente akkurat det han sa.»

Bekymring for Tolstojs sakprosa

Dei fem boda som Tolstoj hentar fram og undersøker meininga med, er forbodet mot å drepe og sjå ned på andre, bodet om truskap i parforhold, forbodet mot å avgi ed, påbodet om ikkje gjere gjengjeld og bodet om å elske sine fiendar og tene dei. Og han understrekar at dette ikkje er noko som berre gjeld som individuelle levereglar, men er noko som er gyldig og viktig i samfunnet. Det er jo dette som ligg bak Tolstojs krasse vurdering av gudstenesta i fengselet i romanen Oppstandelse. Og faktisk blir heile den seinare romanen avslutta med ein presentasjon av desse fem boda som samanfattar kva som er viktig i evangeliet.

Framstillinga i den nærverande boka er noko omstendeleg og viser korleis Tolstoj har brukt ulike bibelomsetjingar og også oppslagsverk for å kome fram til kjerna i Jesu sanne lære, det som for han framstår som det viktige i sjølve kristentrua.

I samtida var fleire lesarar bekymra for dei mange sakprosa-bøkene om kristen tru Tolstoj gav ut i 1880-åra. I etterkant kan vi sjå at dette var eit viktig vendepunkt i livet hans og dessutan kanskje også eit nødvendig arbeid for å skrive skjønnlitterært igjen: Oppstandelse ber tydeleg preg av dette arbeidet og det peikar også fram mot avklarte meisterverk som Då Ivan Iljitsj døydde.

Merkelege val

Omsetjinga ved Anastasia Golf er noko snirklete og ordvalet er til tider merkeleg (som «den generelle ordboken»), av og til på grensa til det uforståelege: Kva betyr det til dømes at Jesus «svirret ikke på korset»?

Det er heller ikkje klårt kva bibelomsetjing omsetjaren gjer bruk av. Når eit Jesus-ord frå Bergpreika (Matt 5, 39) blir gjengitt med «Rekk ut ditt venstre kinn» er det tydeleg at det er Tolstojs russiske versjon som er utgangspunktet. For norske lesarar ville det å gjere bruk av norske bibelomsetjingar her, gjort lesinga lettare.

Fascinerande og utfordrande

Tolstoj si framstilling av den kristne trua og understrekinga av at Kristi bod er ufråvikelege og også gjeld for samfunnslivet i det heile, er fascinerande og også utfordrande. Eg merker eg gjerne skulle ha visst meir om korleis denne kristne pasifismen og motstanden mot domstolar og fengsel hos denne framståande russiske forfattaren, blir lese i dag av russiske lesarar, i ein samanheng der landet fører ein brutal krig og mange dissentarar blir dømde og sett i fengsel. Men det er jo sanneleg utfordrande utafor Russlands grenser også.

For korleis skal vi, enten vi no bur i Ukraina eller i eit NATO-land som Norge, kome til rette med Jesu ord om ikkjevald og med bodet om å ikkje setje seg «til motverje mot den som gjer vondt mot dykk»?

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Anmeldelser