Anmeldelser

Flau og flat actionbibel

Det skin så altfor tydeleg gjennom at målet med «Actionbibelen» er å få unge til å bry seg om Bibelen.

Det er kanskje eit godt utgangspunkt, men det rører også ved dilemmaet alle kunstverk som blir brukt i kristen trusopplæring må ta stilling til: Kva er god kunst, og kva er godt nok så lenge barna lærer litt om Bibelen?

Det er ingen grunn til å tvile på vilja og ambisjonane til skaparane bak verk som Actionbibelen eller forlaget som gir han ut. Problemet er kvaliteten på verket.

Allereie på det første oppslaget blir dette tydeleg: Ei mørk side med eit sterkt lys midt på skal vise at det i byrjinga var ingenting bortsett frå Gud. Nedst på sida dukkar ei kantete og taggete tekstboble opp for å markere at det blir ropt ut: «LA DET BLI LYS!» Er det slik vi skal forstå Guds stemme? Var det eit barskt, lite rop som skapte alt liv, som om det var Conan som stod der og ropte på Crom?

Vond eller god

Betre blir det ikkje når menneska trer inn i Actionbibelen. Dei er enten veldig vonde eller veldig gode, og illustratør Cariello viser dette ved å leggje alle eigenskapane til karakterane i ansikta. Dei vonde skuler stygt, smiler sleiskt, mens dei gode har reine trekk og auge som lyser. Og det er ikkje måte på kor mange ansikt som stirer dramatisk opp mot himmelen, som har munnen open i eit rop eller som rynker panna i ei bestemt avgjersle. Utover denne uendelege bruken av ansikt, er det fascinerande kor lite Cariello nyttar teikningane, rutene, ja, sjølve boksida, til å fortelje desse historiene.

Dei vonde skuler stygt, smiler sleiskt, mens dei gode har reine trekk og auge som lyser.

—  Lars Petter Sveen

Landskapa bak karakterane, er duse og vage, og først og fremst ein ubrukt ressurs. Det veldige landskapet vi kjenner frå Bibelen, finst ikkje. Av og til dukkar eit tempel opp, eller bølger på ein sjø, ei plante her og der, men ingenting av det har anna betydning utover å vere ein rekvisitt som skal markere at her står eit tempel, no er vi på sjøen, no er det litt meir frodig. Det er nesten noko fattigsleg over dette teikna universet, som om djubda i teikningane er fullstendig borte.

Vanskelegare å forstå

Trass dette, så er det problematiske med boka korleis den forvaltar oppgåva si. Ta for eksempel beretninga om Noahs ark, ei historie som alltid er vanskeleg å bruke i trusopplæringa. Korleis forklarar du at Gud lét så mange menneske døy? Og korleis koplar du historia til klimakrisa vi no står midt oppe i?

---

actionbibelen

Barnebibel

Sergio Cariello (ill.)

Actionbibelen. Guds frelseshistorie

Red.: Doug Mass

Omsett av Maria Elisabeth Selbekk

Frå 10 år

Hermon forlag 2014

---

Actionbibelen bryr seg ikkje om noko av dette. Guds folkemord er ukommentert, og det er ingen kunstnarlege grep som gjer at eg som lesar kan kople historia til dagens klimakrise. Truleg vil skaparane av Actionbibelen argumentere for at dei har ønska å gjengi historia frå Bibelen så ærleg og upåverka som mogleg. Men alle gjenfortellinger er tolkingar. Ved å ikkje prøve å ta kunstnarlege grep, blir historia om Noah og arken i Actionbibelen flatare, og enda vanskelegare å forstå, enn slik den står i Bibelen.

Barnebibler

Riv ut alt alvor

Dette går igjen gjennom heile boka. Grepa som er tatt av skaparane, er særs svake. Merkbart blir det allereie i historia om Kain og Abel, der den manglande råskapen og dei intetsigande teikningane riv alt alvoret ut av historia. Du tek deg i å undre på om du les om Hedenholdbarna.

Sjølv om Actionbibelen tek grep etter kvart, og går djupare inn i nokre historier i Bibelen, er det til liten nytte. For kvar historie, kvar side, kvar rute, er lik seg sjølv: Eit gapande, dramatisk ansikt som stirer og seier eller tenkjer noko ytst dramatisk. Du kan bla opp på kva som helst side i Actionbibelen, og du vil på eit augeblikk forstå kven som er vond og kven som er god.

Jesus ser ut som han er henta frå ein reklame for Dressmann

—  Lars Petter Sveen

Og du og du for nokre kroppar Cariello teiknar for oss: Goliath er gigantisk, ustelt og hårete med raudsprengde auge. Samson kjem rett frå helsestudio, mens Jesus ser ut som han er henta frå ein reklame for Dressmann. Og kvinnene er vakre og flotte, med svikefulle blikk eller med hendene folda naivt framfor seg. Sjølv Paulus, som ikkje var særleg vakker å sjå til, er blitt til ein flott mann. Vi er alle Guds barn, men heltane i desse historiene er særs vakre Guds barn.

Truleg skal dette vise at det som er vakkert på innsida, er vakkert på utsida. Og det som er stygt på innsida, er stygt på utsida. Dermed går Actionbibelen i si eiga felle: Den bruker teikneserien som eit verkemiddel til å nå unge menneske, men nyttar dei mest utskjelte og oppbrukte grepa i kunstforma.

Nok action frå før

Actionbibelen gir ei rask innføring i sentrale historier frå Bibelen, og greier å vise nokre raude trådar som går gjennom Det gamle testamentet. Eg fekk eit nytt blikk på tida i Egypt, da eg skjønte at Josef hadde ei sentral rolle og var godt likt i det same landet og under det same styret som seinare gjorde slavar av hebrearane og som Moses frigjorde folket sitt frå. Det speglar skjebnen minoritetar den dag i dag kan oppleve med å gå frå å vere heltar til å bli syndebukkar.

Kanskje kan fleire slike overordna grep, kombinert med større kunstnarlege ambisjonar hos illustratør og forfattar, gjere verk som dette meir interessante og betre i framtida. Fram til da er det meir enn nok action i Bibelen frå før, og Actionbibelen blir lite anna enn ei flau gåve frå den litt overivrige kristen-onkelen.

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Anmeldelser