Kultur

Bob Hartman i rockebandet Petra: – Jesus gav oss éin jobb

MUSIKK: Bob Hartman starta det som skulle bli verdas største kristenrockband. – Vi har berre prøvd å vere trufaste og lytte til Gud, seier Petra-gitaristen i eit eksklusivt intervju med Vårt Land.

– Planen var å dele den kristne trua vår gjennom musikken, seier Bob Hartman.

Han grunnla det som skulle bli verdas største kristenrockband, Petra, i 1972. Over femti år seinare turnerer bandet framleis og spelte tre konsertar i Noreg tidlegare i haust. Gitaristen, låtskrivaren og bandgrunnleggaren hadde ikkje sett for seg at dei skulle halde på så lenge. Heller ikkje at dei skulle bli eit av verdas største band.

– Vi spelte i parkar, i fengsel, på kafear og på skular. Vi var basert i Fort Wayne, Indiana. Så fekk vi nasjonal merksemd då det første albumet vårt kom ut i 1974. Eg hugsar at vi fekk ein telefon frå Texas, det var ei svær greie, fortel Hartman når han ser tilbake på åra som er gått.

Etter kvart som Petra vaks og blei eit større band, fekk dei også ein del kritikk frå amerikanske kristne. Dei kunne komme til ein ny by og finne ut det var kyrkjer der som bad imot dei. Rock var ikkje stovereint alle stader på 1970-talet.

Ønskte å vere tydelege

Petra let seg likevel ikkje stoppe av dette. Heller ikkje av motstanden i sekulære krinsar. I starten var det til dømes vanskeleg å sleppe til på dei store konsertarenaene. Men dei sendte reklame for bandet på sekulære radiokanalar.

– Vi tenkte alltid at dersom vi var dyktige musikarar, ville folk respektere oss nok til å høyre på kva vi hadde å seie. Ideen vår var rett og slett å vere eit veldig godt band, seier Hartman.

– De tona ikkje ned den kristne bodskapen for å sleppe til for eit større publikum?

– Nei, vi gjorde aldri det. Vi ville ikkje ha lurt nokon uansett. Alle visste kva Petra stod for og at vi var eit kristent band. Vi ønskte å vere så tydelege at folk forstod kva vi sa. Det var det som betydde noko for oss.

Ideen vår var rett og slett å vere eit veldig godt band

—  Bob Hartman, gitarist i Petra

Bandet hadde opphav i den såkalla Jesus-rørsla på slutten av 1960- og begynninga av 1970-talet. Dei starta faktisk opp på ein bibelskule som hadde namnet Christian Training Center, der folk blei utdanna til å gjere ulike tenester for Kristus.

– Dei hadde ikkje eit rockeband der, så vi tenkte at vi kanskje kunne gjere noko for Gud på den måten. Det måtte bli rock, for folk som oss var ikkje interesserte i tradisjonell kyrkjemusikk. Vi var vaksne opp med rock og elska rock. Vi ville nå dei folka som var som oss, seier Hartman.

Vokalist John Schlitt og gitarist og grunnleggar Bob Hartman i Petra.

Delte ut gratisbillettar

Etter kvart opplevde han at dei nådde ut mange av desse unge kristne, samtidig som bandet appellerte til publikum som var i randsona av det kristne landskapet.

– Vi begynte å deler ut gratis billettar til ungdomsgrupper, så dei skulle ta med seg ein ven på konsert. Kanskje ville dei ikkje blitt med i kyrkja, men i staden på ein rockekonsert.

– Gratisbillettar for ikkje-kristne?

– Ja.

– Verka det?

– Ja, det gjorde det. Vi møter stadig menneske som kjem og fortel oss at dei blei frelst på ein av konsertane våre. Det er ein fin ting å høyre kva Gud har gjort med musikken vår, og korleis han har vore viktig for folk.

– Kva gjer det med deg å høyre slikt?

– Vi tenker jo at det ikkje er oss sjølve som står bak. Vi har berre prøvd å vere trufaste og lytte til Gud. Så har musikken spreidd seg over heile verda og verka slik som Gud ønskte.

Petra på Cosmopolite 22. august 2024

«Trufast vitne for Kristus»

Den kristne trua står med andre ord sentralt i alt Bob Hartman har gjort. I tekstane sine har han prøvd å skrive om det sentrale i trua, ikkje om det som skil. Og han er opptatt av å vere eit «trufast vitne for Kristus», som han kallar det – eit oppdrag Jesus sjølv gav disiplane før han drog opp til himmelen.

– Jesus gav oss éin jobb. Og eg har lyst til å gjere den jobben på ein god måte, både når folk ser på meg og i kvardagen, seier Hartman.

– Over femti år med kristen rockemusikk – har dette vore eit livskall for deg?

– Ja. Eg har ikkje gjort noko anna, veit du. Eg planla det ikkje, men det blei større og større. No høyrer vi historiene om korleis musikken vår var spesiell for folk. Etter kvart som eg er blitt eldre, ser eg meir av kva Gud har gjort i livet mitt, seier musikaren som fyller 75 år på 2. juledag.

– Korleis er det med rockemusikarar; blir det betre når dei blir eldre, som god vin?

– Det er forskjellig frå person til person. Eg kjenner 75-åringar som fungerer dårlegare enn før. Sjølv har eg fått nye hofter! Og eg kan ikkje spele så raskt på gitaren som eg gjorde før. Men eg gjer framleis det beste eg kan. Og folk har framleis lyst til å høyre oss, seier Hartman.

– Jesus gav oss éin jobb. Og eg har lyst til å gjere den jobben på ein god måte

—  Bob Hartman

Positiv til Trump som president

Petra-grunnleggaren har sterke meiningar om den politiske situasjonen i USA. Han kan til dømes ikkje forstå korleis truande kan stemme på ein politikar som Kamala Harris, som tapte presidentkampen mot Donald Trump. Til sams med mange andre amerikanske kristne, hadde Petra-grunnleggaren Trump som sin føretrekte kandidat i det amerikanske valet.

– Donald Trump har nokre gode konservative idear. Han er ikkje endestasjonen for konservatismen, snarare ei begynning. Han er ein som kan bryte igjennom og etablere det vi meiner er grunnleggande rettar i ei verd der vi ser at vi mister desse rettane, sier Hartman.

Petra-grunnleggaren viser til nokon som nyleg blei arrestert i Storbritannia for å kritisere islam, noko han oppfattar som at det i dag er «ulovleg å ha andre idear». Artisten meiner at kristne både har rett til og er nøydde til å stå opp imot ei slik utvikling.

– USA er grunnlagt på at alle er gitt rettar av Gud, ikkje av regjeringa. Alle menneske er skapt like. Som land har vi ikkje alltid levd opp til dette, men vi prøver å gå i den retninga. Så når regjeringa tek Guds rettar bort frå oss, må vi stå opp mot det, på ein ikkje-valdeleg måte, meiner han.

– Så Trump er den beste til å få dette til å skje dei neste åra?

– Utan han forsvinn fleire av rettane. Til dømes retten til å bestemme kva som skal inn i kroppen din og ikkje.

– Du snakkar om vaksinar?

– Ja. Det er ikkje rett når regjeringa krev at vi skal ta ei vaksine. Ingen andre enn oss sjølve skal kunne bestemme over kroppen vår. Eg synest Trump har ei god retning i desse spørsmåla.

Gitarist og grunnleggar Bob Hartman i Petra.

Hartman har ikkje så mykje til overs for meldingane som Trump sender ut i sosiale media. Han er likevel av den oppfatninga at det er mykje verre med ei «korrupt regjering», som han meiner den amerikanske regjeringa er.

– Systemet har spora av. Berre ein som Donald Trump kan begynne å fikse det, seier Petra-grunnleggaren.

– Systemet har spora av. Berre ein som Donald Trump kan begynne å fikse det

—  Bob Hartman

Ber Gud om visdom

Vi lar politikken ligge der. Vi må tilbake til musikken før dette intervjuet er over, som jo er det Petra og Bob Hartman er kjent for.

– Korleis ser du for deg tida framover?

– Vi veit ikkje, for noko kunne jo hende oss. Vi er tre i bandet på om lag same alder. Så vi må berre ta steg for steg, seier Hartman.

Det blir for tida laga ein spelefilm der musikken til Petra står sentralt, om eit barn som veks opp på 1980-talet, og ein annan spelefilm som handlar om bandet, der vokalist John Schlitt og omvendinga hans til kristendommen står sentralt.

– Eg bad dei om å få Brad Pitt til å spele meg, spøker 74-åringen.

Bak scenen på Cosmopolite i Oslo er han straks klar for å spele ein ny konsert. Før kvar konsert ber bandet saman om at Gud vil gå framfor dei, at dei sjølve kan gjere sitt beste og at musikken både skal kunne «så og hauste».

– Vi ber Gud om visdom til å vite kva han ønsker, seier Bob Hartman.

---

Bob Hartman

  • Amerikansk kristenrockar
  • Grunnleggar av og gitarist i kristenrockbandet Petra
  • Petra blei danna i 1972 og var på eit tidspunkt verdas største kristenrockband
  • Bandet turnerer framleis og var tidlegare i haust i Noreg

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Kultur