Marilynne Robinson skriv stor litteratur
Marilynne Robinson er eit av dei største namna i den amerikanske samtidslitteraturen og skriv innsiktsfullt om familie og kristen tru. No blir ho endeleg følgd opp på norsk.
FORFATTAREN OG PRESIDENTEN: Marilynne Robinson tar farvel dåverande president Barack Obama på flyplassen i Des Moines i Iowa i 2015. Obama hadde då intervjua Robinson, og samtalen mellom dei blei seinare publisert i The New York Review of Books.
Andrew Harnik
Amerikanske Marilynne Robinson har i fleire år vore på radaren til norske litteraturinteresserte, ikkje minst lesarar med eit visst religiøst engasjement. Slik Jon Fosse er ein av spydspissane i den europeiske skjønnlitteraturen, er Robinson blant dei fremste namna i den amerikanske. Begge skriv om Gud og religiøs tru på ein måte som presteskapet kan misunne dei frå frukost til kvelds. Kombinasjonen av eksistensiell innsikt og litterær kvalitet gjer dei til forfattarar vi rett og slett er nøydde til å lese.
Samanlikninga stoppar straks, for Robinsons språk og stiltone kan slett ikkje liknast med Fosses. Men gjentakinga er eit grep dei begge nyttar seg av: Fosse ved å skape ei suggererande form for tidløyse, Robinson ved å fortelje om det same tidsspennet sett frå ulike perspektiv.
Romanen Gilead (2004), som Robinson fekk Pulitzer-prisen for i 2005, kom ut på forlaget Bazar i Kjell Olaf Jensens norske omsetting for femten år sidan. Robinson skreiv vidare på det som er blitt ein mektig romankvartett – Gilead, Hjem (2008), Lila (2014)og Jack (2020) – mens dei norske omsettingane stoppa opp. Det er difor gledeleg at Cappelen Damm no har tatt ansvar for å følgje opp forfattarskapet. Gilead er gitt ut på nytt i ein finpussa versjon av Jensens omsetting, mens Ingrid Haug har omsett Hjem.