Sviande kulturkritikk

Med eit rått språk oppsøkjer Andersen dei myrkaste krokane i ­menneskesinnet i si avdekking av vår mangel på empati.

Dan Andersens diktsamling Flaggtale inneheld sviande kulturkritikk. Von er det lite av i denne diktsamlinga, skriv vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Ein kulturkritikk på grensa til det misantropiske pregar store delar av Dan ­Andersens nye diktsamling, Flaggtale. Menneska vi møter i denne ruvande diktboka har klisjéfylte forhold til det sekulære samfunnets store ord om menneske­verd og forpliktande moral.

Ironiske oppgjer

Vi høyrer flaggtaler fleire stader i boka, og dei er sviande ironiske oppgjer med den søkkrike oljestatens velfødde menneske: Her finn vi ein mann, nesten mellomaldrande, han er utdanna, vellykka og velståande, med kone og born, og han sver sin truskap til det norske flagget, «og dermed sverger jeg til det gode».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP