Norsk science fiction har nettopp fått fornya merksemd gjennom ein artikkel Jørn A. Jensen har skrive på oppdrag frå det kinesiske tidsskriftet World Science Fiction Frontiers, nyleg tilgjengeleggjort på Jensens nettstad futuritum.com. Artikkelen ein god påminnar om at norsk skjønnlitteratur er meir enn strikt sosialrealisme, faktisk er det påfallande mange innslag av fantastiske element i den norske litteraturen.
Samtidig er den idérike forfattaren Simen B. Hagerup klar med romandebuten sin, Jordverv, omtalt av forlaget som ein fantasyroman for vaksne. Eg skal ikkje her gå inn i ein sjangerdiskusjon om boka like godt kunne vore kalla for ein sci-fi-roman. Poenget er uansett at Hagerups bok plasserer seg innanfor den fantastiske litteraturen, i godt selskap med andre forfattar som lar det fantastiske springe ut av det realistiske. Eit førebilete for Hagerup er ikkje minst den amerikanske forfattaren Ursula K. Le Guin, som mellom anna har skrive bøkene om Ekumen og Jordsjø.
Lort i verdsrommet
Romanopninga er såleis lagt til ei skarve leilegheit i New York, der ein viss Andrew Burke drøymer om ein trostlort som aldri landar på enga under fuglen som slapp han. Og dermed er vi i gang! Lorten landar nemleg ein heilt annan stad i universet, med eit apropos til den fallande kvalen som brått byrjar å eksistere nær ein framand planet i Douglas Adams’ Haikerens guide til galaksen. Frå trostelorten oppstår det ein heilt ny sivilisasjon, som store delar av romanen heretter skal utspele seg i.
Hagerups bok er full av humor.
— Alf Kjetil Walgermo
Som vi forstår: Hagerups bok er full av humor. Gjennomgåande legg han inn små overraskande element i teksten og vrir på sjargong og klisjear så det meste står fram komplett originalt.
[ Poesi som nærmest ber om å bli vist ut av det gode selskap ]
Hovudpersonen med på lasset
Etter dei to sidene med tredjepersons forteljing om Andrew Burke i starten, blir vi straks kasta vidare til ein kvinneleg eg-forteljar, hovudpersonen i romanen. Ho heiter Tatjana, er i pensjonsalderen og blir prismet vårt mot den nye verda. Eit spørsmål til romanen er i kor stor grad Tatjana blir etablert som ein truverdig observatør. Det skortar nemleg litt på karakterteikninga i Hagerups bok, av den enkle grunn av interessa ligg ein heilt annan stad: i siviliasjonen han så oppfinnsamt skildrar. Meir innleving i Tatjana som person hadde moglegvis gjort leseopplevinga endå sterkare. Slik det er no, følgjer ho liksom berre med på det fantastiske lasset, der ikkje eingong dei to solene på himmelen forbløffar henne i stor grad.
[ «Kristin Hoffmann skriver fornøyelige noveller mellom mysterie og komikk» ]
Eg trur Hagerup gjer dette medvite, som grep. Men han brukar samtidig sterke emosjonar – lengten etter eit avdødt barnebarn – som drivkraft for Tatjanas utforsking av den nye verda. Kanskje burde han utvikla endå fleire sider av Tatjanas emosjonalitet?
---
Roman
Simen B. Hagerup
Jordverv
Kolon 2021, 236 sider

---
Mat for filmen
Sjølve oppbygginga av det fantastiske universet er fascinerande gjort. Her er både elvesamfunn, ødemark og bysamfunn med ulike klanar, språk og spesialitetar. Spinnarklanen produserer til dømes fiskesilke – ypparleg til å lage klede av – av gammalt fiskeslo og beinrestar. Like så finst det ei rekke andre kreative påfunn, eksistensar – også åndelege – og livsmeiningsløysingar. Som det blir uttalt i romanen: Alt tenkbart er mogleg! Eg ser for meg filmskaparar som vil sikle etter å filmatisere denne boka.
Eit spørsmål til romanen er i kor stor grad hovudpersonen Tatjana blir etablert som ein truverdig observatør.
— Alf Kjetil Walgermo
Trugslane for Tatjana er mange, ikkje minst udyret Abulek – kjent som Tankeeteren – og den mystiske Berken, som eg ikkje skal røpe meir om her. Samtidig viser det seg at Tatjana sjølv sit på sterke, paranormale krefter.
Fantasikrafta
Eg synest ikkje boka har så mykje å gi som religionskritikk eller samfunnskritikk, som er eit ganske så vanleg element i den fantastiske litteraturen. Her er det først og fremst fantasikrafta som imponerer. Simen B. Hagerups romandebut er både eit godt døme på og ein peikar vidare mot eit interessant felt i den norske skjønnlitteraturen: det fantastiske.