Håvard Rem forsvarar pietismen med vers
LITTERATUR: Håvard Rem har skrive seg gjennom kyrkjehistoria frå 1500 til 2000 i balladeform. – Eg synest at pietismen har hatt eit ufortent dårleg rykte, seier han.
POETISK KYRKJEHISTORIE: Håvard Rem er ute med diktsamlinga «Kirkehistoriske ballader 1500-2000». Blant personane han skriv om, er Hans Nielsen Hauge, Thomas Ball Barratt, Arild Edvardsen og Børre Knudsen
Erlend Berge
– Lenge har eg eigentleg stått åleine. Men dikt i bunden form er morsmålet mitt. Det er songen eg har inni meg, seier Håvard Rem.
Vi har slått oss ned i bakgarden til Oslo domkirke for å snakke om den nye boka hans, Kirkehistoriske ballader 1500–2000. Her skriv Rem nettopp balladar, i bunden form – ei verseform som dei seinare tiåra ikkje alltid har stått like høgt i kurs i det poetisk etablissementet. Å skrive dikt i bunden form har likevel alltid gitt han svært mykje.
Rem har vore tru til «morsmålet» sitt. Den kunstnariske produksjonen hans tel samtidig eit stor tal verk innan fleire sjangrar, som diktsamlingar,
gjendiktingar, skodespel, biografiar og reiseskildringar. Rem har også skrive
ei rekke låttekstar, blant anna for Morten Harket.
Bestill abonnement her
KJØP