Anmeldelser

Gro Dahles poesi samla mellom to permar: «Leiken og varm»

Gro Dahle stiller seg vidopen overfor verda og inspirerer oss til å gjere det same.

Gro Dahle kan seiast å vere eit aldri så lite unikum i den norske skjønnlitteraturen. Først for den litterære stemmen sin. Sidan debuten i 1987 har ho gitt ut ei rad med kritikarroste bøker i ulike sjangrar, som har Dahles undrande, lett naivistiske og likevel eksistensielle stemme til felles. Det er eigentleg ikkje så viktig å kategorisere i litteratur for vaksne og litteratur for barn, eller i prosa og lyrikk, for den del. Ho er kanskje aller mest kjent for bildebøkene sine, gjerne i samarbeid med mannen Svein Nyhus eller dottera Kaia Dahle Nyhus, ofte med alvorlege tematikkar i botn. Men mykje av den same litterære tonen finst i lyrikken for vaksne. Det poetiske er sjølve livsnerven i alt Dahle skriv, og ho debuterte som lyrikar. Ho skriv med varme, humor og alvor. Og dyra er overalt!

I tillegg til å skrive bøker sjølv, har Dahle også verka som skrive-inspirator for forfattarar og forfattarspirar på alle nivå, gjennom utbreidd kursing i kreativ skriving. Eg har sjølv opplevd Dahle i denne rolla, for mange år sidan, og hugsar framleis nærværet og entusiasmen hennar. Nærværet og entusiasmen pregar hennar eigen litteratur. Gro Dahles Samlede dikt er eit godt høve til å lese diktsamlingane hennar i samanheng; no når det er gått tjuefem år sidan førre poesioppsummering, Karneval. Dikt i utvalg (1997). Samlede dikt er mat for poesimons, og for dei fleste som likar Dahles undrande og leikande innstilling til verda.

Dahle skriv med varme, humor og alvor. Og dyra er overalt!

—  Alf Kjetil Walgermo

Før eg skal utdjupe dette nærmare, har eg likevel ei undring av eit anna slag, for held tittelen det han lovar? Samlede dikt høyrest fulldekkande ut, men det er fleire dikt som manglar her – både enkeltdikt, dikt frå samarbeidsprosjektet Alexandrias aske (1993) og den frie gjendiktinga av Anna Akhmatova og Frank O’Hara, Anna og Frank (2017). Diktbøkene for barn er heller ikkje blitt med. Ikkje heilt «Samlede», altså, men nært nok – på 791 sider er boka allereie i toppsjiktet av norske diktbøker når det kjem til omfang.

Paveleg debut

Boka har ein flott, liten tekst av forfattaren Camilla Bogetun Johansen som føreord, full av beundring, både analytisk og varm. Teksten har tidlegare stått på trykk i Klassekampen, men forsvarer sin plass her, sjølv om han strengt tatt må vere skriven som respons på Dahles seinaste diktsamling, Gave (2020). Dahle debuterte 33 år tidlegare, med diktsamlinga Audiens (1987), naturleg nok første diktbok i Samlede dikt. Og for ein debut! Her krinsar forfattaren rundt den katolske paven som figur, rundt sjølve ordet paven, rundt alt som paven ber med seg av ulik bagasje.

Paven er ein sympatisk figur i dikta, dette er ikkje ei diktsamling som først og fremst er ein kritikk av den katolske kyrkja. Samlinga er meir av ein leik og ein språkdans. Dikta er lette å lese, ofte morosame, nesten som små barnebøker innimellom, med kardinalar som hentar sine raude hattar og søstrer (nonner) som trippar rundt som små, kvite høner.

Og midt i alt er paven sjølv, ein pave som kan snike seg rundt i alterringen på nattetid og ete oblatar i ei mørklagt kyrkje. Ein pave som kan gøyme seg under bordet til alle har slutta å leite. Det siste kan sikkert vere freistande for fleire kyrkjeleg tilsette iblant!

Stor diktarisk fauna

Etter debutsamlinga om paven kjem endå ei samling med visse religiøse konnotasjonar, Apens evangelium. Evangeliet blir altså kontrastert og utfordra ved bruk av apen, eit av mange dyr som dukkar opp i Dahles poetiske forfattarskap. Leiken er framleis til stades, sjølv om det ser til å kvile eit større alvor over tekstane i denne boka enn i debutsamlinga.

---

Poesi

Gro Dahle

Samlede dikt

791 sider, Cappelen Damm 2022

samlede

---

Eg skal ikkje gå nøyare inn på enkeltdikt her, det religiøse sporet er heller ikkje så markant. La meg i staden gripe attende til det overordna dyremotivet i Dahles lyrikk, som også apen i Apens evangelium er eit uttrykk for. I Bibelen kan vi lese at Gud skapte dyra før menneska. Og det er nok å kaste eit blikk på omslaget av Samlede dikt, som er fullt av hundar og fuglar, eller forfattarbiletet på innbretten, der Gro Dahle står med ikkje mindre enn fem hundar på ein gong, for å skjøne at dyra er viktige også i Dahles skapingsprosessar. Viljen og evna til å møte dyra i augehøgde, sette seg inn i deira situasjon, og la dyra vere ein aktiv del av tematikk, motiv og språk, er karakteristisk for Gro Dahles bøker. Gjennomgåande møter vi ei rekke dyr og levande skapningar, frå den nemnte apen til grevlingen og reven, frå hunden til snigelen. Faunaen er stor. Og, ikkje minst, her er mange fuglar, som blant anna er motivkrins i diktsamlinga Alle fugler (2007), ei av dei flottaste diktsamlingane til Gro Dahle.

gro dahle

Eksistensielt og humoristisk

Eit anna overordna trekk i Dahles poesi er bruken av spørsmålet. La oss ta med oss eit par døme her, først frå starten av diktsamlinga Støvet, skyggen, hunden og jeg (2011):

Er det jeg som lytter?

Er det jeg som stanser?

Venter?

Er det vinden jeg hører?

Er det vannet?

Alle spørsmåla som pregar den poetiske forfattarskapen, og som vi også kan sjå i form av poetiske gåter i diktsamlinga Regnværsgåter (1994), viser Dahles grunnleggande innstilling til verda: Poeten er den spørjande og undrande.

Store spørsmål som «Hvor trist er trist?», «Hva skjer etterpå?» og «Hvor begynner hverdagen?» blir gjerne kombinert med humoristiske og litt rare spørsmål som «Hvilket sted spiller på trompet?» og «Hvem er det som rasler bak ryggen min i draculakappen?» Eller kvifor ikkje slik som dette, også frå Regnværsgåter (1994):

Hvem er det som plystrer på lageret

klokken ti på formiddagen?

Den er den glade ryddegutten

som tenker på matpakken sin

Plystrer Kjære Gud jeg har det godt

altfor fort

mellom kassene

Eksistensielle spørsmål blir ofte formulert på barnleg vis, og skaper ein undrande naivisme som like fullt har eit stort djup. I dei underfundige spørsmåla kan det ligge stor innsikt, som når Dahle spør: «Si at du stapper moren din opp i en koffert Hva får du da?» Jo, ein «håndbagasje du må slite med opp trappene, inn gatene, over plassene, gjennom byene».

Eksistensielle spørsmål blir ofte formulert på barnleg vis, og skaper ein undrande naivisme som like fullt har eit stort djup.

—  Alf Kjetil Walgermo

Nettopp mor-dotter-forholdet blir stadig tematisert hos Dahle, som i diktsamlinga Søster (2016), eit av høgdepunkta i Dahles forfattarskap. «Det trengs minst to for å bære en mor», heiter det i opningsdiktet der. Mora blandar seg i alt og eg-et tenker at det hadde vore fint med ei søster til å dele morsbyrdene. Lengten etter ei søster, korleis søstera blir teikna fram, korleis varmen og kjærleiken, men også feidane og uvenskapen, blir skildra – alt dette er både svært rørande og innsiktsfullt gjort.

Opne og inspirerande tekstar

Det er meir, mykje meir, å finne i Samlede dikt. Gro Dahle stiller seg vidopen overfor verda og inspirerer oss til å gjere det same. Eg lar resten blir opp til lesarane å utforske på eige hand, men vil komme med eit lite lesetips til slutt, ei viktig setning for lesinga av Gro Dahles dikt. Eg brukar like godt hennar eigne ord: «Ikke med fornuften, men med månen i munnen skal du lese teksten, den er åpen.»

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser