Fossil og samtid

Nils Chr. Moe-Repstads nye diktsamling grip dei lange linene i jordas og menneskets utvikling i dikt der historie stig fram som samtid.

TID OG IDENTITET: Nils Chr. Moe-Repstad si ellevte diktsamling Devon er full av tids- og landskapsforskuvingar. Devon er både ein geologisk periode og eit engelsk landskap.
Publisert Sist oppdatert

Ei smal, grøn diktsamling har eg hatt med meg på fly og tog, ved bord og til sengs. Ho er vanskeleg å skriva om. Ikkje fordi ho er uinteressant, tvert om: det er så fortetta poesi at eg har tenkt at det som står på desse sidene er det som skal seiast og skrivast.

Men så, medan eg var ute og slo gras på det gamle bruket mitt i dag, gjekk det opp for meg at jau, det er jo akkurat slik: det er dikt om akkurat slik det er her eg går her på eldgamal grunn «under» himmelen, og det veks kring meg, og minnebrokkar og lærdomsbrokkar dukkar fram og kverv i meg, og eg slår og slår, og det er desse røystene, eller ekko, som T.S. Eliot kallar dei, i hagen frå ulike tider som er samtidige i meg, «in the garden».

Det er Nils Chr. Moe-Repstads Devon som slik har reist med meg gjennom tider og stader.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP