Anmeldelser

Ei fjellstø samling

Andaktsboka til Terje Konradsen gir fast føde for den som lever disippellivet.

Etter å ha lese meg gjennom Terje Konradsens andaktsår i boka Disippel 365, vert eg minna om at det er mange måtar å bli guida gjennom eit landskap på. Turistforeininga har sine høgst kjærkomne og gjenkjennelege T-ar rundt i dei mange vakre og ville fjellheimane våre, og utan desse kunne mange turar ha blitt både lange og farlege.

Konradsen tilbyr likevel meir enn berre «merkesteinar langs løypa» med denne utgjevinga. Å lesa han, er til samanlikning som treffa på ein slik «furet-værbitt-type», ein fjellsikker kjentmann, som har meir å by å enn siste mote frå ei urban sportssjappe. Han er den som utan bravadar slår følgje fordi han skal no same veg som oss likevel. Det er noko fjellstøtt over denne samlinga med andaktar.

Tydeleg målgruppe

Disippel 365 presenterer alt i tittelen (og undertittel) kva som er den primære målgruppa, og det er eit greitt signal å gje. Forfattarens mangeårige misjonsinnsats innan Ungdom i Oppdrag, er eit anna spor som skaper forventning om andaktar både med radikal jesusforkynning og ei orientering mot dagleg omvending som ein grunntone.

---

Andaktsbøker i Vårt Land

---

Forventningar og fordommar kan sjølvsagt ligga tett på kvarandre, men det er spennande å møta ei slik andaktsbok med slike førsteinntrykk, og heller vera svært open for å bli korrigert undervegs. Ettersom det er nokre år sidan boka kom ut, vil vi kanskje også kunna fanga opp ei kjensle av kor slitesterke tekstane og uttrykket er.

---

disippel 365

Andaktsbok

Terje Tonås Konradsen

Disippel 365: Andakter for etterfølgere

Prokla Media 2015

---

Utforminga av boka er i den klassiske enden av skalaen, eit reint fint omslag og oppsett vitnar om eit no-nonsense-innsteg. Her har både forfattar og forleggar nok tru på innhaldet til at ytre staffasje er unødvendig, eit poeng som i seg sjølv kan vera tillitvekkande, i alle fall om ein er i målgruppa og ikkje først og fremst er ute etter eit typisk «friskt og ungdommeleg preg».

Kvar andakt går over ei side, med bibelvers øvst, deretter ei tematisk overskrift over ein refleksjon som fyller ei relativt tettskriven side. For denne lesaren er det litt forstyrrande at avsnittsinndelinga ikkje verkar heilt gjennomført og logisk, men det er ikkje eit stort poeng.

Ikkje redd for det vanskelege

Når det gjeld innhaldssida, dannar det seg fort eit bilete av ei gjennomgåande velformulert og variert andaktsbok. Som ein erfaren andaktshaldar, veit Konradsen å skapa eit godt blandingsforhold mellom personlege anekdotar og observasjonar, teologiske overblikk, innblikk og djupdykk. Eitt døme på tema som går igjen, er «gudsfrykt», og slikt vitnar om ein forfattar som ikkje er redd for å utforska uttrykk som kan skapa friksjon og som lett blir misforstått.

Denne boka byr på fleire slike, og ære vere forfattaren for det. Nettopp tema av denne typen bør ei solid andaktsbok ta mål av seg å kasta lys over. Også tekstar som er kjende for å vera «vanskelege» vert takla her, slik som den om Ananias og Saffira frå Apostelgjerningane 5. Akkurat teksten om dette ekteparet sin lagnad har kanskje noko litt uforløyst over seg, men det er uansett viktig at Konradsen tek i dette.

Anmeldelse av andaktsbøker.

Mettande fullkornsbrød

Det notoriske problemet med heile andaktsbok-sjangeren, er den litt flyktige «mannakorn- tendensen» som ligg i det å trekka fram eitt vers om dagen. Når ein, som Konradsen, let sentrale bibelske idear og uttrykk dukka opp fleire gonger i løpet av året, vert dette «brødsmulepreget» fort bytta ut med mettande fullkornsbrød for den vegfarande kristne.

Eit anna døme er dette at andaktane ved fleire høve tek eit oppgjer med eit godmodig og bestefar-aktig gudsbilete som ikkje er særleg berekraftig opp mot bibelske perspektiv på kven Gud er. Slikt bidreg til at boka lukkast med å formidla sunn, samanhengande og slitesterk teologi.

Livsnær bibelbruk

Denne andaktsboka, som kanskje i første rekke retter seg mot meir erfarne kristne, leverer det ein kan kalla ei fulltonande forkynning om synd og nåde, omvending og nytt liv. Samtidig gir den liv og djupn til bibelske hendingar og personar, der både NT og GT-tekstar er godt representerte.

Det er, som nemnt innleiingsvis, langt meir lærerikt å slå følgje med Konradsen enn berre å følgja nokre generelle merkesteinar, og forfattaren sin stemme vert stadig tydelegare utover i boka. Det er ein engasjert, varm og kunnskapsrik stemme, og eg ber lett over med at han av og til slår over i eit litt meir typisk floskelpredikantspor, med «pastor Andersen fra Sentrumsmenigheten…» og den med mannen som synest både han og kona er så flinke med penger, «hun er flink til å bruke og eg er flink til å spare».

Jamt over er det likevel lite av den slags, og i staden får vi livsnær bibelbruk og teologiske perspektiv som er både ryddige og relevante for alle kristne som vil ta trua på alvor.

Boka lukkast med å formidla sunn, samanhengande og slitesterk teologi

—  Sofie Braut

Språkleg verkar boka godt gjennomarbeidd og, med det, lesarvenleg. Forfattarens bruk av kontrastar og ordpar, slik som «tårn eller alter», postbud eller ambassadør», «vekst eller frukt», er døme på grep som opnar opp bibeltekstane og gjer at poenga festar seg.

For alt sitt solide og slitesterke preg, slikt som nokre alltid vil hevda er «traust», har fleire av tekstane også det eg vil kalla eit proklamatorisk preg. «Riket kommer!», «…vi er dobbelt hans!» og liknande, som set eit fint frimodig preg på formidlinga og skaper dynamikk.

Klang frå klassikarar

Dersom du ser etter ein klok og variert følgjesven som utfordrar og gir perspektiv, er Disippel 365 ei andaktsbok som leverer. Denne boka er ikkje framand for å krevja litt meir av lesaren enn ei halvtrøtt skumlesing før første kaffikopp er svelgt ned, men ei dagleg stund med denne boka gir forankring og «fast føde» for den som lever disippellivet.

Dessutan: det at boka gjennomgåande graviterer mot kjernen i kristen tru og undersøker dagens vers utan å lena seg så altfor tungt mot dagsferske referansar, gjer at boka ikkje verkar særleg prega av at det har gått nokre år.

Terje Konradsens andaktsbok står heilt fint på eigne bein, men ber med seg ein umiskjenneleg klang frå klassikarar innan sjangeren. Når ein tenkjer på kva ulike andaktsbøker har betydd for truslivet til mange menneske opp gjennom tidene, er det ein stjernekompliment.

Terje Tonås Konradsen er svigerfaren til Vårt Lands kulturredaktør Thomas Espevik. Espevik har ikkje vore involvert i arbeidet med meldinga.

Anmeldelse av andaktsbøker.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser