Bøker

Å, kjensgjerningar!

Eilert Sundt er mannen som gjorde vitskap av sild og skit. I si nye bok gjer Espen Stueland poesi av denne samfunnsforskaren og vitskapen hans – ei uortodoks tilnærming som passar godt til Sundt.

For 2.300 år sidan slo Aristoteles fast at naturfilosofi på vers ikkje var poesi, men naturfilosofi. Sidan den gongen har kombinasjonen av sakkunnskap og poesi, som Espen Stueland forsøker seg på i si nye utgjeving, vore ei omdiskutert øving. I antikken var det vanleg å skrive slike læredikt, som dei ofte vart kalla, om alt frå universet si oppbygging til kunsten å dyrke poteter.

Svineri

Seinare gjekk denne diktforma mildt sagt av moten, ikkje minst som følgje av poet­ane i romantikken sin dom over ­sjangeren: svineri. Poesien skulle ikkje nyttast som middel for å formidle sakkunnskap, meinte dei. Poesien skulle vere kunst for kunsten si eiga skuld, nytte seg av fantasien heller enn fakta, og uttrykke kjensler heller enn rasjonelle argument.

No har det gått nokre hundreår sidan ­romantikken. Likevel er det kanskje ein rest av dette litteratursynet som sit i, når eg eit stykke ut i Eilert Sundt-tilstanden stoppar opp og, i likskap med Aristoteles, spør meg sjølv om dette er poesi:

«da Sundt kastet seg ut i diskusjonen om renslighet mot slutten av 1860-tallet

kunne legene vise til en rekke innkasserte seire i kampen mot lepra

samtidig som man fremholdt at utfallet av kampen ikke var gitt»

Det stive språket

Verselinjer som desse, som det finst mange av i det 240 sider lange diktverket, kunne like gjerne ha vore henta frå ei sakprosa-bok. Og ikkje nok med det – dei kunne vore henta frå ein ganske halvgod sakprosa, full av stivna uttrykksformer som «kaste seg ut i diskusjonen» og «innkasserte seire». Temmelig langt frå den språklege finessen ein ventar seg i eit diktverk, med andre ord.

Men etter kvart som eg kjem vidare i verket forstår eg at desse prosaiske enkeltversa må lesast i lys av heilskapen Stueland har greidd å skape. Eilert Sundt-tilstanden er ein serie med langdikt om livet og virket til den store samfunnsforskaren, der det tidvis stive språket i verselinjene inngår i ein dialog med Eilert Sundt sin eigen 1800-tals prosa, som ofte er direkte sitert.

LES MER: Espen Stuelands forrige bok: Utfordrende om klimakrisen

Kan det bli vitskap

Det høyrest ut som tung lesnad, men er det ikkje.

Flyten i langdikta glir like saumlaust frå ei språkform til ei anna, som frå eine refleksjonen til den neste. Eg får ei kjensle av at Stueland, som debuterte som lyrikar, men har gitt ut essay-samlingar dei siste åra, i denne hybridforma får nytta heile registeret sitt. Veldige mengder med kunnskap vert formidla, gjennom levande skildringar og rytmiske oppramsingar, små narrativ og store tankesprang. Det er fornøyelig å lese vers som dette:

«ta en prat om stien fra fjære til fjell

om åkerlappens slutt og begynnelse

kan det bli vitenskap av sånt

hvem vet, kan det bli vitenskap

av en prat om skråningen, om treklyngen

hvor det er svalest ved non, juliheten»

Sild og skit

Men det er ikkje berre ­flyten og dei raske tankespranga som gjer Eilert Sundt-tilstanden til medrivande lesestoff. Heller enn å fortelje heile livshistoria til forskaren går Stueland rett til saka: Kva er det som står på spel for Eilert Sundt? Kva vil han, denne omreisande nysgjerrigperen som ber folk vise fram korleis dei saltar silda og skrubbar vekk skiten, og gir ut bøker som skildrar «tilstanden» i landet basert på det han får sjå og høyre?

Med nerve og engasjement vert Sundt sine idear formidla, og sett inn i ein intellek­tuell og historisk kontekst. I likskap med mange­ opplysnings-orienterte tenkjarar­ i samtida var Sundt oppteken av at staten skulle styre landet basert på empirisk kunnskap, på «kjendsgjerninger», om dei faktiske tilstandane, til dømes hjå landet sine fattige.

Men til skilnad frå mange andre var ikkje Sundt tilhengar av tanken om at «ekspertar» skulle instruere dei fattige i korleis å leve. Han møtte dei fattige bøndene han studerte med grunnleggande interesse, velvilje og respekt.

LEST DENNE? Stueland vil forplikte seg på det verkelege

Diktar i kjensgjerningar

Eit av dei mest vellukka grepa i sakpoesien til Stueland er den pågåande dialogen med Eilert Sundt. Langdikta strør om seg med Sundt-sitat, fletta inn i versa på ein måte som verkeleg får dei til å skine. Å nytte Sundt på denne måten er også med på å underbygge valet av «sakpoesi» som sjanger. Den omreisande forskaren var sjølv kjend for å skrive ein sakprosa som grensa mot det skjønnlitterære, noko som var bakgrunnen for at monografien H.O. Christophersen skreiv om han hadde tittelen Eilert Sundt: En dikter i kjensgjerninger.

På 1800-talet vart utdrag frå Sundt sine tekstar nytta i lesebøker, «i en tid hvor skillelinjene mellom sakprosa og skjønnlitteratur / ble tillagt mindre betydning enn senere». Det siste sitatet er Stueland si formulering. I underteksten anar eg eit prosjekt for å bygge ned att desse skiljelinene, noko opptil fleire norske samtidspoetar har vore med på dei siste åra.

Sjølv om det finst parti i Eilert Sundt-­tilstanden som bikkar for mykje over i det prosaiske, lukkast Espen Stueland med den ukonvensjonelle forma han har valt. Som Sundt let han seg rive med av kjensgjerningar, og greier å få lesaren til å gjere det same. Dette er ikkje svineri, men god poesi.

---

Bok: Poesi

  • Espen Stueland
  • Eilert Sundt-­tilstanden
  • Forlaget Oktober

---

Les mer om mer disse temaene:

Helene H. Hareide

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker