Bøker

Sosialdemokratar som treng svar på dei store spørsmåla i vår tid, bør lese Hadia Tajik

Det er trist at boka til ein så framifrå sakprosaforfattar som Hadia Tajik drukna i støy om ei forside. Innhaldet er plukka frå øvste hylle – og gir svar til eit sosialdemokrati for vår tid.

La meg starte ved å vere heilt open og ærleg: Eg er fascinert av Hadia Tajik. Djupt fascinert, nesten sånn at det er litt i overkant. Både når eg har lese det ho skriv, sett henne opptre i debattar og møtt henne personleg, har eg tenkt: Ho er jammen intelligent, lynande skarp og nokså unik i norsk politikk.

Det er derfor kanskje litt flautt å innrømme at då eg byrja å lese den mykje omtala bokar hennar Frihet, så var det som om noko i underbevisstheita mi leita etter feil, manglar og inkonstistens som kunne slå hol på denne heltedyrkinga av politikaren Hadia Tajik.

Eg er ganske sikker på at eg ikkje manglar kritisk sans, men etter å ha lest Tajiks bok byrjar eg å bli i tvil.

 

Oppveksten med innvandrarforeldre

Mange politikarbøker er dårleg skrivne, nokså upålitelege og lite etterrettelege, lange og keisame. Hadia Tajiks Frihet er ingen av delane. Det er derfor skikkeleg synd at debatten om boka hennar krasjlanda i ein malplassert debatt om biletet på forsida. Innhaldet pleier som oftast å vere meir interessant i bøker, men i Tajiks tilfelle er det nesten ein pageturner ho har levert.

Det er skikkeleg godt gjort.

Tajiks raude tråd er oppveksten med pakistanske innvandrarforeldre i den vesle bygda Bjørheimsbygd i Rogaland. Då Tajik seinare i boka tek oss med på små dokumentariske svippturar innom tema som arbeidsliv, ulikskap, religion og livssyn, ytringsfridom, distriktspolitikk, helse og makt – kjem ho heile tida tilbake til opphavet sitt. Kven ho er. Kor ho kjem frå. Kven foreldra hennar var.

Ho skriv ting som «ma hastom», som er farsi for «det er meg».

LES OGSÅ: Eg har alltid lurt på kvifor Thorbjørn Jagland er så latterleggjort. I sjølvbiografien hans fins svar, skriv Emil André Erstad

Kunne vore tysk

Kanskje er det nettopp opphavet til Tajik og bruken av dette som gjer boka hennar så interessant. Ho skriv om far sin, Mohammad Sarwar Tajik, at han som pakistansk arbeidsinnvandrar i Vest-Tyskland søkte sveisejobbar i mange land, og fekk ja frå verft i tre av dei: Canada, Brasil og Norge. «Canada? For langt unna. Brasil? Jeg kommer fra et u-land, det har ikke så mye for seg å dra til et nytt u-land, tenkte han. Norge? Det er sikkert greit, det. Slik havnet jeg her. Så jeg kunne vært tysk. Kanadisk. Brasiliansk. Men jeg ble norsk. Jeg vet ikke om det er flaks eller ikke. Men temmelig tilfeldig er det i alle fall», skriv Tajik om korleis far hennar valde Norge.

Det er her Tajiks politiske analyse er på sitt mest interessante, og det er dette perspektivet som følgjer gjennom heile boka. Eit skarpt, realistisk og analytisk blikk på det hyperdigitale, globalistiske og moderne samfunnet vårt – frå ei som har vakse opp i miksen av ulike kulturar: den vestlandske bedehuskulturen, den folkelege bygdekulturen og kulturen frå dei pakistanske foreldra hennar. At ho har mykje å fortelje oss andre, er inga overrasking.

At ho derimot er i stand til å fortelje historia si så drivande godt er nesten oppsiktsvekkande. Tajik er nestleiar i eit stort politisk parti og har hatt ein imponerande politisk karriere allereie. Likevel har ho tilsynelatande lagt særs mykje arbeid ned i dette grundige bokprosjektet der ho slepp oss lesarar tett innpå henne, nesten under huda. Ho har reist rundt med bandopptakar og intervjua menn og kvinner i gatene, på skulane, på arbeidsplassane, på kafeane og i dei religiøse miljøa. Bak ligg eit enormt research-arbeid, men resultatet er imponerande.

LES OGSÅ: Da Erna Solberg la hemmelig løp om å forhandle med KrF om abortloven, protesterte Trine Skei Grande og Siv Jensen kraftig

Overraskande konkret

Tajik brukar sine eigne livserfaringar til å gje oss nokre svar og litt retning på dei store spørsmåla i vår tid. Korleis skal vi for eksempel regulere internettet? Korleis skal vi løyse spørsmålet om arbeidsinnvandring? Korleis skal vi leve saman med ulik religiøs tru og overtydingar? Korleis skal vi få ned ulikskapen?

Boka er ikkje noko partiprogram, men i enkelte av desse spørsmåla kjem Tajik med overordna prinsipp som er overraskande konkrete. Slik kan også boka lesast som eit slags politisk manifest.

Alle desse kompliserte, vanskelege problemstillingane dukkar Tajik ned i med journalistisk presisjon og stor forteljarglede. Ho flettar saman sine eigne livserfaringar med forskingsrapportar, analysar og intervju med dei ho møter. Det blir lettlest, men ikkje lett. Mange politikarbøker er flate, nesten utan motstand eller kognitiv dissonans. Frihet er djup, lag på lag, forteljingar og menneske som knytast saman i den store samfunnsveven.

Tajiks svar på korleis vi kan motverke identitetspolitikken, ulikskapen og polariseringa er overtydande og truverdige. Ho snakkar opp fellesskap, ned fordommar – men samstundes som ho presenterer styrande prinsipp for mange vanskelege debattar.

LES OGSÅ: – Jeg er troende, men uten mellommenn eller kvinner, uten en menighet, skriver Tajik i «Frihet»

Kulturforskjellane

Tajiks bok er nesten meir ein politisk dokumentar om det moderne Norge, enn det ei klassisk debattbok eller politisk bok. Det er varme, nærleik og humor i dei mange portretta ho teiknar av menneske ho møter på vegen, for eksempel då ho trekk fram historia om då barndomsvenninna Cecilie frå Bjørheimsbygd og Tajik sjølv flytta til Oslo og måtte forstå dei enorme kulturforskjellane frå den vesle heimstaden.

Refleksjonane til Tajik om å vekse opp på bygda for så å flytte til byen er særs treffande:

«Jeg tror ikke oppveksten vår har fratatt oss mange muligheter. Ikke i et land som Norge. Ikke i vår tid. Den har først og fremst gjort oss til en fremmed på noen arenaer, en betrakter som prøver å late som hun passer inn, til hun har lært de sosiale kodene godt nok til å bli tatt for å være en innfødt i et sosialt lag hvor det drikkes pjolter, spises forretter med reker og dekkes på med dekketallerkener. Den første tida førte det til usikkerhet: Hva gjør jeg nå. Etter hvert har det blitt en slags kompetanse, som å lese terrenget på fjelltur, eller et rom med mange folk. Men i mange sammenhenger har oppveksten også gjort at det alltid er et etterslep å innhente, siden det var visse ting vi aldri lærte hjemme og måtte finne ut av på egen hånd – helst uten å avsløre at vi ikke kunne det i utgangspunktet».

Gud ingen sexist

Sjølv om mange av oss likar Tajik best på nynorsk, er språket til i boka rikt, stilsikkert og fullt av driv. Enkelte stader er ho så god at det er ei nyting å lese, som her: «Det er mulig din Gud er sexist, sjåvinist og homohater – men det er ikke min. Hun er raus».

Viss sosialdemokratar treng å finne svar på dei store spørsmåla i vår tid, bør dei lese boka til Hadia Tajik. Då får dei i alle fall ei god leseoppleving.

Emil André Erstad stod på sida i KrF som ville samarbeide med Ap hausten 2018, og møtte Tajik eit par gonger i nokre møte med mange andre til stades. Erstad er kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité og sakprosameldar i Vårt Land.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker