Anmeldelser

Bøker som denne trengs, i alle fall viss Ap skal makte å finne tilbake til gamle takter

BOK: Sosialdemokratiets krise er djup, men sannsynlegvis ikkje uløyseleg. Ny bok finn mange svar og opnar opp ideologidiskusjonen i Arbeidarpartiet for oss tilskodarar.

Å produsere bøker som tenker høgt rundt ideologiske spørsmål og verdidebattar, er sunt for eit parti. Høgre har i alle år hatt Civita som har bidratt til å halde ideologidiskusjonen levande i partiet, blant anna gjennom bidrag frå partiets eigen husideolog Torbjørn Røe Isaksen. Frå Arbeidarpartiet har vi sett mindre av denne viktige måten å drive politikk, kanskje fordi dei var opptatt med å styre landet, eller kanskje fordi dei berre driv politikk på ein annan måte.

Palme-inspirasjon

Eit anna moment er kanskje også at Høgre var gjennom ei krise på 90-talet og byrjinga av 2000-talet som kan samanliknast med den krisa Ap opplever no. Nød lærer nøgen kvinne at spinde, slik naud lærer politiske parti å diskutere kvifor dei er til. Etter fleire år med vonde interne diskusjonar ser det no ut til at Ap er i ferd med å finne fram til den livsviktige ideologidiskusjonen, til dømes med boka Hadia Tajik gav ut i fjor haust. Den bidreg til å gje sosialdemokratar svar på større spørsmål i vår tid. Det trengs, i alle fall viss Ap skal makte å finne tilbake til gamle takter.

---

sosialdemo

Bok: Sakprosa

Derfor er jeg sosialdemokrat

Hadia Tajik (red.)

Res Publica 2021

---

Derfor er det fornøyeleg for ein politisk interessert person å lese den nye utgjevinga Derfor er jeg sosialdemokrat, som nyleg kom på Res Publica forlag. Tittelen på boka er inspirert av eit innlegg som den tidlegare svenske statsministeren, Olof Palme, heldt i ein partileiardebatt i Sverige i 1982. Der teikna Palme ein høgare himmel over det politiske arbeidet, og forklara kva han ville gjere for landet sitt. Det fins nok ein del veljarar som lar seg inspirere av slikt, meir enn trauste diskusjonar om Nasjonal Transportplan.

Ein høgare himmel

I boka Derfor er jeg sosialdemokrat teiknar tjuetre partifolk i Ap ein høgare himmel over partiets oppdrag i det norske samfunnet, sett frå sine ulike perspektiv. Det skjer på imponerande godt vis, fordi mange av tekstane er særs velskrivne og engasjerande. Boka er leseverdig for langt fleire enn den mest politisk interesserte lesaren, fordi den evnar å forklare kva magi politikken kan skape og kven som treng politikk.

Nød lærer nøgen kvinne at spinde, slik naud lærer politiske parti å diskutere kvifor dei er til.

—  Emil André Erstad

Tekstane vekslar mellom personlege vitnesbyrd til meir rasjonelle, kjølige og talbaserte analysar. Sidan det er så mange bidrag, vert det berre plass til å omtale dei tre som engasjerte aller mest her.

Sosialdemokratiets trilemma

Maria Schumacher Walberg, tidlegare finanspolitisk rådgjevar på Stortinget og no leiar av samfunnspolitisk avdeling i Industri Energi, leverer ein tekst som verkeleg gjorde inntrykk på meg. Kanskje mest av alt fordi analysen hennar er skarp, personleg og velskriven. Sjeldan har eg lese ei betre forklaring på kvifor eit menneske endar opp som sosialdemokrat. «Jeg er sosialdemokrat fordi (...) vel så mye som god vilje, handler politikk om evne til å drive gjennom endringer.»

Walberg skildrar vidare korleis sosialdemokratiet står overfor eit trilemma: ein aukande kompleksitet, ein endra mediekvardag og manglande representativitet. «Hvis etterkrigstida var arbeiderbevegelsens storhetstid, er vi nå inne i advokatenes gullalder», skriv ho og viser til at rommet for politikk har blitt trongare med internasjonalisering og naudsynte juridiske utgreiingar. «Maktesløsheten har fått bedre kår. Stadig sterkere føringer for samfunnsutviklingen er flyttet bort fra arenaer der politikk vedtas», analyserer Walberg vidare, før ho svarar på spørsmåla sine: «Hvis vi skal finne fram til gode løsninger, må de som kjenner hvor skoen trykker, være med på å utforme dem. Da må terskelen for deltakelse være lav, og opplevelsen av at det nytter å engasjere seg, være allmenn».

Dei som fell utanfor

Henny Kristin Asperanden Navarsete skriv om korleis livet på småbruket i Leikanger brått vart mykje vanskelegare den dagen mor hennar fekk brystkreft og døydde i ung alder, med ein far som streva etter tapet av kona si og som vart sjuk og ufør kort tid etter. Det er ei sterk historie på få sider som forklarar kva utfordringar små born kan stå i rundt omkring i landet vårt, og Asperanden Navarsete skriv godt: «Eg har kjent på kroppen korleis det er å bli møtt av livet i døra, å kjenna seg einsam, men òg at det finst ein velferdsstat som skal sikra at det einskilde mennesket og den einskilde familien skal sleppe å stå aleine. At me alle høyrer til i noko større».

Historia hennar er eit sterkt vitnesbyrd om behovet for velferdsstaten som må stille opp for dei som fell utanfor, men òg om livet som Ap-politikar. «Til tross for at eg somme tider har vore oppgitt og i fortviling har hatt lyst til å gje opp heile partiet, har eg vakse opp med oppdraget som folkevald. Det eg er mest glad i, kan eg òg bli mest oppgitt over.» Ei raus haldning til partipolitikk, der altså, som mange av oss andre kanskje kan hente inspirasjon frå.

Framtiden

Mot slutten av boka er det lagt inn ei samtale mellom nyleg avgått AUF-leiar Ina Libak og veteranen Martin Kolberg, ei samtale som verkeleg vekker interesse. Der reflekterer dei to, som ser Ap frå heilt ulike generasjonar, om kva som har skjedd på vegen. Litt av problemet, i følge Kolberg, er jo at Ap på sett og vis har lukkast for godt med politikken sin. Folk har fått det så godt at dei ikkje føler dei treng sosialdemokratiet lenger. Ina Libak reflekterer over dette: «Man når en grense på et tidspunkt for hvor mye det materielle har å si for menneskers liv. Det man da søker, er å høre til et sted, å kunne bety noe for noen, å kunne gå på jobb og vite at man har en funksjon i samfunnet. Dette må bli en del av vår politikk. Også fordi vi lever hinsides jordas tåleevne. Det kan ikke arbeiderbevegelsens være bekjent av».

Og kanskje er det akkurat der vi finn Arbeidarpartiets framtidsprosjekt.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser