Anmeldelser

Kjensler og skog i brann

ANMELDELSE: Den tyske regissøren Christian Petzold gir oss eit intenst og lågmælt drama med «Rød himmel». Men kor god er innsikta han formidlar om skapande prosessar?

Tyskaren Christian Petzold har etter kvart svinga seg opp til å bli ein av dei fremste filmskaparane i Europa. Frå før har han blant anna filmar som Barbara, Phoenix og Undine på samvitet, som alle er vist på kino i Noreg. Fjorårsfilmen Rød himmel får norsk kinopremiere fredag, ein film han til sams med Barbara (2012) fekk Sølvbjørnen for, prisen for beste regi på den viktige filmfestivalen i Berlin.

---

Rød himmel

Film

Drama

Rød himmel

Regi: Christian Petzold

Med: Thomas Schubert, Langston Uibel, Paula Beer

Tyskland 2024

1 time og 42 minutter

Aldersgrense: 9 år

---

Det grunn til å forvente seg kvalitet om du går på kino for å sjå ein Petzold-film. Det får du også denne gongen, sjølv om det finst visse aspekt ved filmen som skurrar. Blant anna er det vanskeleg å kjenne seg att i måten forlagsredaktøren og forfattaren i filmen arbeider med litterære manus på. Eg skal ikkje utdjupe situasjonen frå filmen, men påpeike at ein redaktør sjeldan refuserer ein forfattar ved å lese opp for han sin eigen nyskrivne tekst for deretter å bruke mesteparten av manusarbeidstida på å oppmuntre venene til forfattaren i deira eigne kunstnariske prosjekt. Men kanskje er det tragikomikken som overtar plassen i det realistiske dramaet her? Petzold er kjent for å kunne røre seg kjapt og lett mellom sjangrar.

Komplikasjonar i skogen

I sentrum av filmen står altså ein nervøs og ambisiøs forfattar, Leon (Thomas Schubert), som ikkje har lukkast heilt med «den vanskelege andreboka». Saman med venen Felix (Langston Uibel) dreg han til eit feriehus i skogen for å finpusse det nye manuskriptet sitt før forleggaren skal komme dit på besøk. Der møter dei ei kvinne, Nadja (Paula Beer), som har fått lov av Felix’ tante å bu i feriehuset samtidig med nevøen og kameraten hans.

Det blir vanskeleg for Leon å konsentrere seg om boka. Ikkje berre slit han med den kreative skaparevna. Han forelskar seg også i Nadja, som på si side har ein affære med den lokale badevakta. Det blir med andre ord komplikasjonar, som slett ikkje får fram dei beste sidene i Leon. Tvert om står han fram som ein gretten og utriveleg type, særleg når han på ufint vis hakkar på badevakta Devid (Enno Trebs), som er invitert på middagsselskap.

Fra filmen Rød himmel av Christian Petzold

Dei fire elementa

Med den førre filmen sin, Undine (2020), begynte Petzold på ein laust forbunden filmserie basert på dei fire elementa, luft, eld, jord og vatn. Undine, der Beer spela historikaren Undine som møter og blir forelska i ein dykkar, tok naturleg nok utgangspunkt i elementet vatn. I Rød himmel er det elden som er i brennpunktet. Flammane truar i form av ein stor skogbrann, ikkje så langt frå feriehuset der venene vår oppheld seg i besynderleg stor ro. Forklaringa skal vere at på denne staden er det alltid pålandsvind, så dei treng ikkje å vere redde for å skogbrannen skal nå dei, men logikken i dette sviktar kraftig: Dei fleste andre ville kome seg bort frå området fortare enn svint.

I Rød himmel er det elden som er i brennpunktet

—  Alf Kjetil Walgermo

Gneistar og oske

Nokre slike breistar finst det altså i Petzolds manus, men om ein ser bort frå desse er det likevel grunn til å trekke fram det intense, men lågmælte dramaet og dei fine karakterteikningane i filmen. Leon er allereie nemnt – Thomas Schubert lukkast godt med å gjere oss flaue på hans vegner. Særleg kunstnarar vil truleg også kjenne seg i att visse nevrotiske trekk ved sluttfasen av eit kreativt prosjekt. Paula Beer er endå ein gong overtydande i si rolle, denne gongen som lettliva iskremseljar, som etter kvart viser seg å vere ein skarp litteraturvitar. Vendinga er på grensa til klisjéfull, men fortel oss samtidig noko om korleis fordommar om andre kan skape problem for oss sjølve.

Sidehistoria om fotografen Felix, som forelskar seg i Devid, verkar kanskje ein smule fiks, men bidrar til å oppretthalde den dirrande dynamikken i gjengen i feriehuset. Big Brother blir dette ikkje, heller ikkje Paradise Hotel. Derimot er det bokstavleg tala gneistar og oske i lufta, som heile vegen truar med å antenne og gravlegge både relasjonar og trevirke.

Særleg kunstnarar vil truleg også kjenne seg i att visse nevrotiske trekk ved sluttfasen av eit kreativt prosjekt

—  Alf Kjetil Walgermo

Skuffar litt med dei store linjene

Både kjensler og skog står med andre ord i brann i Rød himmel. Spørsmålet er om Petzold har levert ein ny film av ypparste merke, eller om han skuffar litt med dei store linjene. Internasjonalt ser dei fleste filmkritikarane ut til å vere begeistra, mens eg sjølv kan styre meg ein smule: Også i den siste vendinga i filmen rører Petzold seg for nært klisjeen om kunstnaren som ikkje får det til, men finn vegen til sitt nye og fantastiske verk gjennom opplevd tragedie. Det er reelt nok, det har mange kunstnarar sjølv erfart, men blir litt enkelt i den tappinga Petzold gir det her.

Fra filmen Rød himmel av Christian Petzold

Innsikta Rød himmel formildar om skapande prosessar, er med andre ord ikkje heilt av beste merke og går for min del ut over heilskapsinntrykket. Eg tar meg derfor i å tenke at Rød himmel ikkje minst er ei god påminning om å finne fram og sjå Petzolds tidlegare filmar. Begynn gjerne med Barbara, om den austtyske legen som planlegg å flykte til kjærasten i Vest-Tyskland. Også her utspelar den dramatiske historia seg gjennom små fakter, men er etter mi meining ein endå betre film.

Trygt kinoval for den kresne

Likevel er det nok kraft både i skodespel, foto og regi til at også Rød himmel er eit tryggare kinoval for den kresne kinogjengar enn den jamne dusinvare frå Hollywood. Så alt i alt skal eg vere mindre gretten enn Leon og ønske Petzolds nye film velkommen i norske kinosalar. Så får vi vente i spenning på kva den tyske filmskaparen kan få ut av sitt neste element.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Anmeldelser