Anmeldelser

Døden stiller livet i relieff

Lev Tolstojs langnovelle «Då Ivan Iljitsj døydde» fangar eit evig og ålmenngyldig spørsmål: Med døden som uunngåeleg realitet, korleis lever vi livet vårt?

Den russiske forfattaren Lev Tolstoj står som ein påle i verdslitteraturen. Ved sidan av dei store romanane som Krig og fred (1865–1869) og Anna Karenina (1875–1877), er det vel verdt å lese også somme av dei mindre skriftene hans. Mindre i omfang, ikkje i innhald og betydning, for å seie det slik. Skriftemål, det første hans skreiv etter Anna Karenina, gir oss Tolstojs refleksjonar rundt den kristne trua i konsentrat.

No er nyleg Då Ivan Iljitsj døydde komen i glitrande nynorsk omsetting ved Geir Pollen, den første skjønnlitterære boka Tolstoj skreiv etter Anna Karenina og den åndelege krisa han opplevde på slutten av 1870-talet.

Som mann i midten av 40-åra, røskar Då Ivan Iljitsj døydde ekstra tak i meg. Hovudpersonen er nettopp ein slik, ein tilsynelatande vellukka og velfungerande dommar som brått er begynt å kjenne på ei smerte i mageregionen. Vi forstår nokså raskt at han er kreftsjuk. Og, som tittelen avslører, det er ingen stor løyndom at sjukdommen fører til død.

Blottlegg menneskeleg begjær

Langnovella byrjar nettopp der, med nyhenda om Ivan Iljitsj’ død. Straks utspelar ulike reaksjonar på dødsfallet seg, ikkje minst hos dei som ser høvet for ei karrieremessig forfremjing. Tolstoj er drivande dyktig til å blottlegge menneskelege begjær som effektivt kan skjulast ved uttrykt empati og medkjensle. Det er skummelt å lese. Tolstoj rammar både nådelaust, vittig og presist. Som i det groteske, og likevel sanne, i gleda dei ulike herremennene i rommet kjenner over at det er nettopp Ivan Iljitsj som er død, og ikkje dei sjølve.

---

tolstoj

Klassikar

Lev Tolstoj

Då Ivan Iljitsj døydde

98 sider, Skald 2023

---

I neste omgang forstår vi kor dårleg det stod til med ekteskapet hans. Den sørgande kona er aller mest opptatt av kor mykje pengar ho kan skaffe seg frå statskassa som følgje av Ivan Iljitsj’ død, og kor mykje ho sjølv leid under dei tre siste døgna hans med lidingar: «Tre døgn i strekk skreik han, utan å endre stemme. Det var uuthaldeleg. Eg kan ikkje forstå korleis eg heldt det ut. Det kunne høyrast gjennom tre dører. Åh, kva har eg ikkje mått tole!»

Kastar lys over vår eiga tid

I neste kapittel er vi attende i Ivan Iljitsj’ liv. Vi møter ein framstormande jurist, som likevel kan seiast å vere overflatisk på ulike vis. Fasade er viktig. Det same er rang. Dei verkelege verdiane i livet er derimot underordna. Forholdet til kona går for mindre enn halv maskin. Yngstebroren ser han på som ein tapar – han jobbar ved jernbanen – ein verken han eller resten av familien kjem i hug at eksisterer.

Tolstoj rammar både nådelaust, vittig og presist

—  Alf Kjetil Walgermo

Det er rått. Samtidig kastar Tolstoj lys inn over vår eiga tid med vårt eige statusjag. Og ikkje minst kjem han tett på det samtidige når Ivan Iljitsj kjenner sjukdommen komme snikande og han byrjar å spørje seg sjølv: Kan det vere at eg ikkje har levd slik eg skulle?

Døden set livet i relieff. Og når den dødelege sjukdommen truar, er det duka både for revy og sjølvoppgjer for mange og kvar. Det forferdelege i Då Ivan Iljitsj døydde er at livet meir eller mindre held fram i den same meiningsløysa. Det kallar på undring, på ein viss skrekk, men kjennest også truverdig. Kor mange av oss endrar seg vesentleg med vår siste stoppestad i sikte? Det er lett å ha gode intensjonar om det, men endå lettare å halde fram som før.

Effektiv forteljing

Tolstoj lukkast på ein effektiv måte å teikne opp eit heilt liv, og gjere dette livet relevant for – vil eg seie – dei fleste av oss. Langnovella bikkar ikkje eingong hundre sider, men det er stoff nok her til å tygge på i vekevis.

Då Ivan Iljitisj døydde gjer inntrykk på ein måte som få samtidige verk maktar å gjere det. Underliggande er dei store spørsmåla knytt til Gud og moral, men Tolstoj står ikkje fram som forkynnar. Han fortel. Og forteljinga blir sittande.

Forfattaren sluttar som han begynner, med dødsaugneblinken til Ivan Iljitsj. Her er Tolstoj ekstremt reinskoren. Eg må neste sitere siste setninga: «Han trekte pusten, stansa midt i andedraget, strekte seg ut og døydde.»

Lettlese og alvorleg

Før vi kjem dit, har vi vore med på ei grundig krinsing rundt dei store spørsmåla, og ein solid dose avkledd handlingsmønster og kjensleliv blant somme av dei meir privilegerte i samfunnet. Som motsats skildrar forfattaren hustenaren Gerasim, ein bondegut som har eit både praktisk og naturleg forhold til døden. Kanskje er han redninga også for mannen som ligg og skal døy?

Faren er stor for at historia vil følgje deg til langt ut i livsens haust

—  Alf Kjetil Walgermo

Tolstoj skriv lettlese som strandlektyre og med tyngd og alvor som i ein gravferdstale, inkludert humor. Eg vil hevde at denne langnovella høyrer med blant Tolstojs meisterverk. Då Ivan Iljitsj døydde tek deg ikkje meir enn ein sommarkveld å lese, men faren er stor for at historia vil følgje deg til langt ut i livsens haust.

Ein ny triumf for Skalds klassikarserie, med andre ord. Og Geir Pollen gjendiktar som om han aldri skulle ha skrive noko anna enn nynorsk.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Anmeldelser