På sosiale medium kan ein skrolle seg gjennom uendelege videoar om kroppsbygging og motivasjon til å trene. Heile 52 prosent av vidaregåandeelevar trenar minst ein gong i veka, ifølgje tal frå Ungdata.
Ein ny studie frå Antidoping Noreg kan fortelje om ein endring av haldning til trening og doping. Anabole steroid til bruk for å byggje musklar og miste vekt er blitt mykje meir akseptert av den norske ungdommen, særleg gutar.
Positive, men vil ikkje bruke
Studiet var gjort gjennom Ungdata, ein nasjonal undersøking som spør ungdom forskjellige spørsmål relatert til helse, sosiale liv og skule.
Den auka bruken av dop av ikkje-atletar skjer parallelt med ein auke av kroppsdysmorfi hjå menn, ifølgje forskningsartikkelen. Medianalderen for bruk av doping ligg på starten til midten av 20-åra.
Unge går meir i treningssenter. I rapporten visar dei til at 16 prosent av åttandeklassingar trente minst ein gong på treningssenter. For ungdom i tredje trinn på vidaregåande var dette heile 52 prosent.
Studiet viser at 18 prosent av unge er positive til doping for å byggje musklar, og 19 prosent var positive til doping for å gå ned i vekt. Overraskande nok var berre 5,6 prosent positive til doping i idrett.
Ved spørsmål om unge faktisk kjem til å bruke doping svarte 5,8 prosent ja til å bruke det for å byggje musklar, 8,1 prosent for å gå ned i vekt, og 3 prosent for idrett.
Frå hårete bryst til definerte musklar
Rundt 70 prosent av unge som trener seier dei trener for å sjå bra ut, viser tal frå SSB og Ungdata-rapporten frå 2022.
– Ein utfordring er at ein ofte kan få eit fokus på utsjånad i staden for helsegevinstane trening har, seier førsteamanuensis ved NTNU, Trine Tetlie Eik-Nes til NRK.
Treningspress og kroppsideal er mykje knytt til film- og popkultur. Toppen av manndom i filmkulturen før i tida var Sean Connery skriv Esquire. Hårete bryst og ein definert kjeve. Dette kroppsidealet endra seg sidan den gong. Eit av største idola som kom etter Connery var Arnold Schwarzenegger.
Skodespelaren, kroppsbyggjaren og tidlegare guvernøren i California er kjend som ein dei store doping brukarane på 80-talet. Han haldt dopingbruken skjult då, men har i seinare prata open om hans store forbruk av anabole steroid.
Superstjerna Dwayne «The Rock“ Johnson spelar mykje på sin eigen kropp i sine filmar, enten ved skjorte-lause scener eller fleksing av musklar
Johnson har sagt sjølv at han brukte steroid når han var ung, og fleire påstår at han framleis brukar det. I dag er ex-wrestlaren verdas dyraste skodespelar til ein verdi av 800 millionar dollar eller 8 milliardar kroner. Han blir ofte sett på som eit forbilde når det kjem til kroppsideal.
---
Anabole steroid
- Anabole steroid er syntetiske variantar av testosteron brukt for å auke muskelmassen, først tatt i bruk i kraftidrettar på 1950- og 60-talet.
- Bruken er forbode i idretten sidan 1975 og ulovleg i mange land, inkludert Norge, på grunn av alvorlege helserisikoar.
- Dei har både muskelbyggande og maskuliniserande effektar, men medfører alvorlege biverknadar som hjartesjukdommar, leverskadar og psykiske problem.
Kjelde: Store Medisinske Leksikon
---
Johnson er kjend for å spele superhelt, og sjølv i teikneseriar har kroppsidealet endra seg. Dei første magasina med supermann visar supermann som ein veltrent atlet, medan i dag er han stor med biceps på størrelse med hovud og skuldermusklar som får han til å sjå ut som ein tortilla chip.
Men brukar superkjendisane steroid?
Mange påstår det. Vox skriv i 2021 om forventningar frå skodespelarar om at dei må ta doping for å byggje større musklar for å selje filmar betre.
Kulturen rundt anabole steroid har endra seg, og når superkjendisane brukar steroid, og er samtidig opne om det, då blir haldningane til fans endra.
– Personen som brukar doping og innrømmer det tenar meir respekt frå meg, enn nokon som insisterer på at han ikkje brukar det og vil at følgarane skal tru at han gjorde ting på den vanskelege måten, sa elitetrenaren Mark Twaight til The Hollywood Reporter allereie i 2013.
Dei skodespelarane som blir mest skulda for bruk av doping er nok Marvelsuperheltane.
50 til 75 prosent av Marvel-skodespelarane bruker anabole steroid eller liknande dop, seier Todd Schroeder, professor i klinisk fysioterapi ved University of Southern California til Vanity Fair.
I det nye studiet om haldningar til doping visar det seg at kvar fjerde gut er positive til bruk av steroid.
– Dopingmiddel for å endre kroppens utsjånad er primært eit problem blant gutar og menn, sjølv om det også førekjem blant jenter. Jentene rapporterer at dei er meir positive til bruk av ulovlege dopingmiddel for å gå ned i vekt, enn gutane er, sier Fredrik Lauritzen, forskningssjef i Antidoping Noreg, til TV2.