Førsteinntrykket av samarbeidsprosjektet mellom teiknar Anna Fiske og tekstansvarleg Alf Kjetil Walgermo er svært interessant. Her vartar sanneleg Samlaget opp med ein veritabel fargeeksplosjon av ein barnebibel, til alt overmål i eit ekstra stort format som unge lesarar verkeleg kan boltra seg i. Mellom slitesterke permar finn vi eit hav av glade og uventa strekar; det er som om Barbafamilien og Richard Scarry har hamna i eksistensiell tvikamp; berre at når du ser nærare etter, er det heilt og fullt illustratør Anna Fiske, naturlegvis, som har sitt heilt eigne grep om uttrykket i denne barnebibelen.
Robust og romsleg
Det romslege og fargesterke omslaget med ein svært ukonvensjonell Jesus og masse glade barn i ein knalloransje sirkel skrur opp forventningane, men lovar likevel ikkje meir enn det kan halda. Med ein gang ein opnar, og byrjar å bla, viser det seg at framsida er meir enn eit spraglete salstriks. Eit førsteinntrykk er dessutan viktig. For å sitera ei som er nærare målgruppa enn meg: «Finst det noko kjekkare enn slike doble boblebokstavar og masse løgne folk og fuglar å ha på ei framside?» Godt poeng. Det er dessutan eit realt bruksomslag som vil tåla vedvarande nærkontakt med si relativt hardhendte målgruppe.
Samlaget har gitt Barnebibelen romslege rammer. Med over 200 sider i det nemnde store formatet blir det plass til mangt frå bibelens store historie og vidgjetne persongalleri. Heile 39 historier frå Det gamle testamentet og 37 frå Det nye, vitnar om at denne barnebibelen tek mål av seg til å gje meir enn ei morosam lesestund. Under alt det sprelske ligg nemleg ein sans for systematikk som gjer boka til ein nyttig introduksjon til Bibelen si verd. Her er meir enn fragmentariske glimt etter innfallsmetoden.
Gir kvinnene plass
Dei utvalde bibeltekstane er gjendikta for målgruppa på stødig og tilgjengeleg nynorsk. Det er som forventa av forfattar Alf Kjetil Walgermo, men han skal like fullt ha honnør for bra tekstarbeid. Han har tatt fine grep for å få fram poeng i teksten, men sparer oss for det overforklarande preget som fort freistar meg til å legga vekk barnebiblar til fordel for originalens barske og lakoniske uttrykksmåtar. Walgermo har langt seg på ei linje som er kledeleg knapp, men som like fullt kastar lys. Eitt døme frå forteljinga om Sakkeus i treet kan tena som illustrasjon: «Sakkeus var ein liten mann. Men han gjorde seg stor ved å lure pengar frå folk.» Slike formuleringar hjelper dei små inn i teksten utan at alt vert påtrengande pedagogisk.
Eit anna moment som truleg vil bli lagt merke til, er at historier om bibelske kvinner har fått meir plass enn i mange andre barnebiblar. Walgermo lener seg på si nylege bok om Bibelens kvinner, og passar på å få inn ein tidsmessig kjønnsbalanse til glede for lesarar som er meir opptekne av slikt enn Bibelen sjølv ser ut til å vera. Det er på dette punktet Barnebibelen kjennest litt skolemeisteraktig; og denne tydelege agendaen utgjer ein litt påfallande kontrast til det svært frie uttrykket som elles pregar han.
---
Barnebibel
Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske (ill.)
Barnebibelen
Målgruppe 6 til 9 år
Samlaget 2022
---
Aldri ledd så godt
Det mest oppsiktsvekkande ved boka som heilskap, er naturlegvis dei svært særprega illustrasjonane. Boka er ei forrykande fargebombe med ein originalitet som gjer at denne barnebibelen truleg vil nå fram til eit breiare publikum enn meir tradisjonelle utgjevingar. Det kjennest forfriskande å bla utover i ei bok der alle bileta gøymer artige detaljar. Sara og Abraham har aldri ledd så godt, eller vore slike utprega oldingar som dei er her. Det er nærast uimotståeleg å telja sauene som høyrer til historia om sauen som gjekk seg vill. Den eksplosive elden på pinsedagen har verkelege tunger.
Ei utfordring er at alt kan bli altfor moro og ellevilt eventyrleg, også der Bibelen berre snakkar til oss om det alminnelege og høgst menneskelege.
— Sofie Braut
Bileta til Fiske er av typen som må opplevast. På den andre sida er det kanskje slik at det noko ved dette uttrykket som kan ha sine utfordringar i bibelsamanheng. At bileta på ein måte dominerer over teksten, er éi slik utfordring. Ei anna er at alt kan bli altfor moro og ellevilt eventyrleg, også der Bibelen berre snakkar til oss om det alminnelege og høgst menneskelege. Her kan bileta skapa avstand mellom lesar og tekst, eller også gjera det slitsamt å lesa Barnebibelen. Trass svært «nedroa» og nøktern tekstformidling kan ein føla at streken står på konstant «CapsLock». Men at dette er ei minnerik lesaroppleving? Definitivt!
Alf Kjetil Walgermo er journalist i Vårt Lands religionsavdeling og litteraturkritiker. Han har ikke vært involvert i arbeidet med barnebibel-spesialen.
[ Hvilken barnebibel er best? Les anmeldelser av 12 barnebibler her ]