Mørk psykothriller frå Sletaune

Pål Sletaune skaper ei nevrotisk stemning med thrilleren Babycall.

Noomi Rapace og Kristoffer Joner spelar svært godt i Pål Sletaunes nye thriller, Babycall. Fotograferinga i kalde blåtonar er også effektfull, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Pål Sletaune er regissøren som i si tid takka nei til å regissere American Beauty fordi han ikkje syntest manuskriptet var bra nok. Manus er viktig for Sletaune, slik han har skrive manus til dei fire spelefilmane sine sjølv: Budbringeren (1997), Amatørene (2001), Naboer (2005) og den nye Babycall.

Likevel er det ikkje historia og manuset som skil seg mest ut i Sletaunes nye film. Det er Noomi Rapace, den svenske skodespelaren som slo igjennom over heile verda som Lisbeth Salander i Milennium-trilogien. I Babycall spelar ho betre enn ho gjorde i Menn som hater kvinner – ei kvinne på randa av nevrotisk samanbrot.

Hemmeleg adresse. Anna (Rapace) har flytta på hemmeleg adresse saman med den åtteårige sonen Anders (Vetle Qvenild Werring). Dei er på flukt frå Annas eks-mann, som skal ha utøvd vald mot sonen. Livet er enno ikkje heilt normalisert. Anna klarer ikkje å la sonen vere åleine om natta. Først må han sove i same seng som henne, etter kvart kjøper ho ein babycall på det lokale kjøpesenteret. Slik kan ho høyre pusten til Anders når han søv, og slappe av sjølv.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP