Profane openberringar frå poeten Dan Andersen
Dan Andersen kjem med meir innettervende dikt enn sist, med påkallingar frå eit eg til eit svarlaust du, og med stor bruk av omgrep frå religiøs språkbruk.
EIT SPEL: Mykje forblir stengd i Dan Andersens nye diktsamling. Det vil seie, somme dikt gjev meg gløtt inn i ei spennande biletverd, og eg anar stundom eit spel attom sceneteppet, skriv vår meldar.
Heidi Furre
Det er eit stort, ja digert sprang frå Dan Andersens førre diksamling for vaksne, Flaggtale (2016), og til årets Nedstyrtet poesi. I Flaggtale heldt han eit sviande oppgjer med vår sivilisasjons verste sider, og der grådugskapen og den kyniske materialismen med tilsvarande fråver av empati, var skrive med sjokkerande råe og direkte bilete. I årets samling er det som om vi les ein annan forfattar med anna språk og orientering.
Undergangsstemning
Eg har lese samlinga fleire gonger i den von at ho skulle opna seg meir for meg enn tilfellet var ved fyrste gongs lesing. Men mykje forblir stengd, det vil seie somme dikt gjev meg gløtt inn i ei spennande biletverd, og eg anar stundom eit spel attom sceneteppet. Det er ein slags tale, eller kanskje heller påkalling, frå eit eg til eit du, og det er ei fortviling, svarløyse og undergangsstemning i fleire dikt.
Bestill abonnement her
KJØP