Nesten umerkelig
Ei nesten kviskrande poetisk røyst som krev finstilling av lesarens sanseapparat
Erlend Berge
Casper André Lugg debuterte med diktsamlinga Lite rekviem i 2011. Medan debutdikta fekk tittel frå katolsk dødsmesse, hentar han tittelen åt andreboka frå dei gamaltestamentlege Salmane, 103: «Dagene er som gress» heiter den.
Dette er altså ein poet som signaliserer at han orienterer seg andre stader enn i den rådande sekulariserte kulturverda. Alf Kjetil Walgermo har her i Vårt Land skrive omfattande artiklar om ei «ny» religiøs interesse hjå norske forfattarar, og Lugg er blant dei som står i den hopen – utan dermed å vera plassert konfesjonelt.
LES INTERVJU MED CASPER ANDRÉ LUGG: En tro som bærer
Bestill abonnement her
KJØP