Kultur

Vil bremse akselerasjonen i livet ved hjelp av nattverden

KYRKJE OG SAMFUNN: Sokneprest Roger Jensen vil at vi skal tenke nytt om nattverden. Han vil at kyrkjerommet skal vere ein stad kor livet kan gå saktare.

I Oslos eldste ståande bygg, Gamle Aker kyrkje, står soknepresten Roger Jensen og tek oss imot til nattverd. Sakramentet går som normalt. Det er dei same orda, det same brødet og den same vinen. Det presten vil, er at vi skal fokusere på det større som skjer: Livet går saktare.

I verda er det mykje som hender. Det er mykje ny teknologi, stadige nyheiter og forandringar i livet. Det kan synast som om det berre går fortare og fortare utan at det er noko som kan senke tempoet. Den tyske sosiologen Hartmut Rosa kallar denne aukande hastigheita for akselerasjon.

– Rosa peiker på den stadige teknologiske utviklinga, som gjer at livet går fortare og fortare. I industri, transport, kommunikasjon. Alt går kjappare, akselererer. Men det er ikkje berre i teknologien at livet går raskare. Utviklinga i sosiale liv og sosiale forhold akselererer samstundes. Først skal ein utdanne seg, så skal ein finne seg ein livspartnar, deretter vil ein kanskje ta ei nyutdanning, for så å bli skilt. Og slik går det utan ende. Rosas poeng er at dette moderne akselererte livet nettopp ikkje er ei oppskrift på eit godt liv, seier Jensen.

Bucketlista hengande over hovudet

Hartmut Rosa brukar eit bilete av å gå oppover ein rulletrapp som går nedover, for å forklare akselerasjonen.

– Du må altså halde deg i rørsle for å kunne vere på same stad, og vi svarer på samfunnets utfordringar ved å auke tempo i eige liv – vi må multitaske for å komme vidare, seier Jensen.

Til sak om filosofisk inspirert nattverd, med sogneprest Roger Jensen i Gamle Aker Kirke på St. Hanshaugen.

– I eit sekularisert samfunn kor trua på eit liv etter døde er sterkt svekt, så blir behovet for å oppleve alle moglegheiter i livet uhandterleg, vi lager stadig nye og fleire bucketlistar.

Ei «bucketliste» er ei personleg liste som inneheld aktivitetar ein vil gjere før ein døyr.


Pilegrimsferd er ein måte å bryte ut av den akselererte kvardagen på

—  Roger Jensen

Kva er så kuren mot akselerasjon?

Resonans, meiner Rosa – og Jensen seier seg samd.

I musikkverda er omgrepet brukt for å forklare gjenklang. I fysikk er resonans når noko i ein bølgjetilstand får noko anna i same bølgjetilstand til å svinge. Rosa overfører dette til menneskelivet.

– Ei oppleving av meining og gjenklang som vi kan ha i møte med kunst og kultur, natur, musikk. Ikkje minst i kyrkja, forklarar Jensen.

– Pilegrimsferd er eit eksempel på ein praksis som gjer opprør mot akselerasjonen, kor menneske søkjer resonans.

Jensen brukar eit typisk eksempel frå tida han jobba som pilegrimsprest. Ei tysk kvinne fortalde han om ei oppleving frå pilegrimsferda mellom Oslo og Trondheim.

Gud taler til oss gjennom alt vi ser og høyrer, kunsten er å lytte og sjå

—  Roger Jensen

– Ho kjem til Dovrefjell og blir slått i bakken av opplevinga av at verda er så uendeleg stor. Ho ser seg sjølv som del av naturen, del av universet. Ho kjenner seg både tiltalt og varetatt, fortel Jensen.

Han kjem så med følgjande resonnement:

– Det er ei kjensle av ærefrykt eller gudsfrykt. Pilegrimsferda handlar i dag ikkje berre om å nå målet, men om opplevingane undervegs. Ho er ein måte å bryte ut av den akselererte kvardagen på, kor du kan oppleve nærleik til naturen og noko meir større, det heilage. Men det religiøse og kristelege språket som kunne sette ord på opplevingane, har menneska i den sekulariserte kulturen i dag mista i stor grad.

Brød og vin blir mykje større

Jensen, som er doktor i teologi og har forska på Martin Luther, brukar Luther for å kunne knytte resonans-opplevingar til kristne gudsførestillingar.

– Det vil nok overraske mange, men vi finn eit organisk og ibuande gudsbilete hos Luther. Gud blir forstått som konkret nærverande i alle ting, heilt bokstaveleg. Det er ikkje slik at Gud er i himmelen og vi er på jorda, seier Jensen.

Til sak om filosofisk inspirert nattverd, med sogneprest Roger Jensen i Gamle Aker Kirke på St. Hanshaugen.

– For Luther er vi alle skapningar gjennom Guds ord og tale. Gud talar til oss gjennom alt vi ser og høyrer. Kunsten er å lytte og sjå, la seg røre ved, understrekar Jensen.

Opplevinga av tilværet når sitt klimaks for Luther i sakramentet. I nattverden er Gud fysisk og materielt nærverande til frelse for menneska.

– Brød og vin blir meir enn materie. Vi får oppleve ein gudsnærleik som er både heilag og frigjerande. Å ta imot sakramentet i tru og tillit til tilsegnsordet, er ei oppleving av å bli eitt med Kristus og alle som mottar sakramentet.

Dette temaet har Jensen utforska mykje, og til hausten kjem han med ein forskingsartikkel i «Kirke og Kultur» med namn «Gudsnærvær, sakrament – og kirkerom».

– Vi frelses ikkje frå verda, men til verda, seier Jensen og legg til at han vil at den norske kyrkje skal endre sitt slagord frå «Meir himmel på jord».

– Kva med: «Meir himmel, meir jord», seier Jensen og smiler.

---

Hartmut Rosa

  • Tysk sosiolog og statsvitar fødd i 1965.
  • Kjend for modernitetskritikken sin.
  • Han peikar på akselerasjon som det sentrale kjenneteiknet ved moderniteten og årsakinga til at menneske blir framandgjort frå seg sjølv og samfunnet. I teorien er resonans nøkkelen til å forstå kva han meiner skal til for eit godt liv.

---



Nils Jakob Bakke Nydal

Nils Jakob Bakke Nydal

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur