Petterson får formidla vesentlege bitar frå eige liv

Per Petterson skriv litterært og personleg frå sitt eige liv. Det blir langt ifrå ei koronadagbok.

LIVET I JOURNALFORM: Per Petterson uttalar seg førebiletleg klart om dei personlege og litterære spørsmåla som til ei kvar tid opptar han, skriv vår meldar om «Mitt Abruzzo. Journal 29.1. - 18.7. 2021».
Publisert Sist oppdatert

For å rydde unna mistankar og misforståingar først: Per Pettersons nye bok går ikkje inn i si tid som endå ein variasjon av frykt og avsky under pandemien. Alt som smakar av dagbok frå våren 2020 til hausten 2021, står i uunngåeleg fare for å hamne nettopp der. Og innimellom er sjølv Petterson farleg på veg. Men berre nesten. Virus- og vaksinasjonsnoteringar hamnar raskt i bakgrunnen for ei breiare tenking rundt liv og litteratur, denne gongen frå forfattaren sjølv, ikkje filtrert gjennom «alter egoet» Arvid Jansen.

Forholdet mellom Petterson og romanfiguren Arvid, som av fortolkarar innimellom er blitt knytt tettare saman enn kva godt er, er berre eitt av mange tema den internasjonalt anerkjente forfattaren ytrar seg om i boka. Han lar seg ikkje drukne i teori, eller «drungne» som det heiter på hans eige mål. Nei, Petterson uttalar seg førebiletleg klart om dei personlege og litterære spørsmåla som til ei kvar tid opptar han.

Dikting er dikting

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP