Anmeldelser

Ein aktivist i historia si teneste

Den begeistra formidlaren Tore Renberg finn stadig gullkorn. Men i essayet om Christian Thomasius har det gått litt lovleg fort i svingane nokre stader.

Tore Renberg er ein forfattar som stadig overraskar. Han har skrive bøker i heilt ulike sjangrar og har tilmed, som ein etablert bokmålsforfattar, lukkast med gode romanar på nynorsk i seinare tid. I fjor gav han ut den svært leseverdige romanen Lungeflyteprøven. No er han klar med ei lita bok om livsverket til ein av hovudpersonane i fjorårets roman.

Forlaget karakteriserer årets ferske utgjeving, Aktivisten. Et essay om Christian Thomasius som Renbergs første fagtekst. Den vakre boka med illustrasjonar frå 1600-talet er ei entusiastisk framstilling av den tyske naturrettspioneren Thomasius si turbulente tid i heimbyen Leipzig.

Dårleg skjult begeistring

Renberg legg ikkje skjul på at han i arbeidet med romanen vart betatt av den stridbare juristen, som levde frå 1655 til 1728. Kvifor? «Fordi jeg rett og slett liker ham. Fordi han har så deilig energi. Fordi han er så oppfylt av alt det menneskelige, også det han ønsker å kjempe imot. Fordi jeg også beundrer ham? Ja.»

For dei av oss som les ein del fagtekstar, er det frigjerande å møte ei slik dårleg skjult begeistring. I alt arbeidet med å framstå vitskapeleg nok, sitere og referere på riktig måte, kan det nemleg vere vanskeleg å oppdage og bli rive med av den undringa dei som skriv truleg starta med. Renberg minner oss lesarar om at historie og fagleg undring faktisk både er morosamt og livsviktig.

Den begeistra formidlaren finn stadig gullkorn på vegen. Det betyr at det kan ta litt tid før ein er framme ved målet. Og også at det kan gå litt lovleg fort nokre gonger.

Tredveårskrigen og naturretten

Før Renberg kjem fram til Thomasius, skriv han ein god del om den brutale tredveårskrigen som raste i Europa frå 1618 til 1648. I desse krigshandlingane kjempa folk frå ulike kyrkjesamfunn mot kvarandre.

Som romanforfattar er Renberg opptatt av å formidle noko av det krigen dreidde seg om for dei som opplevde den på kroppen. Her får han god hjelp av bøkene til historikarar som Peter Englund og Dick Harrison, men bruker også mykje tid på Grimmelshausens skjønnlitterære storverk Simplicissimus og Courasche frå 1669 og 1670.

Renberg minner oss lesarar om at historie og fagleg undring faktisk både er morosamt og livsviktig

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Den første av to nemnde romanane er berre tilgjengeleg på norsk i «et representativt utvalg», omsett av Sverre Dahl i 1999. Renberg får lyst til å dvele lengre ved Grimmelshausen: «om jeg en dag også skriver en roman om mannen fra Gelnhausen, blir jeg heller ikke veldig overrasket».

Han blir også undervegs fascinert av den underlege teologen Zinsendorf og opnar for å skrive meir om han seinare: «Jeg blir ikke veldig overrasket om jeg en dag skriver en roman om Zinzendorf.»

---

renberg

Essay

Tore Renberg

Aktivisten. Et essay om Christian Thomasius og hans tid

210 sider, Oktober 2024

---

Utfordringa ved å vere så opptatt av detaljane og det roman-aktige i ulike levde liv, er sjølvsagt at overblikket kan forsvinne. Tredveårskrigen er opplagt viktig for å forstå naturretten, som Thomasius var ein forkjempar for. Krigen framstod nemleg som ein religionskrig. Då den lutherske reformasjonen avskaffa den katolske kanoniske retten som rettskjelde, vart faktisk Bibelen rettskjelde i fleire lutherske kongedøme for å fylle tomrommene i lovverket.

Naturretten var eit målbevisst forsøk på å etablere ei lovforståing og styreformer som ikkje var avhengig av tolkingane til teologane og dei ulike kyrkjesamfunna, men derimot basert på felles menneskeleg erfaring og fornuft.

Holberg og Thomasius

Renberg er glad i trykte bøker. Det er det jo på ingen måte noko gale i. Utfordringa med å basere seg på eit litt tilfeldig utval av bøker, er at dei nyaste referanseverka kan forsvinne ut frå synsfeltet.

Christian Thomasius

Dette gjeld tydeleg når han skriv om Holberg. For det som gjeld no for alle som er interessert i Holberg, er den vitskapelege og søkbare utgåva av dei samla skriftene som er eit resultat av eit omfattande norsk-dansk samarbeid gjennom mange år: Ludvig Holbergs skrifter, gratis tilgjengeleg for alle på http://holbergsskrifter.no.

Der vil ein også lett finne alle Holberg sine referansar til Thomasius, og også hans eiga forteljing om møtet med Thomasius i Halle i 1709, som Renberg berre refererer til.

Kanskje er det Renberg sjølv som er aktivisten i litteraturen og historia sin teneste?

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Etter å ha høyrt nokre «i særklasse latterlige og underlige» førelesingar i Leipzig, besøker Holberg Thomasius i Halle. Det gjekk tilsynelatande ikkje så bra: «Hans lærde studerekammer forlod jeg imidlertid nedslået og lidet opbygget; han talte kun korteligt om årstiderne, det onde vejr og andet irrelevant. Han anså det nok for tidsspilde at tage filosofiske emner op med et ungt menneske.» Men så held Holberg fram, underleg nok, med å fortelje om kor utruleg kaldt det var på tilbakereisa nordover.

Kanskje var det ikkje så rart og «irrelevant» at også Thomasius var opptatt av været, når alt kom til alt? Eg har ein mistanke om at når Renberg begynner å snuse på dei sjølvbiografiske skildringane av denne tilbakereisa, vil vi kanskje heller ikkje bli overraska om han ein gong skriv ein roman om Holberg!

Litt lovleg fort

Det betyr i sa fall at vi har mykje fint å sjå fram til. Til dess kan vi glede oss over denne entusiastiske sakprosaboka. Og kanskje også ergre oss litt. For det har gått litt lovleg fort i svingane av og til. Mot slutten heiter det til dømes at «Holberg selv skrev for øvrig nokså fyldig om Thomasius, har jeg sett, i sin Kirke-historie fra 1762.»

Det står ingenting om Thomasius i Holbergs kyrkjehistoriske verk frå 1738. Det betyr jo ikkje han ikkje spøker i bakgrunnen for det heile. I 1762 hadde Holberg vore død i åtte år. Det tyske verket som Renberg refererer til, er eit framhald av Holbergs verk, skrive av ein heilt annan forfattar. Som, riktig nok, bruker mykje tid på Thomasius.

Tore Renbergs entusiastiske sakprosabok får i alle høve denne lesaren til å ville lese meir. Kanskje er det han sjølv som er aktivisten i litteraturen og historia sin teneste?

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Mer fra: Anmeldelser