Anmeldelser

Gyver laus i ein fandenivoldsk og homoerotisk rus

Jonathan August Lengali skildrar ynglingens seksuelle draumar i eit kaotisk og sterkt biletskapande språk.

Ein yngling er ei noko gamalmodig men klangfylt og sansenær nemning for ein person av hankjønn som ikkje lenger er eit barn men heller ikkje fullvaksen mann. Det opnar for å sjå meir tilstand enn alder (ung mann, ungdom), som når til dømes Wergeland skriv «barnedragt fra ynglings skulder glider» eller slik Halldór Laxness skildrar på magisk vis i Únglingurinn í skóginum.

Alt like gyldig

Eg tenkjer at det er dette som har fått ein elles så røft språkmoderne poet som Jonathan August Lengali til å velja ordet som tittel på ei diktsamling som er alt anna enn tradisjonsbunden. Tvert imot: Her gyver han på postmoderne vis laus på etablerte religiøse og etiske normer i ein slags fandenivoldsk homoerotisk rus.

Det er ei sterkt ego-sentrert diktsamling som ikkje har anna «handling» eller (for meg) anna synleg meining enn å skildra den homofile ynglingens seksuelle draumar og handlingar. Dette er i og for seg i tråd med eit meir og meir utbreidd tenkesett om at alle har lov og rett – og vert oppmoda til – å nyta sin seksualitet etter eige behov. I ei etterkristen tid er det ikkje noko sjokkerande ved dette, og berre ein minoritet blir oppbrakt over pornografiske skildringar i denne diktsamlinga. Når det ikkje er grenser lenger, er heller ikkje overskriding mogeleg. Og når alt er like gyldig, blir alt likegyldig.

Original biletskaping

Det som fascinerer meg ved samlinga, er ein uvanleg høgt oppdriven biletskapande evne som slår ut i diktline etter diktline i Yngling. Poeten pøser på med den eine originale biletkoplinga etter den andre. Diverre manglar samlinga retning ut over det før nemnde egoets sjølvtilfredsstilling samt gleda ved freistnaden på å sjokkera gjennom ei litterær blotting av nakenskap og detaljerte skildringar av menns seksuelle aktivitet med andre menn.

Trass i den røffe moderniteten i språket blir det noko forsinka over blottinga.

—  Knut Ødegård

Trass i den røffe moderniteten i språket blir det noko forsinka over blottinga: for ein generasjon sidan, då grenser fanst, hadde ord og skildringar som vi finn her ha ført til oppstyr, no er vi der T.S. Eliot alt i 1934 med After Strange Gods innsåg om blasfemi som umogeleg utan tru.

Ordet «gudt»

Eg nemner dette med Eliot og blasfemien også av den grunn at ein del av Lengalis leik med språk og bilete er omgrep, ord og namn frå Bibel og kristen tradisjon. Ynglingen er på ustanseleg leiting etter erotisk tilfredsstilling med andre gutter/menn, og språkleg finn han opp ei verdsleg guddommeleggjering av denne endelause kåtskapen med ordet «gudt».

---

Poesi

Jonathan August Lengali

Yngling. Dickt

105 sider, Oktober 2022

yngling

---

Eit endå tydelegare døme på det nokon kanskje framleis trur er mogeleg blasfemi, er at han set Menneskesønnen inn i den homoerotiske konteksten. Krenking av tradisjonstru kristnes identitet og verdisyn (som er noko anna enn blasfemi) er forlengst akseptert i dette postmoderne samfunnet.

Språkleik

Språkleg leik kan vera fascinerande, om enn i passande mengder. Her er mengdene store, og det vert noko trøyttande ved å stadig verta minna på penis og sæd og romper og lår i dette som somme stader er kalla «dickt» (her kryr det av variantar av dick) med ein vri på engelsken. Poeten er glad i engelsk språk, og vi får ei lang rad fullstendige eller ufullstendige setningar på engelsk i den norske samlinga. Ein god del av dette er sitat (og boka er utstyrt med ei liste tilvisingar til litterære sitat og allusjonar).

Eg vender tilbake til det som er Lengalis uomtvistelege force: hans uvanleg sterke og djerve biletskaping.

—  Knut Ødegård

Når dette er sagt, vender eg tilbake til det som er Lengalis uomtvistelege force: hans uvanleg sterke og djerve biletskaping. Han kan formulera «Et hjerte skjult i olivenolje og en mørk elv» og «et glass kald melk står alene i regnværet». Dette er fint, men så er det også litt for mykje som er nokså tøvete. Hovudproblemet er nok dette med retningsløysa, at vi blir sitjande att med ein masse biletsekvensar som ikkje seier anna enn at eg-personen er kåt, stundom einsam, trist, men veit liksom ikkje kva han skal med mylderet av bilete han framkallar.

Biologi og mareritt

«I min kropp er det biologi og mareritt», skriv han. Det trur vi han på, men i hans dikt saknar eg den poetiske frigjeringa gjennom sprenging av samlande struktur, ei frigjeringsrørsle gjennom erkjenning av at noko finst «der ute».

«Jeg har ingen historie og lever gjennomboret av bilder», skriv han. Utfordringa ligg i å snu dette. Ein annan stad skriv han at «Det er fullt av fred i verden, men lite rettferdighet.»

Rettferd er det så som så med, men at det er fred i verda er jo ikkje rett i Ukraina-krigens tid. Menneske, som både er fysisk-mekaniske vesen men samstundes sårbare åndsvesen, dei finst blødande under samanrasa boligblokker i Mariupol.

Veg å gå

Eg har, som lesaren sikkert forstår, tru på ein poet som Jonathan August Lengali. Men han har framleis ein veg å gå med biletmylderet før han finn den klåre tanken som trengs for å skriva det formfullende diktet. Kanskje kunne eg drista meg til å nemna som lærar for han poeten Åsmund Sveen, den store, gløymde poeten som òg hadde homoerotiske element i ei dikting som førde langt ut over hans eige ego?

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser