Å be er å innsjå fortvilinga

ANMELDELSE: Filmen som blir Noregs Oscar-kandidat, er eit meisterverk på fleire plan. Det gjeld også det eksistensielle.

MEISTERLEG: Reinate Reinsve og Inga Ibsdotter Lilleaas i Joachim Triers film «Affeksjonsverdi». Skodespelet er av absolutt fremste klasse i ein film som ifølgje vår meldar vil bli ståande med klassikarstatus.
Publisert Sist oppdatert

Å leve med kunstnarar i familien er ikkje alltid så lett. Historiene om korleis kunsten, i større eller mindre grad, blir prioritert framfor familierelasjonar er mange.

Ein kunne såleis frykte at Joachim Triers nye spelefilm, Affeksjonsverdi, ville bringe lite nytt til torgs. Forteljinga krinsar rundt to utøvande kunstnarar, ein filmskaparfar (Stellan Skarsgård) og ei skodespelardotter (Renate Reinsve). Forholdet mellom dei er mildt sagt problematisk.

Faren har vore på avstand frå henne gjennom det meste av oppveksten og vaksenlivet. Så dukkar den aldrande filmskaparen plutseleg opp, med eit filmmanus han har skrive spesifikt for henne. Ho nektar å ha noko med det å gjere. Dei kan ikkje jobbe saman. Dei kan jo ikkje eingong snakke saman.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP