Bøker

Stueland vil forplikte seg på det verkelege

Espen Stueland skriv gamle essay om igjen og mobiliserer forfattarane til klimakamp. Alt utifrå same glød.

For fire år sidan kom Espen Stueland med Gjennom kjøttet. Disseksjonen og kroppens kulturhistorie, ei bok han vart oppfordra til å disputere på. Dei seinaste åra har gått med til å revidere og nyskrive gamle essay som no ligg føre i bokform – Falsk tilståelse og andre essays, 700 tettskrivne sider.

– Kvifor ville du skrive gamle essays på nytt og gi dei ut som bok?

– Eg hadde lyst til å jobbe med dei. Eg har jobba kontinuerleg sidan 2009. Når ein skriv eit essay for eit tidsskrift, jobbar ein ofte opp imot ein nokså tilfeldig tidsfrist. Det kan skje at somme perspektiv ikkje blir godt nok gjennomarbeidd. Og eg kan bli skikkeleg irritert av å sjå at noko er dårleg formulert eller dårleg tenkt. Dermed tenkte eg at eg fekk ta eit nytt tak, seier Stueland til Vårt Land.

– Sidan det er Kierkegaard-år, kan vi jo nemne boka og omgrepet Gjentagelsen. Korleis er det å gjere alt på nytt?

– Det er veldig tungt. Først må eg lese, så ergrar eg meg, og deretter må eg gå inn i det med sympati.

Nye erfaringar. I somme av essaya er det lite att av den originale teksten, mens andre har stått seg over tid. Rundt ein åttandedel av Stuelands samla essayproduksjon har fått plass i boka.

– Det har vore interessant å sjå korleis eg tenkte før, til dømes å oppdage korleis eg tolka eit dikt på andre måtar enn eg gjer no. Dette er noko av det fascinerande med litteraturen: Den gode litteraturen kan du ha med deg heile livet, men lese han i lys av nye erfaringar, seier Stueland.

Når det gjeld essaysjangeren, synest forfattaren at denne har stått nokså sterkt etter Vinduet- og Profil-generasjonen.

– Både Georg Johannesen, Arild Linneberg og Jan Erik Vold har gjort eit nybrottsarbeid for at essayet skulle bli dagsaktuelt, ikkje berre ein «gammalmannssjanger» der ein skriv med «gullpenn» – distansert frå verda. Ein skulle skrive om problem i litteraturen som er brennaktuelle for oss i dag.

Kampen for klimaet. – Du innleier essaysamlinga med å skrive om forskjellen på den deltakande og den tilbaketrekte forfattaren. Du har eit essay om økologisk poesi, og i det siste har du markert deg som deltakande også ved å initiere forfattarprotesten mot Statoils oljesandprosjekt i Canada. Liv og litteratur er ulike sider av same engasjement hjå deg?

– Ja, absolutt. For meg heng dette i hop. Eg var nettopp på stiftingsmøtet for Forfatternes klimanettverk, som er ei samanslutning for både skjønnlitterære forfattarar og sakprosaforfattarar. Eg har lyst til å jobbe med klimaspørsmål framover. Gjennom eit nettverk står vi sterkare, ved å foreine det faktabaserte og det estetiske.

– Når kyrkja involverer seg på denne måten, møter prestane gjerne kritikk for å ha politisert seg. Korleis har reaksjonen på klimanettverket vore blant forfattarane?

– Det var svært sterk motstand i Forfattarforeininga. Ei djup splitting, rett og slett. Mange, særleg av dei gamle forfattarane, er redde for politisering, for å bli forplikta på noko. Politisk litteratur blir ikkje berre tatt imot med opne hender. Det er mange som ikkje vil vere med på det.

– Har de nokre formulerte mål for nettverket?

– Dette er jo heilt nytt. Men vi kjem til å jobbe både med Antarktis-spørsmål og oljeverksemda vår i Noreg.

Gravande journalistikk. – Dette engasjementet er jo det motsette av den tilbaketrekte forfattarrolla. Du har tidlegare teke til orde for at essayisten skal vere forplikta på sanninga, og essayet er ein sjanger som ligg svært nær røynda. Tenker du likt om essayistikken?

– Eg har hatt lyst til å prøve ut ein del av essayistikken i aviser. Då kjem ein inn i ei anna meiningsbrytning enn med artiklar i tidsskrift. Det var arbeidet med Gjennom kjøttet som fekk meg til å gå i denne retninga. Før skreiv eg meir skjønnlitterære essays. No skriv eg forplikta på det verkelege.

Mothårs undersøking. – Ordet essay betyr jo «forsøk». Kva bør det essayistiske forsøket innebere i dag?

– For meg handlar det om å undersøke eit dokumentarisk material, gjerne på ein «mothårsmåte». For nokon har dette materialet har vore verkelegheitsskildrande. Men om vi ser på det frå ein annan vinkel, kan vi spørje: Korleis har forståinga deira forma materialet dei hadde? Dette er aktuelt ikkje minst i Birgitte Tengs-saka, der politietterforskarane prøvde å forme den sikta og fekk ut ei falsk tilståing han blei dømt på.

Tittelen på essaysamlinga spelar i første omgang på teksten Stueland har skrive om Birgitte Tengs-saka. Men andre perspektiv ved «falske tilståingar» kling også med.

– Det finst heile vegen ein kamp om måtar å forstå verkelegheita på, anten det er snakk om klimaspørsmål eller andre samfunnsspørsmål.

Nye briller. – Kan du seie litt meir om korleis arbeidet med Gjennom kjøttet endra måten din å «forstå» og skrive på?

– Å lese medisinhistorie og vitskapsteori endra alt. Det har ført til at tidlegare tekstar ikkje er sanne for meg lenger, dei er litterære på feil måte. Difor hadde eg lyst til å skrive om desse tekstane med nye briller.

Stueland humrar litt når eg påpeiker doktorgraden hans. Rett nok disputerte også Knut Olav Åmås på biografien om Olav H. Hauge, men det er sjeldan at forfattarar får bøkene sine godkjend som doktorgradsarbeid.

– Eg er ingen akademikar. Verkeleg. Eg har alltid hatt interesse av å lese teoretiske tekstar, men ikkje innanfor institusjonen. Eg tok to grunnfag (litteraturvitskap og filosofi), så debuterte eg med dikt. Sidan har eg ikkje sett meg attende. Før eg disputerte.

Doktortittel. – Så no kan vi altså kalle deg for dr. Stueland ... Men du får kanskje ikkje så mykje bruk for tittelen din?

– Altfor lite! Eg har høyrt at ein hjå somme flyselskap kan krysse av for om ein er doktor.

– Og då får du førsteklasses behandling?

– Eg veit ikkje om det er det, eller at dei skal vite om eventuelle doktorar på flyet i tilfelle nokre fell om.

– Det spørst om dei då ville tilkalla ein som var ekspert på disseksjon ...

– Ja, kor langt hadde eg då kome med Sylvia Plath-dikt?

Viktig poesi. – Vi må snakke om poesi. I boka finst essay om Arne Ruste, Stein Mehren, Jon Fosse, Göran Sonnevi, Tomas Tranströmer og Michael Ondaatje. I kva grad er utvalet eit uttrykk for kva slags poetar du sjølv set høgt?

– For å kunne jobbe med eit forfattarskap over så mange år, må det appellere djupt til deg sjølv. At ein kan vekse med det, gjenlese det og gå inn i det kierkegaardske gjentaking som du nemner. Elles vil ein jo berre vidare. Det eg har skrive om poesi er ein veldig viktig del av denne essaysamlinga.

– Du er poet sjølv, og du har skrive mykje om poesi som kritikar og essayist. Tenker du på desse to praksisane som like viktige?

– Ja. Og dei siste åra har essayistikken vore viktigare for meg. Men eg tenker ikkje på meg sjølv berre som essayist. Det er litt rart å oppdage at det er mange som ikkje tenker på meg som poet lenger. Eg har forsvunne litt frå det feltet.

– Synest du det er dumt?

– Ja, eg synest det, for det stemmer ikkje med sjølvbiletet mitt. Eg får kanskje skrive nokre dikt og seie at eg er her, seier Espen Stueland.

– Men eg har berre følgd mi eiga skriveglede, og den har i denne omgang ført meg til essayet. Eg kan ikkje klage.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker