Anmeldelser

Barnebibel som flyttar ansvaret over på foreldra

«Min barnebibel» tek ikkje opp i seg alvoret frå Bibelen, men kan vere ein god inngang for dei aller minste.

Ein god barnebibel vil følge deg resten av livet. Framleis er det Kees de Korts illustrasjonar eg tenker på når eg les Bibelen. Bøkenes hans om Bartimeus, Sakkeus og Den barmhjertige Samaritan romma eit alvor eg som barn kunne bere. Og bøkene var vakre og underlege, skremmande og enkle på same tid. Når eg ser etter ein barnebibel til mine eigne barn, er det Kees de Korts bøker alt blir målt mot.

Fleire av barnebiblane som er komne på norsk dei siste åra, er meir fargerike og varme enn dei eg vaks opp med. Fleire av dei har sine styrker, men òg sine svake sider. Slik er det òg med Min barnebibel av Sally Ann Wright og Honor Ayres.

Liten og lys

Min barnebibel er liten og enkel, med lyse fargar og naive teikningar. Det fungerer godt fleire stader, ikkje minst i opninga, der ulike dyr og plantar i harmoni gir ein god inngang til skapelsen av alt liv. Det er ikkje spesielt originalt, og ikkje er det stor kunst heller, men eg trur ein sebra, ein sjiraff og ein elefant er blikkfang for barn, og det skaper forståing for mangfaldet i naturen. Kanskje kan forteljinga om skapelsen slik opne for å snakke med barna om klima- og naturkrisa? Det er ei utfordring alle som driv trusopplæring bør omfamne.

Seinare dukkar menneska opp, og her blir det tydeleg at dette ikkje berre er ein barnebibel, men ein barnebibel for dei aller minste. Menneska er teikna slik at dei er nesten prikk lik kvarandre. Her finst det ikkje særpreg, bortsett frå fargane på kleda og dei imponerande heildekkande skjegga mennene ber. Men at karakterane stort sett smiler og ser litt overraska ut, gjer kanskje at alvoret som ligg i fleire av historiene vil vere lettare å ta inn over seg for barna.

Sadistens varme smil

Likevel, av og til slår det feil. Som når Stefanus blir steina og Paulus, som står og vaktar kappene og ser på, smiler. Her er det vanskeleg å ta inn over seg om illustratøren har skjønt kva ho har teikna. Om det verkeleg er nødvendig å la Paulus smile når ein kristen blir drepen, og det finst det jo god grunn til å hevde at han gjorde, må det òg vere eit alvor i teksten. Det finst ikkje. Her er alt like lett og ledig som resten av boka. Bortsett frå sadistens varme smil.

Dette er ein bagatell. Men det rører ved noko som både er styrken og svakheita ved Min barnebibel. Historia om Noahs ark er fint fortalt for dei minste, Guds folkemord er utelate, og i staden kan ein samtale med barna dreie seg om kvifor det er viktig å ta vare på artsmangfaldet. Det er eit godt grep. Å ta inn over seg og snakke om alle menneska som blir drepne i flaumen — det kan ein godt vente med til barna blir eldre.

---

min barnebibel

Barnebibel

Sally Ann Wright og Honor Ayres (ill.)

Min barnebibel

Oversatt av Mona Gulbrandsen Bø

Lunde forlag 2019

---

Opp til den vaksne

Problemet oppstår når for mykje blir utelate, og det som står igjen ikkje forklarar nok. Blant anna er historia om Josef og brødrane hans nesten umogleg å forstå slik han står fortalt i Min barnebibel. Boka vil sjølvsagt bli lest høgt av vaksne for barna, og da er det nettopp her, på desse stadene i teksten, at dei vaksne må inn. Men ved å la teksten stå igjen så blotta for meining, legg det mykje ansvar over på den vaksne lesaren. Her er det store rom for samtale.

Her er det store rom for samtale med barnet etter endt lesing.

—  Lars Petter Sveen

Då eg skreiv om Actionbibelen, var eg veldig kritisk til korleis alle historiene der var fortalt på den same, avgrensa måten. Men når eg les Min barnebibel, ser eg at Actionbibelen har med ei historie som Min barnebibel ikkje tør ta med: Historia om kong David.

Viktig lærdom

Sjølvsagt er kampen mellom David og Goliath med i Min barnebibel. Men etter at Goliath er drepen, er David ute av soga. I Actionbibelen blir historia til kong David bretta ut over fleire sider, og eg likte at historia om Davids plan for å drepe Uria for å ta kona hans var så sentral der. Ei slik historie treng ikkje nødvendigvis bli fortalt så brutalt i ein barnebibel, men det er ei historie som fortel noko viktig: Også gode, ærlege menneske som vi ser opp til i maktposisjonar, kan misbruke makta si.

Ein slik samtale kan vere god å ta med barna sine. Og historia om David og Uria gir ein mogleg inngang. Det er alltid interessant å diskutere kva for historier frå Bibelen som passar for barn, men ved å utelate så mykje alvor som Min barnebibel trass alt gjer, blir boka berre aktuell for dei aller minste.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser