Kultur

Vårt Land-journalist nominert til Kritikarprisen

KRITIKARPRISEN: Nominasjonane til Kritikarprisen er klare, og Maria Lavik er nominert for «Odelskam».

Det er den tida på året: No begynner nominasjonane til dei litterære prisane å komme inn. Norsk kritikarlag har offentleggjort kva for bøker dei meiner skal konkurrere om å vere årets beste. På den lista finn vi blant anna journalist i Vårt Land, Maria Lavik.

Lavik er til vanleg nyhetssjournalist, men kom i haust med boka Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. «Skamgodt om odel,» skreiv kritikar Knut Hoem i NRK og gav boka terningkast fem.

Lavik si bok er nominert i kategorien beste sakprosa. Ho har tidlegare vore intervjua om boka i podkasten Dokka, med Åste Dokka.

I podkasten fortel Lavik om odelsretten som noko frå ei anna tid.

– Jordbruk, arv og odel høyrer til i ei tid der kollektivet stod sterkare og individet svakare, sa Lavik.

Dei andre nominerte i same kategori er Mímir Kristjánsson for Pabbi. Ein familiesaga om drukkenskap, Sigurd Hverven for Hegel. Ein ganske enkel bok om ein vanskeleg filosof og Bjørn Arild Ersland for Første klasse. Det året vi lærte bokstavane.

– Eg er glad og stolt over å bli nominert. Boka er mitt forsøk på å forvalta den odelen eg har hatt sidan eg var fødd. Når eg no ikkje tek over familiegarden på Lavik i Eksingedalen, er mitt håp at den rike historieforteljinga eg vaks opp med, kan leva vidare i denne boka. Då er det veldig kjekt at boka blir sett pris på av kritikarane.

Mimir Kristjansson (R) leser Bibelen.

Dei andre prisane

I kategorien for beste vaksenbok finn vi Kyrre Andreassen for Ikke mennesker jeg kan regne med Marit Eikemo for Vi er brødrene Eikemo og Kathrine Nedrejord for Sameproblemet.

Dei nominerte for beste barne- og ungdomsbok er Per Dybvig for De står i kø, Annika Linn Verdal Homme for Gigabror, Ingvild H. Rishøi og Bendik Kaltenborn for Borti natta og Therese Garshol Syversens Eg skal rive deg i filler.

Dei nominerte for beste omsetting er Eilif Norheim for Dagen da solen døde av Yan Lianke, Vibeke Saugestad for Maud Martha av Gwendolyn Brooks, Thea Selliaas Thorsen for Metamorfoser av Ovid og Wera Sæther for Hva seier jeg er fremmed, songar av Fakir Lalan Sain.

---

Litteraturkritikarprisane

  • Kritikarprisen for beste vaksenbok, Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok, Kritikarprisen for beste omsetting, Årets kritikar og Kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne.
  • Deles ut av Norsk kritikarlag

---

Lars Petter Sveen

Julian Mellingsæter

Julian Mellingsæter

Julian Mellingsæter er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Mer fra: Kultur