Tintins digitale eventyr

Hergés sobre strek er bytt ut med avansert animasjon i Steven Spielbergs filmversjon.

Kaptein Haddock og den unge journalisten Tintin får bryne seg på mange tøffe karar i Steven Spielbergs animasjonsfilm På eventyr med Tintin: Enhjørningens hemmelighet 3D.
Publisert Sist oppdatert

Filmen har lenge sett til teikneseriane for å finne sine historier. Nokre få teikneseriar blir til teiknefilm. Dei fleste blir til live action-film. Og somme blir til animasjonsfilm basert på menneskelege rørsler og avansert «motion capture»-teknologi. På eventyr med Tintin: Enhjørningens hemmelighet 3D er i denne sistnemnde kategorien.

Tintin er animert så han nesten liknar ein vanleg unggut. Men berre nesten. Teknikken er den same som i til dømes Polarekspressen og Beowulf. Somme vil nok sakne den enkle og sobre streken til den belgiske teikneserieskaparen Hergé. Desse vil finne opningssekvensen mest givande. Sjølv er eg ikkje Tintin-fantast, men interessert i korleis Spielberg og Jackson har overført teikneserien til lerretet.

Høgt tempo. Det som i alle fall er sikkert, er at filmskaparane har lagt opp til eit vanvittig tempo. Enhjørningens hemmelighet er framfor alt eit drivande action-eventyr i beste Indiana Jones-stil, filmane som Spielberg vart verdskjend med på 1980-talet.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS