Kultur

Evig protest på kanten av stupet

SAMFUNNSDEBATT: – Alt er blitt så polarisert at det er heilt ekstremt. Det er blitt farleg, meiner sjef for Protestfestivalen Svein Inge Olsen. Når festivalen blir arrangert i Kristiansand for 25. gong, trur han det er viktigare enn nokon gong å få folk frå ulike samanhengar til å møtast.

Då Svein Inge Olsen starta Protestfestivalen for eit kvart hundreår sidan, var han heilt på botn.

– Far min var blitt dement. Eg hadde eit barn eg berre fekk sjå i helgene. Eg hadde ikkje jobb. Eg var lutfattig. Eg var deprimert. Eg trong noko som heldt meg oppe, seier Olsen.

Han kom i prat med nokre andre visjonære menneske, ikkje minst Kai Erland, om å starte opp ein festival. Olsen ønskte seg tilbake til samfunnsengasjementet på 1970-talet. Han ville ha protest og opprør.

– Det var Vigdis Hjorth som kom på namnet Protestfestivalen, fortel han.

Starten blei likevel av det litt humpete slaget.

– Vi hadde ikkje nokon marknadsføringsplan. Vi hadde ikkje noko budsjett. Så det ble jo ein gedigen fiasko, viss vi skal kalle det det, seier Olsen.

Møtte hard motstand i starten

Kritikken av den nystarta festivalen i Kristiansand var hard, også i media. Men somme stemmer tok kontakt og oppmuntra festivalleiinga til å satse vidare, blant andre Agder-biskop Olav Skjevesland. Allereie året etter var synet på festivalen meir positivt, ifølgje Olsen.

– Året etter blei gjennombrotsåret vårt. Då kom Erik Bye dundrande inn i manesjen med kyrkjekonsert i Kristiansand domkyrkje. Vi reiste eit monument over «Vår Herres klinkekule» og arrangerte ein hyllestkonsert til Bye som varte i seks timar. Det var ein magisk kveld.

---

Protestfestivalen

  • Politisk og religiøst uavhengig verdifestival
  • Profilerer seg som Nordens verdifestival, med eit nordisk perspektiv på aktuelle saker
  • Deler også ut Erik Byes Minnepris
  • Blir arrangert for 25. gong i Kristiansand i perioden 1. – 8. september, pluss ein «prolog» på Bygland 29. august
  • Består blant anna av debattar, samtalar, minikonsertar, film, kunst, foredrag og performance
  • Svein Inge Olsen (61) er initiativtakar og festivalsjef

---

Trass den store suksessen med Bye, var Protestfestivalen allereie i økonomisk trøbbel. Gjelda dei hadde dradd med seg sidan oppstarten, blei sletta etter at den amerikanske artisten og skodespelaren Kris Kristofferson kom over til Kristiansand og heldt støttekonsert for festivalen i 2004.

– Han ville ikkje ha dekt reise og hotellrom eingong. Han meinte at kampen mot apati var så viktig, seier Olsen.

Dårleg økonomi har likevel prega Protestfestivalen også seinare, sjølv om Kristofferson kom tilbake både i 2008, 2013 og 2016.

– Det er ikkje så enkelt å hente inn eit etterslep. Når du er avhengig av offentleg støtte, skal du ikkje ha overskot. Vi kan ikkje lagre opp, fortel festivalsjefen.

– Har festivalen vore trua av konkurs?

– Ja. Vi var i praksis konkurs i 2010. For så vidt i 2016, også. Eitt år satsa vi på konsertar og fekk enormt høge honorarutgifter. Det smalt jo så det suste. Vi gjekk nesten ein million i underskot, seier Olsen.

Svein Inge Olsen, sjef for Protestfestivalen

Mange debattar med religiøs tematikk

Protestfestivalen baserer seg i hovudsak på samtalar og debattar. Fleire av debattane har også religiøs tematikk.

– Det har vore medvite frå vår side. Vi hadde eit behov for å lage ein festival der alle skulle sleppe til, og ta opp tema som ingen andre tok opp, seier Olsen.

Festivalsjefen meiner at personar som Per Lønning og Anita Apalthun Sæle spreidde mykje «intensitet, debatt og spenning» på dei første festivalane. Han samanliknar stemninga med eit måleri frå Grand kafé på slutten av 1800-talet, der alle filosofane og bohemane møttest. Artistar som var skeptiske til kristendommen kunne møte biskopen på Protestfestivalen og oppdage at han var ein ålreit fyr.

– Eg trur det er endå viktigare i dag å få folk frå ulike samanhengar til å møtast. Alt er blitt så polarisert at det er heilt ekstremt. Det er blitt farleg, meiner Olsen.

Sjefen for Protestfestivalen er sjølv ein kristen, som også har «bala med tvil» i mange år.

– Eg har mykje utryggleik og tvil i meg. Men eg har med meg eit grunnleggande gudsforhold frå faren min, som eg hadde eit veldig nært forhold til. Han var eit bønnemenneske. Ein sterkt truande. På 1950-tallet blei han lækja frå tuberkulose, fortel protestgeneralen, som sjølv fortel at han har opplevd ei rekke ulike mirakel her i livet – både av økonomisk og familierelatert art.

– Særleg no i dei seinaste åra satsar eg på pappa si tru. Men eg kallar det håp i staden for tru. Det viktigaste i dette håpet er at pappa skal få treffe dei to yngste barna mine att. Viss det ikkje skjer, er alt saman meiningslaust, meiner Olsen.

Vi hadde eit behov for å lage ein festival der alle skulle sleppe til, og ta opp tema som ingen andre tok opp

—  Svein Inge Olsen, festivalsjef

Hadde frykt for helvete

Festivalsjefen har følgd debatten om kor vidt alle kjem til himmelen eller ikkje. Sjølv er han ikkje i tvil på dette punktet:

– Det er ikkje logisk om alle kjem til himmelen. Då kan jo alle gjere kva dei vil. Det står ikkje noko på spel lenger. Det er logiske er at det er to utgangar frå livet. Dersom himmelen finst, må helvete finnast også.

– Fryktar du helvete?

– Eg gjorde det før. Ein ting er å falle i synd, men å leve i synd, der klarte eg ikkje å halde ut. Då fekk eg slik angst. Det var heilt uuthaldeleg, altså! Angsten for helvete er blitt mindre no. Når du er gift og berre held deg heime, så lever du jo meir «trygt» i den forstand, seier Olsen, som har vore gift med ei kvinne frå det finske bibelbeltet i åtte år.

– Det er ikkje logisk om alle kjem til himmelen. Då kan jo alle gjere kva dei vil

—  Svein Inge Olsen, festivalsjef

– Kona mi er veldig rasjonell, roleg og veldig fornuftig. Ho er alt det som eg ikkje er, på ein måte. Men eg trur ho treng ei slik «vill» fyr som meg, for å komme ut av den trygge bobla si. Men eg treng ein stabilisator som henne.

Er inne i «søkketida»

– Korleis ser du for deg Protestfestivalen framover? Kor gammal er du no? 61?

– Ja, ikkje sei det eingong! Det å fylle 60 var eit ... traume.

– Så alder er ikkje berre eit tal?

– Nei, det er ikkje berre eit tal. No er eg inne i «søkketida». No går ikkje ting over lenger. Alt blir berre verre. Eg søkk meir og meir ned i det. Men dette har eg visst heile livet, seier Olsen, som er sjølverklært hypokonder.

– Men du ser for deg å drive festivalen en stund til?

– Ja, og det er det som er gøy: Eg må! For det første har eg ingen pensjon, så det går ikkje å slutte. For det andre er eg avhengig av årshjulet mitt, der eg les fem, seks aviser kvar dag og samlar inn stoff til Protestfestivalen. Viss eg ikkje har festivalen, blir eg berre sittande og tenke på døden. Slik sett er Protestfestivalen også ein slags terapi for meg sjølv. Eg må berre halde på, elles tek det knekken på meg.

Viss eg ikkje har festivalen, blir eg berre sittande og tenke på døden

—  Svein Inge Olsen, festivalsjef

Kjempar mot urettferd og intoleranse

Hovudgrunnen til at han ikkje kan gi seg, er likevel ein annan:

– Kampen mot urettferd og intoleranse. Det er derfor Protestfestivalen er ein heilt spesiell festival, der vi er frie til å invitere folk som ikkje slepp til andre stader. I år kjem til dømes den finske politikaren Päivi Räsänen. Ho las Bibelen om homofili, ho, og er blitt stemna tre gonger for det. Ofte er det dei som roper høgast om toleranse, som viser seg å være mest intolerante, meiner festivalsjefen.

Olsen har ambisjonar om å vere ein verdifestivalen for heile Norden, ikkje berre for Norge eller Sørlandet. Fordelen med å ha eit nordisk perspektiv, er at festivalen kan fange opp interessante debattar tidleg.

– Noreg er ikkje verdas navle. Men eg håper jo at det skal komme folk frå heile landet til festivalen, seier Olsen, som kallar det for eit mirakel at han har klart å halde liv i «ein motstraumsfestival i denne mainstream-tida» i 25 år.

– Kvifor blir vi så lett slukt av det politisk korrekte?

– Det er tida vi lever i, altså. Det kjem glidande inn. Metoo. Black Lives Matter. Pride. You name it. Det kan ha å gjere med ei ibuande lengsle i oss etter å bli likt. Vi er flokkdyr og vil vere ein del av noko.

– Du sjølv har ikkje det instinktet?

– Nei, eg er meir mot straumen. I alt, seier Svein Inge Olsen, som ikkje er redd for å pirke borti betente eller vanskelege emne.

– Det viktige er å stille spørsmål. Det er det få som gjer i dag. Folk berre sluker alt.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur