Kultur

Zelenskyj-biograf fortel om maktkamp i Ukrainas toppleiing

KRIGEN I UKRAINA: Forsvarssjefen i Ukraina fekk sparken for at ikkje usemja i toppen skulle destabilisere nasjonen ytterlegare. – Zelenskyj er opptatt av at verda skal tru at ukrainsk siger er mogleg, seier journalisten og forfattaren som kom på innsida hos den ukrainske presidenten i krigstid.

– Zelenskyj riggar seg for ein ny militærstrategi, seier Simon Shuster.

Den russisk-fødde amerikanske journalisten og forfattaren har rapportert frå Russland og Ukraina i 17 år, mest for det amerikanske nyhendemagasinet TIME, og har møtt president Volodymyr Zelenskyj fleire gonger både før og etter Russlands invasjon i Ukraina for to år sidan. Shuster kom nyleg ut med boka Spilleren. På innsiden av invasjonen som rystet verden og gjorde Volodymyr Zelenskyj til en leder, som også er omsett til norsk.

– Den ukrainske presidenten snakkar no om «aktivt forsvar». Frontlinja mot dei russiske styrkane er statisk, utan mykje rørsle og store gjennombrot. Den ukrainske hæren utfører i staden mange angrep med dronar og rakettar som kjem djupt inn på russisk territorium, forklarer Shuster til Vårt Land under eit besøk i Oslo.

– Det skal minne russarane på at krigen ikkje er langt unna, men nær dei.

Den nye strategien er annleis enn måten Ukraina forsvarte seg på i fjor, då dei i større grad prøvde å presse russarane tilbake frå ukrainsk jord. Samtidig har våpenindustrien i landet tatt seg kraftig opp. Ukrainarane prøver å bli meir sjølvforsynte med våpen i ein krig som eskalerte kraftig den 24. februar 2022, då Putins styrkar invaderte landet frå fleire kantar. Krigen kan framleis bli langvarig, og den omfattande økonomiske støtta til Ukraina frå Vesten er ikkje er hundre prosent sikker under alle moglege politiske scenario.

– Zelenskyj er likevel svært fokusert på kommunikasjonsstrategien, slik han har vore det heile tida. Han er opptatt av at verda skal tru at ukrainsk siger er mogleg, seier Shuster.

Flyene som Norge skal gi, blir nå klargjort og testet, opplyser Forsvarsdepartementet til NTB. De ønsker fortsatt ikke å oppgi hvor mange fly Ukraina får av Norge. Foto: Javad Parsa / NTB

Har sparka forsvarssjefen

Førre gong han møtte Zelenskyj, i oktober i fjor, eit møte som ikkje står skildra i boka, snakka den ukrainske presidenten om kor vanskeleg og utmattande det var å få folk til å halde oppe trua på at Ukraina framleis har ein sjanse.

– Zelenskyj ønsker å gi folk ein grunn til å tru. Dette er noko av bakgrunnen for den nye krigsstrategien, som skaper dramatiske bilete som går verda rundt.

– Så krigføringa tilpassar seg PR-situasjonen, for å seie det slik?

– Ja. Det heng nøye saman.

Midt i denne strategiendringa kjem også sparkinga av general Valerij Zaluzjnyj, som inntil for tre veker sidan var Ukrainas forsvarssjef. Zaluznyjs krigsstrategi har vore langsam, med vekt på situasjonen mot Krim-halvøya i sør. I november i fjor irriterte han president Zelenskyj ved å seie til The Economist at krigen stod i «patt», ein fastlåst tilstand i sjakk. I Shusters bok kjem det fram korleis det i lang tid har vore gnissingar mellom Zelenskyj og den populære Zaluzjnyj, ei spenning som ikkje blei betre av at folk i krinsen rundt generalen kartla dei politiske sjansane hans.

– Blant Zelenskiyjs folk har det vore ei frykt for at general Zaluzjnyj, om han fekk sparken, skulle begynne å kritisere presidenten og kanskje også starte sitt eige politiske parti. Det ville utgjere ein stor trugsel mot Zelenskyj, ettersom Zaluzjnyj er så populær, seier Shuster.

Zelenskyj ønsker å gi folk ein grunn til å tru

—  Simon Shuster, Zelenskyj-biograf

For å unngå å destabilisere ein nasjon i krig ytterlegare som følgje av ueinighet i toppen, bestemte likevel Zelenskyj seg for at general Zaluzjnyj måtte ofrast. I forkant av sparkinga skal det vere oppnådd ei semje om at dei to ikkje skal gå imot kvarandre offentleg, av omsyn til Ukrainas militære slagkraft.

– Samtidig trur eg ikkje vi har høyrt det siste frå Zaluzjnyj, eller at han vil forsvinne frå det politiske livet i Ukraina. Han er eit ikon, ekstremt populær, og har fått mykje av æra blant folket for å ha berga nasjonen, seier Shuster.

– På grunn av krigen blir det ikkje politiske val i Ukraina denne våren. Men dersom det hadde blitt val, og Zaluzjnyj hadde stilt som presidentkandidat, kunne han faktisk ha slått Zelenskyj?

– Ja, det trur eg. Men Zaluzjnyj sjølv har ikkje sagt at han ønsker å stille.

Han er eit ikon, ekstremt populær, og har fått mykje av æra blant folket for å ha berga nasjonen

—  Simon Shuster, om eks-forsvarssjef Zaluznyj
Søndag og mandag er det gjort funn av avlyttingsutstyr i lokaler knyttet til Ukrainas hærsjef Valerij Zaluzjny og hans stab. Foto: Ukrainas presidentkontor / AP / NTB.

– Entertainer-bakgrunnen har stått sentralt

Zelenskyj sjølv har gått frå å beundre generalane sine, og primært spørje dei kva dei trong av han, til å ta fleire militære avgjerder sjølv. Den ukrainske presidenten bestemte til dømes, mot råda til dei militære leiarane sine, at landet skulle gå inn i byen Kharkiv og ta han att frå russarane.

– Zelenskyj meinte at folk ønsker å ta parti for vinnaren, og han fekk rett: Ukraina fekk fleire våpen og meir finansiell støtte etter motangrepet, seier Shuster.

I den ferske boka si skriv Shuster mykje om Zelenskyjs veg frå komikarrolla til presidentstolen og korleis entertainer-bakgrunnen har hjelpt han i rolla som president for eit land i krig.

– Eigenskapane hans som showmann stod sentralt både då han vann presidentvalet i 2019 og når han er blitt ein leiar i krigstid. Zelenskyj forstod tidleg at han trong å vinne støtte ikkje berre hos utanlandske leiarar, men også blant folket, som ville gjere det vanskelegare for leiarane å snu seg bort frå Ukraina. Vinn du folket, vinn du leiarane, seier Shuster.

Direkte kommunikasjon gjennom talar, fjernsyn, sosial medier, videolink har vore viktig for Zelenskyj heile vegen. Den ukrainske presidenten har også vore flink til å snakke med influensarar som ikkje er politikarar, men som har opinionsmakt.

– Han har vore flink til å få folk til å heie på han sjølv som «the good guy». Beskjeden har vore at Ukrainas kamp også er alle andre land sin kamp. Han har kommunisert dette på ein effektiv måte, og klart å halde interessa for krigen i Ukraina oppe, seier Shuster.

Eigenskapane hans som showmann stod sentralt både då han vann presidentvalet i 2019 og når han er blitt ein leiar i krigstid.

—  Simon Shuster, om Zelenskyj

– Krigen i Ukraina blir påverka av krigen i Gaza

To år etter den russiske invasjonen i 2022, vågar ikkje Shuster å seie noko om kor lenge krigen kjem til å vare. Ting tyder likevel på at det framleis kan ta år. Også sentrale stemmer i det ukrainske militæret ser for seg at eventuelle våpenkvilar berre blir midlertidige. Shuster ser på boka si som eit bidrag til å sjå dei lange linjene i konflikten, minne folk på kvifor dei støtta Zelenskyj frå starten og hindre dei i å «byte kanal» som følgje av dalande interesse for krigen.

– Korleis påverkar krigen i Gaza krigen i Ukraina?

– I stor grad! Då eg møtte Zelenskyj to veker etter Hamas’ angrep den 7. oktober, var han svært bekymra over at Ukraina hadde falle nedover på agenden internasjonalt. Han meinte at Israel og krigen i Gaza fortente verdas merksemd, men hadde allereie merka at våpenstøtta til Ukraina gjekk kraftig ned. Utfordringa er stor. Samtidig er oppfatninga mi at Ukraina etter kvart har kome tilbake i sentrum for den internasjonale merksemda, seier Shuster.

– Zelenskyj er sjølv jødisk. Kor viktig er denne identiteten for han?

– Den jødiske identiteten er viktig, sjølv om Zelenskyj ikkje er religiøs. Eg var til dømes overraska over kor viktig det var for han å vinne og halde oppe Israels støtte. Det var ikkje berre politisk og strategisk, men personleg.

Simon Shuster

Ser den russisk-ortodokse kyrkja som ein trugsel

Sjølv om Zelenskyj har vidareført det jødiske, men sekulære livssynet til familien han vaks opp i, har han tatt fleire religionspolitiske grep som ukrainsk president. Det kanskje mest oppsiktvekkande var kanskje då Ukraina gjekk over til å feire 1. juledag den 25. desember – som i Vesten – i staden for den 7. januar, som er vanleg i den ortodokse kyrkja. Dette var eit ledd i å distansere seg frå den russisk-ortodokse kyrkja, meiner Shuster.

– Forgjengaren hans, Porosjenko, starta prosessen med å dytte bort og svekke den russisk-ortodokse kyrkja blant anna ved å ta frå dei landområde. Zelenskyj heldt i starten av presidentgjerninga ikkje fram med dette, men begynte etter den russiske invasjonen å sjå på den russisk-ortodokse kyrkja som ei forlenging av Kremls makt og som eit verktøy i informasjonskrigen. Dermed tok han endå meir aggressive steg enn Porosjenko, seier Shuster.

Somme av Zelenskyjs nære medarbeidarar har ønskt å la den russisk-ortodokse kyrkja vere i fred. Det er ikkje forbode å besøke dei russisk-ortodokse kyrkjene i Ukraina, som heller ikkje er stengde. Men makta til kyrkja er sterkt redusert.

– Zelenskyj ser den russiske-ortodokse kyrkja som er trugsel og har ikkje mykje tolmod med dei som vil forsvare kyrkja og russisk-ortodokse kristne.

Ei av dei mest omtalte sakene er då Zelenskyj tok kontrollen over eit symbolsk viktig kloster i Kyiv, det såkalla Grotteklosteret, som blei etablert i 1015 og er ein viktig historisk stad i den ortodokse kristendommen.

– Zelenskyj ser på den russisk-ortodokse kyrkja som eit våpen russarane brukar mot ukrainske hjarte og sinn, seier Simon Shuster.

– Difor kjempar han mot denne kyrkja.

---

Krigen i Ukraina

  • 24. februar 2022 starta Russland med ein fullskala invasjon av Ukraina. Det er to år sidan på laurdag
  • Konflikten er ikkje ny. I 2014 tok Russland kontroll over Krym-halvøya, som Ukraina ønsker å få tilbake saman med dei nye områda russarane har gått inn i
  • Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj blei kjent over heile verda for motstandskrafta han viste mot den russiske invasjonen
  • Journalisten og forfattaren Simon Shuster er aktuell med boka Spilleren. På innsiden av invasjonen som rystet verden og gjorde Volodymyr Zelenskyj til en leder (Cappelen Damm)

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur