Kultur

Den vesle festivalen som blei ein gigant

MUSIKK: Publikum er nesten hundre gonger så stort som for 25 år sidan. Men ideen bak Øyafestivalen er den same: Kvalitet.

Litt over tusen menneske fekk med seg den første Øyafestivalen i 1999. Det var ein kompisgjeng knytt til eit knippe musikklubbar i Oslo som drog i gang festivalen, og bookingsjef Claes Olsen kjente nesten alle som kom dit for å høyre band som Big Bang, Madrugada, Jaga Jazzist og Midnight Choir. Iallfall ifølgje bookingsjefen sjølv. Kanskje var det ei mild overdriving Olsen framførte under den vesle opningstalen før 25-års-jubilumskonserten denne veka. Men langt frå sanninga er det vel heller ikkje.

Øya er den vesle festivalen som blei ein gigant. Frå dei første åra på Kalvøya – derav festivalnamnet – blei Øyafestivalen raskt større etter at han flytta til Middelalderparken i Oslo sentrum, og seinare vidare til Tøyenparken. Frå det første «vippepunktet» i 2002, med Motorpsycho på plakaten, har Øya vore ein stor musikkfestival. Besøkstala har etter kvart lege jamt på mellom 80.000 og 100.000 besøkande over fire dagar.

MUSIKKSJEF: Bookingansvarleg Claes Olsen på Øyafestivalen, som feirer 25 år denne veka.

Irriterande lydlekkasje

Å vere ein diger festival har mange fordelar og nokre mindre ulemper. Dei største ulempene er at det er umogleg for ein musikkinteressert publikummar å få med seg alt. Samtidig er det som i livet elles: Ein må velje. Prioritere. Skal du gå konsert med dei gamle rockeheltar i britiske Pulp eller skal du høyre den norske rapparen Cezinando? I somme tilfelle, som dette, kan valet vere både enkelt og irriterande. Sjølvsagt gjekk eg for å høyre Jarvis Cocker og Pulp, eg er då 46 år gammal. Men eg skulle gjerne også høyrt Cezinando. Det blei umogleg, bortsett frå basstrommene som forstyrra lydbiletet under ein av Pulps rolege låtar.

Her er vi ved ulempe nummer to ved å vere ein stor festival som arrangere fleire parallelle konsertar samtidig: Det er ikkje lydtette skott mellom konsertscenene. Dersom du er ivrig og står lengst framme ved scena, blir som du regel ikkje forstyrra. Men står du litt lenger bak, og framleis ikkje har fått redusert høyrsel etter mange år med volumsterke konsertopplevingar, kan du innimellom bli plaga av lydlekkasjar frå dei andre scenene.

Det er frå festivalen si side blitt jobba godt og mykje med å redusere støylekkasjar, også overfor naboar som ikkje har bede om å få ein musikkfestivalen i bakhagen sin. Men hadde eg fått bestemme, hadde eg ikkje latt éin artist spele på full guffe like ved samtidig som ein annan prøver å skape ei intim og lågmælt stund saman med publikum. Under Pulps konsert denne veka kommenterte endåtil frontfigur Jarvis Cocker den forstyrrande lyden frå ei av naboscenene.

Pulp på Øyafestivalen 2024.

Festival for gammal og ung

Kanskje er dette likevel noko av prisen publikum og artistar må betale for at Øyafestivalen kan appellere så breitt som han gjer. Frå starten av var vel kjernepublikum frå 20-årsalderen og litt oppover. Eg har ikkje innsikt i aldersfordelinga på festivalen i år, men sjølv såg eg iallfall minst like mange menneske over 45 som under. Det hadde sjølvsagt samband med at eg i tillegg til Pulp, hadde blinka ut PJ Harvey-konserten som eit must å få med seg. Publikum var nok yngre både på Moyka og Tøyen Holding. Og sant skal seiast, eg overhøyrte også 14-åringar som gledesstrålande fortalte ein pappa at dei berre hadde hatt 14 minutt skjermtid denne festivaldagen – Øyaprogrammet hadde lokka sterkare enn mobilen.

Inntrykket totalt sett er difor at den store breidda i sjangrar og artistar også skaper stor breidde i alder blant publikum. Den største musikkfestivalen i Noreg feirer 25-årsjubileum med artistar som appellerer til både det unge og det godt vaksne publikummet.

BREIDDE: Inntrykket totalt sett er at den store breidda i sjangrar og artistar på Øyafestivalen også skaper stor breidde i alder blant publikum, meiner Alf Kjetil Walgermo.

Eit godt uttrykk for dette var sjølve jubileumskonserten. På den eine sida fekk vi høyre «vetaranar» som Øystein Greni, som altså stod på plakaten (med Bigbang) på den første Øyafestivalen i 1999, Sondre Lerche og Ane Brun. På den andre fekk vi høyre unge artistar som HILLARI, Musti og Beharie.

Den største musikkfestivalen i Noreg feirer 25-årsjubileum med artistar som appellerer til både det unge og det godt vaksne publikummet.

—  Alf Kjetil Walgermo

Utvider den musikalske horisonten

Fordelen med ein så stor festivalen som Øya, er at du som publikummarar fort kan få utvida den musikalske horisonten din ved at du dumpar innom konsertar du elles ikkje ville gått på. For min del var det til dømes gøy å høyre det norske elektropopfenomenet Moyka etter at eg hadde følgd den planlagte ruta mi og vore på konserten til indierockaren Hilma Nikolaisen – to vidt forskjellige uttrykk, men med kvar sine sterke kvalitetar. For min del var det Moyka, kanskje var det andre som høyrte Nikolaisen for første gong nettopp på Øya?

Blant høgdepunkta så langt i festivalen må eg likevel trekke fram konserten med den britiske 54-åringen PJ Harvey – kanskje endå eit prov på at dei gamle er eldst, eller at eg sjølv nærmar meg slutten av 40-åra. PJ Harvey sjølv ser akkurat ut som ho alltid har gjort, men du ser dei gråhåra mennene i bandet hennar at åra har gått også for dei.

PJ Harveys låtar er både musikalsk interessante og har komplekse tekstar, ofte med religiøse metaforikk. I siste halvdel av konserten var vel Gud og Jesus nemnt i meir enn annakvar song, i låtar som «Down by the water», «To bring you my love», «Angelene» og «Send his love to me».

KONSERT: Den britiske artisten PJ Harvey på scenen under Øyafestivalen i Oslo.

Satsar på kvalitet

Etter konserten blir eg ståande og fundere på kva det er Øyafestivalen har gjort riktig. Og ein viktig del av svaret er ikkje så vanskeleg som ein skulle tru. I tillegg til satsing på berekraft, er det eitt vesentleg aspekt som ikkje skal gløymast. Sjølv om festivalen har gått frå komisgjeng til ein gigantisk happening, er grunnideen bak programmeringa framleis den same: Øya ser etter kvalitet.

Så kan ein sjølvsagt diskutere kvalitetsomgrepet og vere rykande ueinige om kvaliteten på dei ulike konsertane. Utgangspunktet gir uansett ein solid plattform. Derfor er Øya godt rusta også for framtida. Kanskje blir det 25 nye år?

---

Øyafestivalen

  • Musikkfestival i Tøyenparken i Oslo
  • Noreg største musikkfestival med mange titals tusen besøkande kvart år
  • Blei starta på Kalvøya i 1999, derav festivalnamnet og feirer 25-årsjubileum i år
  • Varer til og med lørdag 10. august

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur