Kultur

Ueinig med Bøhn: - Eg ser ein ungdomsgenerasjon som kan utgjere ein stor forskjell

FRAMTIDSSAMFUNNET: – Gamalmannsbekymring, seier sosiolog Willy Pedersen om filosof Einar Duenger Bøhns manglande tru på at ungdom kan redde verda. Forfattar Maria Kjos Fonn meiner vi kan lære av ungdommen si radikale kraft.

– Eg har inga tru på at ungdommar skal redde verda, sa filosofen Einar Duenger Bøhn nyleg til Vårt Land.

Willy Pedersen, professor i sosiologi, seier seg usamd:

– Eg ser ein ungdomsgenerasjon som kan utgjere ein stor forskjell.

Pedersen meiner blant anna at ungdom i dag er meir opne for etnisk mangfald og skeive identitetar og levesett enn foreldra sine. Han trekkjer fram at sosiale medium, trass i sine negative sider, også gir ungdom ei plattform for engasjement og opposisjon.

Sosiologen seier at Bøhn sine tankar kan komme frå eit segmentert sosialt bilde, kor ungdomsverda ofte er skjult for dei vaksne.

– Tidlegare var det mogleg for vaksne å få et godt bilde av ungdomskulturen gjennom vanlege medium. I dag er det mange vaksne som ikkje har ei like god forståing for kva ungdom er opptatt av, korleis dei kommuniserer og kva for verdiar dei prioriterer.

Pedersen legg til at Bøhns påstand høyrest ut som «gamalmannsbekymring».

Det ligg fleire ideal hjå unge

I det nemnte intervjuet med Duenger Bøhn seier filosofen at det har vore ein sterk promotering av unge.

– Det er liksom eit kompliment dersom du ser ut og oppfører deg som du er 20 når du er 50. Det er jo veldig rart. For meg er det ikkje eit ideal å vere 20 år. Eg ville aldri ha vore 20 år dersom eg kunne velje. Eg ville ha vore 60. Eg ville ha vore den som var klok, hadde erfaring og oversikt, seier filosofen.

Pedersen seier seg einig i desse punkta, men legg til at det er mange førebiletlege kvalitetar hos unge som ikkje alltid er å sjå hos den eldre generasjonen. Dess eldre ein blir, dess meir innestengt blir ein, meiner han.

Sosiologen trekkjer også fram eit eksempel som har vokse fram frå sosiale medium:

– Det er fleire unge – særleg gutar – som ikkje lenger har så sterk tru på velferdsstaten og kollektive svar. Dei søkjer mot individuelle og private løysingar.

Willy Pedersen

Radikal ungdom kan utgjere ein stor forskjell

Forfattar Maria Kjos Fonn har ein annan innfallsvinkel. Ho meiner at dersom nokon skal «redde verda», så må det nettopp vere ungdommen. Kjos Fonn understrekar ungdommen si radikale kraft og utolmod som potensielle fordelar i arbeidet for samfunnsendring.

– Eg ser ein ungdomsgenerasjon som kan utgjere ein stor forskjell

—  Willy Pedersen

– Ein snakkar med store bokstavar, er meir utolmodig og har mindre overblikk over kor komplisert ein situasjon er. Men når ein vil mane til handling, så kan det vere ein fordel, seier Kjos Fonn.

Ho påpeiker likevel at det største problemet er at det er for få radikale unge menneske som kan drive fram nødvendige samfunnsendringar.

Kjos Fonn reflekterer også over utfordringa med å forstå ein generasjon du ikkje har mykje kontakt med. Ho er samd med Bøhn i at det er patetisk å etterlikne ungdom, men seier det er nokre trekk frå ungdommen som er viktige å lære frå:

– Ungdomstida er leiande for ein individualistisk kultur. Det er mykje fridom og sjølvopptattheit, noko som også passar med eit samfunn kor mange strukturar og hierarki er i oppløysing, seier ho.

.

Framleis pessimist

Trass i trua si på ungdommen, uttrykkjer Kjos Fonn ein viss pessimisme når det gjeld framtidige generasjonar. Ho påpeiker at klimakrisa er ei utfordring som vaksne ikkje har klart å løyse, og dermed kviler håpet på ungdommen. Ho er, som Bøhn, også uroa for at oppdragingskulturen i dag, som fokuserer mykje på å beskytte unge og barn frå alt vondt, kan gjere dei mindre rusta til å handtere framtidige utfordringar.

– Vi har ein oppdragarkultur som handlar mykje om å spegle og validere barna sine kjensler. Dersom det blir meir og meir utrygt i Europa og etter kvart i Norge, så er vi ikkje rusta, seier Kjos Fonn.

Nils Jakob Bakke Nydal

Nils Jakob Bakke Nydal

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kultur